27.05.2022
Strand kvinneforeining, nær Dale i Sunnfjord, vart skipa i 1896, og har vore i gang heile tida gjennom 125 år! Båtbyggar Ole Andreas Halsnes tok imot utfordringa frå Det Norske Misjonsselskap, og var sjølv leiar og med på alle møta til sonen Per Halsnes overtok leiarvervet. Han møtte og trufast opp på alle møta så lenge han levde, også etter at svigerdotter Ragnhild Tveit Halsnes hadde ansvaret i omlag 40 år. Dei møttest på dagtid kvar månad rundt om i heimane, og ein gong i året på skulehuset på Strand. Då ba dei bygda inn til offermøte og fest, helst med talar frå NMS, god mat og mykje song.
Les mer