Gi en gave
Meny
Last ned

Øye og Ranes tenkte seg godt om før dei bestemte seg for Midt-Austen

Øye og Ranes tenkte seg godt om før dei bestemte seg for Midt-Austen. Dette er både eit spanande og uroleg område. Arbeidet med TV-kanalen SAT-7 er eit viktig satsingsområde.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Onsdag 19. februar hadde eg den store glede å få underteikne ein ny kyrkjelydsavtale med Øye og Ranes kyrkjelyd med Fokus Midt-Austen. Alle kyrkjelydane i Surnadal har hatt avtale med NMS og Etiopia. Dei andre vil fortsette med Etiopia. Øye og Ranes har tenkt seg godt om før dei bestemte seg for Midt-Austen. Dette er både eit spanande og uroleg område. Arbeidet med TV-kanalen SAT-7 er eit viktig satsingsområde. TV-signala når inn over alt, også i flyktningeleirane.

Avgjerda var allereie teken om at kyrkjelyden ville satse på Midt-Austen. Etter ei orientering var det derfor klart til å underteikne avtalen. Soknerådsleiar Maret Heggset skreiv under for kyrkelyden, og Arne Drøpping skreiv under for NMS. Soknerådet var elles vitne til det som skjedde. I bakgrunnen ser vi sokneprest Vidar Rygh. Han var med på ei reise til Egypt arrangert av Møre bispedøme i haust. Han har difor mykje å bidra med frå talarstolen og i andre samanhengar i tida som kjem. Avtalen gjeld for 4 år frå 1. januar 2020.

Maret Heggset skreiv under for kyrkelyden og Arne Drøpping skreiv under for NMS. I bakgrunnen ser vi sokneprest Vidar Rygh

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp