Niesa mi byrja i 1. klasse dette skuleåret å gleda seg til det og til å få lekser. Ein gang var leksa å ta med heim ein bamse som gjekk på rundgang i klassa, og skrive om kva dei gjorde ilag. Lett og enkel lekse.
Dette blogginnlegget er skriven av Marie Fløtre Dahl som er på utveksling i Hong Kong gjennom Connect – NMS sitt utvekslingsprogram for unge voksne i alderen 19-25 år ved Hald internasjonale skole.
I den norske barneskulen er det mykje fokus på leik òg læring. Ikkje alle elevane lærer seg å lese og skrive i 1. klasse, men det er heilt greitt. I Hong Kong er forventingane annleis til ein 1. klassing.
Leksehjelp
To dagar i veka er eg med på leksehjelp i kyrkja eg er utplassert i. Der hjelper eg hovudsakleg barneskuleelver med engelsklekser. Det har vert interessant og ein kontrast frå Norge.
Ein seksåring kan sitte å gjer lekser i to timar. Sjølvsagt er det barnet trøtt og lei etter ein lang skuledag, og skulle aller helst ha gjort andre ting som å leike. Men det er det lite tid til. For lekser må komme først. Om det ikkje var nok med lekser og prøver, er det også ikkje godt nok før du har fått 100% riktig eller A i karakter. Det er fleire faktorar til kvifor det er mykje press på barn og unge i Hong Kong. Og det er ikkje berre dei unge som kjenner på det. Vaksne kjenner også på eit press frå kollegar, sjefen og dei som står dei nær.
Samanlikningar
I Hong Kong er det veldig mykje samanlikning. Då eg kom til Hong Kong i oktober var det to ting eg fekk beskjed om å ikkje spørje folk om – kor gamle dei er og kva dei har i inntekt. Fordi folk samanliknar inntektene sine med kvarandre. Det same kan eg sjå i skulen. Det er veldig mykje samanlikning om kven som har mest riktig på leksa eller prøva. Forventingane og presset kjem som oftast frå foreldra som krev at dei skal gjere det best. Foreldra har ein god del å sei for barnet sitt liv her, om dei vil at du skal bli advokat, så er det du blir.
Mental helse
Med alt dette presset og forventingar frå foreldra, skule og samfunnet blir også den mentale helsa dårleg. I altfor tideleg alder. Dessverre er sjølvmordsstatikken her høg óg heilt ned i 12-årsalderen. I 2023 var det 24 stykker under 15 år som tok sitt eige liv. Blant dei unge er ofte grunnen relatert til problem i heimen og/eller skule.
Så kva kan eg bidra med for at barn og unge skal få det betre? Det viktigaste eg gjer i møte med barna er å fortelje dei kor god dei er – for det er dei. Ein 1. klassing her ligg langt forran ein 1. klassing i Norge. Men ikkje berre kor god dei er i skulearbeid, også som menneske. Eg hjelper dei med leksene der eg kan og stiller ikkje noko meir krav når dei er ferdig. For krav har dei nok av. Eg tuller og tøyser med dei litt i det skjulte og gir dei rom for å vere eit barn. Eg er nok ikkje er den som gir dei mest fagleg læring, men mest latter.
Heilt i byrjinga av opphaldet mitt las eg eit bibelvers i Matteus 16, 27:
«Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?».
Det har eg båre med meg gjennom desse månadane eg har vert her. Eg føler litt at «mannen i gata» jagar etter å vinna status og rikdom, men mister seg sjølv i det. Er det då verdt det? Men det gjeld ikkje berre dei som bur i Hong Kong. Det gjeld også nordmenn. Det blir meir og meir press og forventingar til oss også. Nyutdanna studentar som søker på 60-70 jobbar utan å få eit lite napp. Har vi då blitt eit samfunn der ei masterutdanning ikkje er godt nok?