Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned

På denne bloggen vil du finna glimt og notisar frå NMS-tilsette som er knytta til arbeidet i Midtausten og Nord-Afrika. I tillegg vil det også bli formidla direkte frå våre partnarar om arbeidet NMS er med på i den regionen, og dette vil vera på norsk og engelsk.

Basma tok krossen sin opp

For nokre dagar sidan fekk eg høyra at Basma er død. Ho arbeidde i Middle East Media, delte trua si med mange, og var med og bygde opp eit viktig mediearbeid på den arabiske halvøya. Basma var ei kvinne som tok opp krossen sin, og som fylgde etter Jesus, sjølv om det innebar mange personlege offer.

Basma vaks opp i ein godt utdanna muslimsk familie i eit land i Nord-Afrika. Mora lærte henne tidleg å seia «nei», og stilla spørsmål ved alt ho ikkje var overtydd om. Farens visdom lærte henne å bruka alle sansane når ho lærte og studerte. Dette var nyttig kvar veke, då ein religiøs mann kom heim til dei for å gi opplæring i trua. Ein dag sa han til Basma: «Når du døyr, blir det så trangt i grava at ribbeina dine blir knust, og de kjem alle til å enda opp i fortapinga.»

Basma såg for seg dette, og reagerte umiddelbart:

«Nei, nei, nei, eg vil ikkje at det skal skje med meg.»

Mor henner prøvde å trøysta henne:

«Om du gjer gode gjerningar så Gud blir fornøgd, kjem han til å visa meir miskunn enn nokon andre.»

Men Basma visste frå Koranen at Gud også kunne vera lur og hevngjerrig, og til meir ho lærte, til reddare blei ho.

Basma hadde lært at Bibelen var blitt forandra og ikkje var til å stola på. Likevel var ho nysgjerrig på Jesus, så ho brukte fem år på å studera Bibelen, og til slutt tok ho imot trua på Jesus som Herre og Frelsar. No var ho ikkje lenger redd for Gud. Etter at ho blei døypt, kjente ho på fred og tryggleik, og ho følte at Gud var nær. Enno visste ho ikkje kva det skulle bety for henne og familien hennar at ho hadde valt eit nytt liv med Kristus.

På denne tida var Basma gift. Mannen hennar var imam i moskeen, og dei hadde tre små born – to døtre og ein son. I det ytre praktiserte ho islam, og i all hemmelighet delte ho trua si med andre i slekta. Men då fem av dei hadde blitt kristne, blei ho oppdaga. Mannen hennar og familien hans slo henne og planla å drepa henne, så ho måtte flykta både frå landet og dei tre borna sine. Hjarta hennar var knust, men Kristus blei hennar beste venn i tida som kom.

Basma fekk ein ny heim i Persiagolfen på den arabiske halvøya. Mange år seinare gifta ho seg med ein som delte trua hennar. Ho møtte folk frå MEM (Middle East Media), og fekk hjelp både til å komma gjennom alt det vonde og vanskelege ho hadde opplevd, og til å få ny jobb. Hos MEM fekk Basma åndeleg vegleiing, og opplæring i massemedia. Ho brukte evnene sine, særleg innan videoproduksjon, til å dela trua si meir og meir.

Så ein dag, fleire år seinare, fekk ho ei melding på Facebook frå sonen. Han hadde ikkje lov til å kontakta henne, og var med i ei radikal islamsk gruppe, og likte ikkje dei kristne, men han hadde behov for å vita kvifor mora hadde måtta reisa. Ho klarte å få til å møta sonen, og like etterpå blei han også kristen. Då slo faren han så hardt at han blei liggande i koma lenge. Han også opplevde mykje vondt, og havna i fengsel på grunn av trua si, men no er han ute, og har delt trua si på Jesus med andre. Både han og den eine søstera flytta til byen der mora budde.

Eksmannen og familien hans gjorde det dei kunne for å hevna seg endå meir. Sonen og dottera som hadde tatt imot Jesus, fekk falske skuldingar mot seg, og havna i fengsel. Der fekk dei det veldig vanskeleg, og Basma følte seg overvelda av motløyse. Men ho bad trufast om at borna ikkje måtte gi opp den kristne trua si.

Då dei slapp ut, la Basma ut på ei farleg reise heim til dei. Då dei møtte, sa dottera Layla:

«Då eg vart døypt før dei sette ut skuldingar mot meg, kjente eg Jesus på ein måte, men i fengselet møtte han meg og viste kjærleik mot meg. Han var der med meg kvar stund og kvar dag. Nokon bibel hadde eg ikkje, heller ingen songar å lytta til, men hans Ånd inni meg var nok.»

Sonen hadde også blitt trøysta og hatt fred og glede medan han var fengsla.

Tilbake på den arabiske halvøya heldt Basma fram med å arbeida for MEM og dela evangeliet gjennom ein plattform på sosiale media for isolerte kvinner i Golfen.

For eit par år sidan fekk Basma kreft, og den siste tida har vore vanskeleg. Heilt til det siste var ho aktivt med og delte trua på Jesus gjennom massemedia, og fekk leda mange til Jesus, særleg kvinner på den arabiske halvøya. Basma sitt jordiske liv tok slutt, men livet med Jesus, det tar aldri slutt. Basma tok krossen sin opp og fylgde Jesus heile livet.

Les innlegget →

Vil bygge fred i hjertene

«Jeg følte meg lammet da jeg fikk vite at en kirke i Det hellige land, hvor tusenvis av fordrevne familier gjemte seg, hadde blitt bombet».

Jeg har også sett videoer av barn under ruiner, fedre som bærer sine døde barn og mødre som ber om hjelp til å mate barna sine. Det har vært for mye for en mors hjerte å takle.

Min mor forteller at under krigen i Libanon på 1990-tallet, ville barna gjemme seg i kirken og fant trøst i å be sammen og synge til Jesus. Kanskje barna i den bombede kirken var samlet om Jesus, sang og reflekterte over Hans kjærlige nåde og beskyttelse.

Jeg kunne ikke skjule den dype smerten for sønnen min. Jeg har lest om hvordan man skal dele slike nyheter med barna våre uten å skremme dem, samtidig som vi lærer dem å ha medfølelse og be. Dette gjorde jeg, og Noah tegnet et hus hvor små barn gjemte seg, der demoner på den ene siden forsøkte å skade dem og Guds engler på den andre siden kjempet mot demonene, og Den hellige ånd beskyttet huset slik at barna var trygge.

Gud minnet meg gjennom Noah på at Han er suveren, en kjærlig Far som vi kan løpe til for fred. Siden den dagen har jeg sett ting annerledes. Jeg fortsetter å sørge med de som sørger over uskyldige barn. Men jeg bringer også min frykt og mine spørsmål til Gud og går i forbønn for familiene som er fanget i konflikten. Gud har på ny tent min lidenskap for Hans lidende folk i regionen og minnet meg på at Han har plassert meg her for å være nær dem og føle deres smerte og frykt.

Gud har gitt SAT-7 en gyllen mulighet til å bringe lys og håp i disse prøvelsens tider. Som målgruppeansvarlig for våre arabisktalende kanaler leser jeg mange meldinger fra seere i Det hellige land, som uttrykker sin frykt, men også sin følelse av Guds nærvær. En mor sa: “Vi er låst inne, hjemme med barna våre, skremt av lyden av bombing. Takk for at dere ber for oss; vi føler oss ikke alene.»

Etter at konflikten begynte, startet vi et ukentlig live-show på vår SAT-7 ARABIC-kanal der kirkeledere fra ulike trossamfunn leder i bønn om fred og helbredelse. Seerne oppmuntres til å se det kristne mindretallet komme sammen. Et annet program, «Du er ikke alene», dekker aktuelle hendelser og gir en stemme til de sårbare og marginaliserte. Her intervjues kirkeledere fra Det hellige land samt mennesker på bakken, inkludert noen i flyktningleirer.

På vår SAT-7 KIDS-kanal ber programlederne for barna og deler bibelfortellinger. Sally, en jente med spesielle behov, sendte oss følgende melding: «Det er en veldig skremmende situasjon. Jeg ber konstant, og det som trøster meg, er å vite at Gud er med oss gjennom alt.»

Gud har på nytt minnet meg på Hans kall til å være en stemme for de stemmeløse. Han har gitt meg muligheten til å være vert for et nytt live-program kalt «Min Livsreise», med arabisk-kristne influensere og kjendiser som deler sine livshistorier og fremhever hvordan deres tro på Gud har holdt dem gående i vanskelige tider.

Våre SAT-7-programmer søker å demonstrere Guds godhet midt i de vanskelighetene folk i Midtøsten og Nord-Afrika står overfor. Vi ønsker å rette folks oppmerksomhet mot Jesus,

Fredsfyrsten, og hans konstante nærvær i livene våre. En seer fra en bønnetjeneste i Det hellige land sendte oss en hjertevarmende video av unge mennesker som lovpriser høyt og går i forbønn for landet sitt, og sier: «Vi samles hver dag, forenes i bønn, tilbedelse, og forbønn foran Herren. Takk for deres bønner.»

«Lyset skinner i mørket, og mørket har ikke overvunnet det» (Johannes 1:5). Vi, Guds barn, er Hans lys, som skinner i Midtøsten og Nord-Afrika og representerer Guds kjærlighet og fred. Jeg tror at det å dele Jesus, gjennom mitt liv og de mange programmene som SAT-7 produserer, vil bidra til å bygge fred i hjertene til fedre, mødre og barn i hele regionen.

Les innlegget →

Gløymde kriser i Midtausten

Krigen i Gaza er grusom, og har naturleg nok verda si merksemd. Men det må ikkje føra til at me gløymer dei andre krisene i Midtausten. Lokale kyrkjer i fleire land gjer mykje for å ta imot flyktningar. I Libanon samarbeider NMS med egyptiske misjonærar og ein lokal kyrkjelyd for å hjelpa syriske flyktningar.

Verda var i ferd med å gløyma Palestinarane. Saudi-Arabia og Israel var godt i gang med fredsforhandlingar. Så slo Hamas til med det grusomme angrepet inne i Israel den 7. oktober. Dei første dagane viste heile den vestlege verda sympati med Israel, men me visste korleis det ville gå: Israel måtte slå tilbake. Det ville bli ein stygg krig med mange uskuldige offer. Så blei det endå styggare enn nokon hadde forestilt seg. Ein grusom krig med tusenvis av offer og eit heilt folk fordrive frå heimane sine. Denne artikkelen skal ikkje handla om Gaza, men om dei andre konfliktane som no er gløymde.

Kven som har overtaket i krigen på bakken, mellom Israel og Hamas, er tydeleg, men krigen om verda sin sympati er det folket i Gaza som har vunne. Slik sett brukar Hamas den same strategien som PLO brukte på 1970-talet, då dei brukte terror og flykapringar for å få merksemd for saka til det palestinske folket. Folket i Gaza lir, men Hamas har nok lukkast med strategien sin.

Så til dei grader har dei lukkast, at verda gløymer andre kriser og krigar. Krigen mellom Ukraina og Russland er ikkje lenger førstesidestoff, når frontane mellom dei to landa ser ut til å vera fastlåste, og støtten frå Vesten ser ut til å tørka ut. Men også i Midtausten er det fleire kriser som verda har gløymt, og som framleis inneber eit vedvarande flyktningproblem. Krigen i Yemen, mellom den shiamuslimske houthi-militsen alliert med Iran, og regjeringsstyrkane som er støtta av Saudi-Arabia, har påført folket på sørspissen av den arabiske halvøya ufattelege lidingar sidan konflikten blussa opp igjen for ti år sidan. Borgarkrigen i Sudan har vart mykje kortare, men har ført til ein stor flyktningstraum ut av landet. Kyrkjene i Midtausten spelar ei viktig rolle i å ta imot flyktningane, og NMS støttar no eit prosjekt i Libanon som gir ei hjelpande hand til syriske flyktningar.

Syriske flyktningar i Libanon

Sidan borgarkrigen i Syria starta i 2011, har Libanon tatt imot minst halvannan million syriske flyktningar. Det er svært mykje for eit land med like mange menneske som Norge, men som med sine 10452 kvadratkilometer ikkje er stort større enn Rogaland fylke. Då den moderne staten blei etablert i 1920 i kjølvatnet av første verdskrigen, hadde landet eit kristent fleirtal. I dag er dei demografiske tilhøva endra, men religon spelar framleis ei viktig rolle i politikken, og dannar bakgrunn for borgarkrigen som starta i 1975, etter at PLO hadde etablert seg i Sør-Libanon og forårsaka sterke spenningar mellom ulike folkegrupper i landet.

Det er Bekaa-dalen aust i Libanon som har flest syriske flyktningar samanlikna med folketalet. Der utgjer flyktningane nesten 40% av all innbyggarane. Naturleg nok skapar dette gnisningar mellom libanesarar og flyktningar, sjølv om mange har same religiøs bakgrunn. Syrarane er lite populære i Libanon, sidan Syria okkuperte landet i mange år. Dessverre er ikkje alle kyrkjeleiarane heller like imøtekommande. Den maronittiske (katolske) patriarken Bechara Boutros al-Rai bad t.d. politikarane sørga for å senda dei tilbake. Sist påske sa han i ein tale at dei syriske flyktningane «tappar statens ressursar, forstyrrer den sosiale tryggleiken og konkurrerer med libanesarane om levebrødet». Men ein del lokale kyrkjer prøver å ta imot flyktningane og hjelpa dei til å finna seg til rette i samfunnet. Med utgangspunkt i ei av desse kyrkjene i Bekaa-dalen arbeider to egyptiske misjonærar. Dei er sendt til Libanon av misjonsorganisasjonen Jossour («Bruer»). Dette er ein organisasjon med tilknytning til Puente i Barcelona («Puente» tyder «bru» på spansk).

Puente

Mange i NMS kjenner til kultursenteret Puente i Barcelona, det kristne arbeidet mellom arabiske innvandrarar i Spania. Frå og med 2024 blir arbeidet i Barcelona formelt overført frå NMS sin seksjon Vest-Afrika og Midtausten til Europa og Brasil. Men dei egyptiske misjonærane som driv dette arbeidet er med i eit større misjonsnettverk som driv arbeid i andre land, og frå 2024 vil altså NMS gi støtte til eit liknande prosjekt i Libanon.

I samarbeid med ei lokal evangelisk kyrkje driv dei egyptiske misjonærane eit senter for ungdommar. Dette er eit viktig tilbod for ungdommar frå flyktningfamiliar, særleg for jenter, som føler seg som ei bør for familiane sine. Foreldrene er ofte opptatt av å få gifta dei vekk så snart som mogleg. På senteret får dei til dømes læra seg å sy, slik at dei kan få ei inntekt for familien. I møte med dei kristne som driv dette arbeidet, får dei også oppleva Guds kjærleik.

Les innlegget →

Refleksjonar om konflikten i Gaza

Korleis kan kristne tenka om det som no skjer i Gaza? Dr Terence Ascott, grunnleggaren av Sat-7 og tidlegare styreleiar i Middle East Media, har budd i Midtausten i fleire tiår og kjenner tilhøva godt. Her deler han tankane sine om dette vanskelege emnet med oss:

Hamas sine grusomme drap og bortføringar av hundrevis av israelarar den 7. oktober kan ikkje på nokon måte forsvarast. Men kvifor det hende, det er forståeleg og føreseieleg om me tenkjer på dei siste femti åra med konflikt, og okkupasjonen og konfiskeringa av palestinsk land, heimar og forretningar, noko som er blitt ignorert så lenge.

Sameleis kan me forstå at israelarane reagerer med sinne på dei skrekkelege hendingane den 7. oktober. Likevel kan ikkje Israel sitt svar forsvarast. Israelske luftangrep har drepe og såra tusenvis av born, i tillegg til alle andre sivile, inkludert kvinner. Om ikkje forsyningar av vatn, mat, medisin, elektrisitet og drivstoff blir brakt inn raskt, og om det ikkje blir ein slutt på bombinga, vil mange, mange fleire sivile døy – menn, kvinner og born.

Dagens situasjon er ei kollektiv avstraffing av 2,3 millionar palestinarar. Mange av dei var allereie flyktningar og budde i leirar i Gaza. La oss vera tydelege: Dette er, som mange av verdas leiarar har sagt, eit krigsbrot.

Og kor er det håp om ein slutt på denne valden, når begge sider vil ha hevn – og vil ha eit hovud for eit auge, ein arm for ein finger? Held denne spiralen fram, vil det berre bli meir død, smerte og tap … og endå meir sinne, som i sin tur fører til fleire terrorhandlingar og nye terrororganisasjonar.

Det kan ikkje bli fred for Israel eller for deira okkuperte palestinske område før det er ein rettferdig og gjennomgripande avtale om å etablera ein uavhengig palestinsk stat.

Jesus var fødd i det okkuperte Palestina!

Det kan vera ei betimeleg påminning for oss å reflektera over det faktum at Jesus var fødd i det okkuperte Palestina, i Betlehem på den okkuperte Vestbreidda – der Jødar levde under romersk okkupasjon og ofte opplevde urettferd og brutal kollektiv avstraffing. Det var den romeske okkupasjonsmakta som til slutt skulle piska, slå og krossfesta Jesus.

Dei fleste av oss gløymer dette når me les det Jesus lærte oss:

–        Elsk din neste som deg sjølv (Mt 19:19 og 22:39; Mark 12,31 og Lk 10,27)

–        Elsk fiendane dykkar og be for dei som forfølgjer dykk (Matt 5,44)

Verkeleg? Korleis kunne Jesus seia noko slikt når landet hans var under militær okkupasjon og undertrykt av framande? Elska romarane? Elska romerske soldatar? Gjera godt mot dei? Gå ei ekstra mil for å hjelpa dei? Gi dei skjorta også, om dei ber om å få kappa di?

I ein slik kontekst, kan det Jesus seier, berre omtalast av jødiske nasjonalistar som forræderi! Kan me sjå kor radikal Jesu lære var, og kor relevant den er i dag? Og det er messianske og palestinske kristne i dag som prøver å leva ut Jesu lære i denne urolege delen av verda.

Kva gjer me med sinnet vårt?

Sjølvsagt er folk sinte, og med god grunn, på grunn av det som skjer i det såkalla Heilage Landet. Jesus var også sint på korrupsjon og urettferd – til den grad at han med vald velta borda til pengevekslarane i tempelet.

Men sinnet vårt mot urettferda må ikkje føra oss inn i synd, inn i hat og ønske om hemn. Til og med den 85 år gamle kvinna som nyleg blei frigitt av Hamas sa til pressa etterpå at «hat er ikkje svaret». Me er kalla til å hata synda men elska syndaren!

Dei seier at det første offeret i krig, er sanninga. Me treng å innsjå at begge sider i den pågåande konflikten kjempar for hjarte og tanke internasjonalt. Sjølvagt har den israelske staten og den jødiske lobbyen i Nord-Amerika enorme ressursar og brukar dei til å kjøpa alle mulig PR i media, medan palestinarane i Gaza ikkje ein gong har skikkeleg internett-tilgang, og ingen internasjonale nyhetsbyrå har fått tilgang til enklaven.

På grunn av dette må me vera svært forsiktige. Til dømes, kvifor seier alle at bombinga av ein overfylt landsbykafe i Ukraina er eit krigsbrot, medan bombing av sjukehus, skular og kyrkjer i Gaza blir unnskyldt med at «Israel forsvarar seg sjølv»? Før kvart folkemord i historia har alltid offera blitt dehumaniserte. I Nazi-Tyskland før krigen var det jødane som var slike offer. I dag er det palestinarane, og den kollektive avstraffinga me ser i Gaza blir fort ei form for folkemord.

Sinne, skuffelse og ønske om hemn (særleg i ærekulturane i Midtausten) er normale svar på den smerten og lidinga me ser på begge sider av denne konflikten. Men som truande og som etterfølgarar av vår Herre Jesus Kristus, er me kalla til å reagera annleis.

Galatarane 5,22 fortel oss at «Andens frukt i våre liv er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot!»

Dette er vår modell for korleis me skal leva i slike tider.

Korleis kan me be for denne situasjonen?

1.     La oss be om at Gud vil vera nær og openberra seg for dei som sørgjer, er såra og vansira, og som sørger over å ha mista sine kjære.

2.     At Jesu radikale lære om kjærleik og tilgjeving vil bli godt mottatt av alle; og at truande med arabisk og jødisk bakgrunn må ha visdom, mot og høve til å tala inn i situasjonen.

3.     At folk overalt som står opp for sanning og rettferd, må bli høyrde, og ikkje bli sensurerte.

4.     At den globale agendaen ikkje berre vil fokusera på å få ein slutt på valden og dei umiddelbare humanitære behova, men sjå dette som eit vekkarrop for å gå til rota av den pågåande valden, og prøva å finna ei rettferdig og langsiktig løysing på Israel-Palestina-konflikten.

Les innlegget →
Flere blogginnlegg

Følg
bloggen

Få varsel om nye blogginnlegg på e-post.


Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp