Gi en gave
Meny

Kjeldsund nytt

Foto: Laila Karin T. Helle Last ned
For om lag 30 år sidan kom den vesle hyttebyen ved sjøkanten til glede og nytte både for leirdeltakarar og gjester. Dei seinare åra har fleire av dei vore mykje utleigde til langtidsbuande skipsarbeidarar. Og etter 30 års bruk er det no tid for ei viss oppgradering.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Kjære Kjeldsundvener!

Det er kanskje ei stund sidan du var på leir eller anna arrangement her på Kjeldsund.

For om lag 30 år sidan kom den vesle hyttebyen ved sjøkanten, til glede og nytte både for leirdeltakarar og gjester. Dei seinare åra har fleire av dei vore mykje utleigde til langtidsbuande skipsarbeidarar. Og etter 30 års bruk er det no tid for ei viss oppgradering.

Ei av NMS-foreiningane i Ulsteinvik tok utfordringa og er i bresjen for oppussing og maling. Etterkvart har fleire kome til som medhjelparar.

No viser det seg at eit par av hyttekjøkena er modne for utskifting om det skal vere hyggelig å leige hyttene. Vi venter på eit pristilbod på dette.

Hyttene på Kjeldsund

Ikkje alle har anledning til å stille på dugnad i hyttene, derfor er vi så frimodige å be om ei gåve som kan vere med å dekkje litt av materialkostnadane til dette oppussingsprosjektet. Kjeldsund leirstad er fortsatt ein populær og ynda plass av mange. Mange er med i andre dugnadsgrupper for plassen. Her er nok å henge fingrane i, og så er det veldig kjekt å sjå dei fine resultata.

Vil du vere med på dette i form av økonomisk støtte, så kan du vippse til; 656336:gave,oppussing av hytter

Eller: Kontonr.: 8220 02 85057. Gåve til Kjeldsund -drift, prosjektnr. 307202

 

Kjeldsund info

 

Med venleg helsing

Laila Lillebø Endresen            Mona Kleven                Eli Kristin Moltu

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp