Gi en gave
Meny
Foto: Kristin Wallem Dahl Last ned

NMSU + Followme

– Pandemien sette ein stoppar for leirarbeidet i 2021. Det ga meir tid til å tenke ut nye måtar å nå dagens unge på, seier Stig Sunde i NMSU. I 2021 slo dei seg saman med Followme.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Denne artikkelen står på trykk i den nyeste utgaven av MT Misjonstidende, som også inneholder årbok for 2021. Denne artikkelen omtaler NMSU sitt arbeid i 2021.

– Vi innsåg at vi jobba for det same: Å styrke ungdomsarbeidet i Den norske kyrkja (DNK). Kvifor ikkje slå saman kreftene?

På kvar sin kant har dei to organisasjonane kjent på konkurransen frå mylderet av freistande fritidstilbod, skjerm, prestasjonspress og eit samfunn som gir lite rom for eksistensielle spørsmål. No skal NMSU og Followme saman «sjå, samle og styrke ungdom i DNK til å dele tru, tid, ting og talent.»

Followme

– Followme er eit nettverk som følger opp ungdomsleiarar frå 15–25–år ved å samle dei i lokale grupper som også møtast til større arrangement, forklarer NMSU–leiaren som trur Followme vil styrke NMSU i sitt arbeid med leir, kyrkjemiddagar, leiartrening og utveksling.

– Ikkje minst gir den tilbod etter konfirmasjonsalder, noko som har vore ei nøtt, seier han.

Followme har i dag 20 grupper innanfor DNK som samlast til arrangementa Spark på hausten og ein sommarkonferanse.

– Denne nettverksbaserte måten å jobbe på har gitt gode resultat i sekulariserte England, og vi trur dette er vegen å gå i Noreg og.

Konfirmantar og integrering

– I 2021 jobba vi også med ei satsing på konfirmasjonsleir. 2022 blir året for å setje dette ut i livet, fortset Sunde og legg til at fleire og fleire kyrkjer ønskjer å samarbeide med NMSU.

Ein annan ny samarbeidspartnar er Kristent Internasjonalt Arbeid (KIA) som jobbar med integrering fleire stader i Noreg.

– I 2021 arrangerte KIA og NMSU to stappfulle leirar på NMS-leirstadane Mjuklia og Havglimt. Opp mot 90 var samla, og vi har stor tru på at samarbeidet vil fortsette. Unge migrantar har nye venskap høgt oppe på ønskelista. Leir er ein unik sjanse til å bygge bruer.

NMS og NMSU

Dei sterke banda til Followme, DNK og KIA betyr ikkje at NMSU fjernar seg frå NMS, forsikrar Sunde.

Stig Sunde, daglig leder i NMSU. Foto: Helene Reite Uglem

– Vi er NMS sin barne- og ungdoms-organisasjon og fokuserer mykje på korleis neste generasjon kan bli engasjert gjennom NMS. Det er behov for å sjå på korleis tidlegare utvekslingsstudentar kan finne sin plass i NMS-landskapet etterpå. Hausten 2021 vart vi einige om å utvide samarbeidet med NMS Ungt leiarskap. Eg trur det kan hjelpe oss å skape betre overgangar frå NMSU til NMS.

– Kva er utfordringane for dagens kristne ungdomsarbeid?

– Dagens unge opplever ikkje trua som så relevant. Det er mindre plass til dei eksistensielle spørsmåla i samfunnet vårt, byrjar han og seier det samstundes er færre fordommar fordi dei veks opp i eit meir mangfaldig samfunn og er opptekne av aksept.

– Dagens unge er travlare enn før, har meir pengar og fleire fritidstilbod, sit meir heime, og dei psykiske utfordringane aukar i takt med meir og meir prestasjonspress. Pandemi, krig og klimakrise har ikkje gjort det lettare.

– Samstundes kan kriser også skape rom for å snakke om det eksistensielle. NMSU trengs midt oppi alt dette. Tidene vil skifte, men evangeliet vil alltid vere relevant. NMSU skal kontekstualisere seg, men alltid sette utropsteikn ved korset.

Jeg vil bli abonnent på Misjosntidende og motta seks utgaver i året – HELT gratis!

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2490

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp