Meny

Fornya misjonsavtale i Mo

Last ned
Søndag 3.nov., allehelgensdagen, var det gudsteneste i Mo kyrkje, øverst i Surnadal. Vidar W. Rygh var prest, og håpet om ein ny himmel og ei ny jord var sentral i forkynninga denne dagen.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Sokna i Surnadal er i gang med fornying av misjonsavtalar. Alle har dei tidlegare hatt landsbyutvikling blant mao og komosfolket i Begi, Etiopia, som sitt ansvar.

No var det Mo som fekk ny avtale. Denne gongen er avtalen noko meir generell, men landet er fortsatt Etiopia.

Eg fekk gleda av å vere i kyrkja og fortelje kort om det arbeidet NMS er med og driv i dette landet, og å overrekke plakaten som eit teikn på kva Mo er med på.

Offeret gjekk denne dagen til det nye prosjektet.

Fornya misjonsavtalen med Etiopia og NMS

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp