Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin T. Helle Last ned

Sommarmisjon

Sommaren er i hovudsak ferietid der ein legg frå seg det som kjennest som plikter elles i året. Det er likevel både ønskjeleg og mogleg å ha misjonstanken framme eller bak i hovudet sjølv om det står juni, juli eller august på kalenderen.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Sommaren er i ekstra grad tid for å driva med trim, trim kan også kombinerast med nytte. For eigen del har det vorte vedhogst, dels til eigen fordel, men også noko med vidare perspektiv.

Skogkulturarbeidet som eg har skrive om tidlegare har gått sin gang. Lange dagar og god temperatur gjer det mogleg å strekke dagen slik at ein kan få gode pauser mellom arbeidsøktene. Misjonspengar blir det også, i form av vidaresendt løn for arbeid, og offentlege bidrag for samfunnsnyttig arbeid. For skogeigar og samfunn blir det lagt grunnlag for auka skogproduksjon og karbonfangst.

Det er ingen grunn til å skulke kyrkjegangen sjølv om det er sommar. Det finns alltid ei kyrkje, og klokkene ringer fram til kl. 11 på søndag som elles i året. Ofte er det Høymesse, også midt på sommaren. For oss med bakgrunn i landbruket gjev namnet på messa lett assosiasjonar til høyberging, i form av rundballehausting og av og til også hesjing. Dersom messa blir lang og det vert krevjande å halde konsentrasjonen, kan tankane gå til store Landbruksmesser i gamle dagar, med husdyr og reidskapar av forskjellig slag, ofte med kyrkjegang på plakaten og tid for dei jordiske innslaga etter at  3 X 3 slag frå klokketårnet sa frå om at no kan landbruksprogrammet på søndagen ta til.

Skulle det vere misjonsvinkling på Gudstenesta, er det berre å ta ekstra godt i frå lommebok eller Vipps i ferietida, som ei form for lediggangskompensasjon.

Elles er det all grunn til å vere ekstra snill og hjelpsam i ferietida, la dei gode dagane koma også andre til gode. Her er det ikkje mangel på alternativ, frå familie og nærområde, til dei me høyrer om rundt om i verda. Moglegheitene er mange, og det er lett å finne fram til hjelpekanalar slik at hjelpa når fram.

For oss som har høve til å ha eit aktivt liv, er det lett å gløyme dei som ikkje er så heldige, dei som gruar seg til dagar som ikkje er gode. Det verkar ofte billig å prøve seg med ord til trøyst. Eg kan likevel be om at ord og gjerningar som er godt meint, blir tekne imot, og at dei må bli til velsigning til dei som tek imot og dei som gjev. Ofte finn me ut at hjelp og trøyst går begge vegar.

Etter sommaren kjem hausten, og hausten er slaktetid. Misjonssauene, til no to i talet, er omtala tidlegare. No er det tid for å førebu kvoten for i år, og gjerne auke talet. Matresultatet av første driftsår er framifrå.

Det er også all grunn til, ikkje minst om sommaren, å gjere nytte av gode tilbod t.d. til presangar til dei som har alt. I så måte høver syprodukta til  bergfruas lapper.no . Særleg Bergfrua sine etui til strikkepinnar, runde og rette, går for tida sin sigersgang i Telemark og Vestfold.

Det at me har god tid om sommaren, gjev også ekstra høve til bøn. Me har alle nok å be om, og i gode stunder tek me oss tid til å sjå etter svar. Eg trur sommaren er ei god tid for øving i å høyre etter, både frå dei me har rundt oss, men ikkje minst på bodskap frå Misjonen sin Herre.

Det gjeld berre å stå på i tenesta, meldinga «Mission completed» er ikkje sendt ut enno.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp