Gi en gave
Meny
Foto: Julie Horpestad / GRÅDIS: Eitt av måla med den nye avdelinga er å få fleire fellesskap. Grådis–arrangementa i Oslo samlar klimaengasjerte unge. Last ned

Fordi vi treng kvarandre

16. august 2021 gjekk startskotet for ei splitter ny avdeling i NMS som skal styrke misjonsengasjementet i Noreg.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Denne saken står på trykk i den nyeste utgaven av MT Misjonstidende, som også inneholder årbok for 2021.

– Dei små fellesskapa er sjølve gullet i NMS, vårt DNA, byrjar leiar Silje Sjøtveit i NMS Frivilligheit, som med gullsaks klipte snora for den nye avdelinga i august 2021.

Ho stod på garden sin i Tinn med dei 20 kollegane på trygg avstand på skjermen framfor seg. Applausen runga på Teams. For første gong i historia har NMS no ei eiga avdeling for NMS sin hovudingrediens: Frivilligheit.

Grunnfjellet

– Det var ein stor dag. Skikkeleg stas, seier Sjøtveit med ivrige nikk frå Kristian Mjølsneset som leiar internasjonal frivilligheit.

Saman med tusenvis av frivillige skal dei løfte småfellesskapa i NMS til nye høgder.


FRIVILLIG: Med den nye avdelinga, NMS Frivilligheit, ønskjer Kristian Mjølsneset og Silje Sjøtveit å løfte småfellesskapa til nye høgder.
Foto: Helene Reite Uglem

Men dei skal ikkje finne opp kruttet på nytt. Det var småfellesskapa som gjorde at NMS vart til i 1842 og byrja å sende misjonærar. Men foreiningane strikka, bad og dagdrøymde om Zululand lenge før stiftinga. Det var som om dei forstod, før mange andre, viktigheita av å høyre til i ein flokk.

– Forsking viser at fellesskap som engasjerer seg i ei felles sak ikkje berre er sunt for deg personleg, men også er ein ingrediens som gjer at fellesskapet held lenger, seier Sjøtveit som ser at det stemmer: Dei over 1000 små fellesskapa i NMS har stått seg mot vêr og vind heilt sidan 1800–talet. Rett nok med litt utskifting i mannskap.

– Med denne nye avdelinga vert det lettare å koordinere regionarbeidet, løfte fellesskapa, ta vare på dei vi har, men også å skape nye fellesskap i forskjellige innpakkingar.

Kva no?

Som eiga avdeling har NMS Frivilligheit dessutan fått meir gjennomslagskraft i leiarmøte.

– No har avdelinga ein eigen representant der, seier Sjøtveit og fortel at avdelinga også har fått fleire hender å spele på i region Trøndelag og på Møre.

England–misjonær Leah Tjemsland flyttar til Noreg for å jobbe med studentarbeidet i NMS. I tillegg skal ho, saman med Kristian Mjølsneset, ha fokus på den delen av frivilligheita som skjer utanfor Noreg.

– Det vil seie alt det som handlar om utveksling; volontørar, praksisstudentar og Ucrew. Ikkje minst handlar internasjonal frivilligheit om korleis desse kan engasjere seg vidare når dei kjem heim, seier Mjølsneset.

– Mange kjem heim og tenkjer: Kva no? NMS har allereie Connect-samlingar for studentar og unge vaksne i både Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Vi har også hatt fem Grådis-samlingar denne våren, seier den innovative jærbuen som trur det er viktig å imøtekomme dei som kjem engasjerte heim frå misjonsmarka.

– Vi ser generelt behov for fleire fellesskap for unge misjonsengasjerte. Vi må tenke nytt. Frivillige i NMS er særs lojale, og det er mange som har vore trufaste gjennom mange år. Dei skal vi ta vare på. Denne avdelinga gjer at vi kjem tettare på regionane, det blir lettare å følgje dei opp og få kontakt med nye. Det vil få ein positiv synergieffekt, trur Silje.

Visste du at

17 personar bad om startpakke til å starte småfellesskap.

11 nye misjonsavtaler vart inngåt med Den norske kyrkja.

13 unge reiste på utveksling trass pandemi.

Ein «grådis»

Kva ønskjer dagens unge å engasjere seg i? Mange svarte klima då NMS spurte heimkomne utvekslingsstudentar om dette.

– Det kan dei gjere gjennom NMS, påpeiker Mjølsneset som var med og starte prosjektet «Grådighetsbekjemper» hausten 2019. Det starta med ein Instagram-konto som gir tips til korleis du kan ta meir berekraftige val i kvardagen: Reparere framfor å kjøpe nytt, kaste mindre mat og unngå plast. I skrivande stund har kontoen 2000 følgjarar. Men det stoppa ikkje der.

– Vi har blitt ein fast gjeng som jobbar med dette, fortset Mjølsneset som saman med Sjøtveit, Silje Løvdal og prosjektleiar Julie Horpestad også arrangerer samlingane Grådis på kaffebaren Pust på Majorstua.

– Her er det kaffi, prat, konsert og tips til korleis du kan bli ein grådigheitsbekjempar i eige liv. Vi har også delteke på marknad, presentert oss på ulike arrangement og fått mange positive tilbakemeldingar, kan han fortelje.

– Vi trur dette har potensiale til å vekse utover Oslo-området og planlegg no å besøke regionar som ønskjer å starte med noko liknande.

Folkehøgskule for integrering

I 2021 vart eit nytt forprosjekt vedteke. NMS skal moglegvis starte folkehøgskule.

– Flekkefjord har vore oppe til diskusjon som mogleg lokasjon. Dei fem neste åra er det ei prosjektgruppe som skal sjå nærmare på kva skulen skal innehalde. Vi ønskjer å fokusere på integrering. Eit behov som berre vil vekse i migrasjonens tidsalder.

– Kva var høgdepunkta i 2021?

– Eitt av dei var Madis Kask frå Estland som var Ucrew (eittåring) i NMS i 2021. Som ein del av kommunikasjonsavdelinga i NMS i Stavanger kjende han på eit kall til å bruke fotointeressa si då han kom heim. No har han starta filmstudio for unge som drøymer om å jobbe i media, gjennom det NMS-støtta arbeidet Pluss Meedia. Eit annleis-år kan få store ringverknader, svarer Mjølsneset.

Sjøtveit trekker fram at NMS og Oslo internasjonale kyrkje (OIC) har fått spikra ein samarbeidsavtale med Den norske kyrkje (DNK).

– I tillegg er «Messy-church» ein spennande idé frå Den engelske kyrkja. Øivind Refvik i NMS Frivilligheit og NMSU ser no på moglegheiter for å ta konseptet til Noreg.

I sekulariserte England opplevde nemleg 2500 kyrkjelydar at det å ha meir interaktive gudstenester førte til fleire besøkande. Tradisjonelle talar vert bytt ut med bibelverkstad, familiemiddagar og kreativ formidling.

Rigger seg for framtida

– Kva skal avdelinga fokusere på framover?

– NMS satsar på utveksling og har mål om 500 utvekslingsstudentar årleg innan 2025. Vi håpar 25 prosent av desse blir engasjerte i regionane etterpå, byrjar Mjølsneset.

– Vi satsar også på fleire småfellesskap, skyt Sjøtveit inn og håpar desse melder seg inn i NMS og får startpakke.

– I tillegg ønskjer vi meir aktivitet på leirstadane. Her kan vi til dømes samarbeide med andre aktørar og få meir breidde i innhaldet, fortset Sjøtveit og peiker til sist på dei 565 misjonsavtalane med DNK.

– Vi er den største aktøren dei har. Her ligg det eit stort potensiale. Dei skal bli tettare følgt opp av frivillige og tilsette.

Les meir om kva småfellesskap i NMS er her.

Jeg vil bli abonnent på Misjonstidende og motta seks utgaver i året – HELT gratis!

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2490

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp