Gi en gave
Meny
Foto: Asbjørg Oksavik Sve Last ned

Takk til Prestegårdens Koneforening

Det er vel mange eldre i Ørskog som kjenner til Prestegårdens Pikeforening, som seinare fekk namnet Prestegårdens koneforening-
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Den vart starta for 145 år sidan av kona til prosten, såkalla prostefrua og drive vidare heilt fram til no av dei som vart titulert prostefruer. Inger Ann Kjølberg har dei siste 25 åra vore hovudleiar, i alle åra ho har budd på Sjøholt.

Elisabeth Krohn Runde og Inger Ann Kjølberg

Elisabeth Runde, som og er gift med ein prest, har vore hennar høgre hand og vore ansvarleg for song og orgelspel. Dei har også hatt god støtte frå fleire. No når Inger Ann og Øystein Kjølberg snart skal flytte nordover, og ingen såg seg syn med å ta over hovudansvaret, vart foreininga dessverre lagt ned formelt 25. februar.

Sidan eg har hatt andakt der nokre gonger, vart eg invitert til den siste samlinga. Elisabeth Runde takka Inger Ann frå foreiningskvinnene, og overrekte gåve. Eg takka frå kyrkjelyden og diakonitenesta med gåve og blomar.

Foreininga har støtta misjonsarbeidet til NMS, og det har vorte samla inn mykje pengar og bedt mange bøner. I tillegg har den vore eit veldig godt kristenfellesskap for alle kvinnene som har vore med. Forkynning, bøn og deling av misjonsinformasjon frå Misjonstidende på møta. Atter takk til Inger Ann, Elisabeth og gode medhjelparar! Vi ynskjer Guds fred vidare på vegen til både Inger Ann og Øystein!

Prestegårdens koneforening i Ørskog

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp