Gi en gave
Meny
Foto: Trollheimsporten Last ned

Feirar 15 år med Gjenbruk

Torsdag 10. oktober er det på dagen 15 år sidan NMS Gjenbruk på Skei åpna dørene for første gong. – Gjenbruk er endå meir i tida no enn det var då vi starta, seier styreleiar Arne Drøpping.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

7. oktober 2004 ønska Drøpping, som har vore styreleiar alle 15 åra, velkommen med kaffi og eplekake. Ved åpninga vart NMS Gjenbruk på Skei den 30. NMS

Ordfører Lilly Gunn Nyheim overrekker blomster og gratulasjoner til Arne Drøpping.

Gjenbruk-butikken i landet, og i 2018 passerte talet butikkar 50. Butikk-kjeda er ein del av Det Norske Misjonsselskap.

– Det å drive med gjenbruk er det rette å gjere, seier Drøpping, og får støtte frå ordførar Lilly Gunn Nyheim. Ho var på plass på jubileumsdagen for å dele ut blomster og overbringe gratulasjonar.

– Gjenbruk og ombruk er absolutt i tida no, og vi lever i eit samfunn der det er altfor mykje bruk og kast. Det å bruke ting om att er mykje betre for klimaet og miljøet, og butikkar som denne er med på å legge til rette for gjenbruk, til det beste for samfunnet, seier Nyheim.

Ordføraren rosar dugnadsinnsatsen som vert lagt ned i drifta av NMS Gjenbruk, og fortsett:

– Dette går til ei god sak, og slik eg ser det er det ein vinn-vinn-situasjon å ha ein slik butikk. Eg håpar verkeleg det går rundt, og at folk kjem innom og både ser og handlar. Så gratulerer med dei første 15 åra, og masse lykke til vidare.

Arne Drøpping viser fram rabattkorta som gir 50% avslag på ei valgfri vare

– Vi går med overskot, sjølv om vi ikkje akkurat kan kalle det dundrande. Dei som jobbar her tykkjer likevel det er meiningsfylt å bidra til at ting skal brukast opp att, så vi vil ikkje gje oss, seier Arne Drøpping.

Deler ut rabattkort i jubileumsveka

Denne veka feirar butikken, som er åpen onsdag til laurdag kvar veke, jubileumet sitt. Det gjer dei ved å dele ut rabattkort som gjev kundane 50 prosent rabatt på ei valfri vare. Unntaket er NMS sine sjølvproduserte lys.

– Forhåpentlegvis tek ekstra mange turen innom oss no i løpet av jubileumsveka. Alle som kjem innom får rabattkort, som kan brukast på ei vare. Ein treng ikkje bruke det i løpet av jubileumsveka, det gjeld ut 2019, seier Drøpping, og legg til:

– Eg håpar og trur at kundar som har sett på ting dei har vurdert å kjøpe, men som dei kanskje tykte var litt dyrt, no kjem att og kjøper det dei har sett på til halv pris. Det kan fort lønne seg å besøke oss i jubileumsveka.

Under åpninga for 15 år sidan, omsette butikken for 7 000 kroner i løpet av den første timen, fortel Drøpping.

– Ifølgje notatane våre, var det dyraste nokon kjøpte i løpet av den timen var ein selskinnsvest til 1 000 kroner, seier Drøpping, og legg til:

– Det er vel ikkje mange dagane vi har hatt høgare omsetning enn dei 8 261 kronene vi enda på i samband med åpninga.

Gudrun Bele bekreftar smilande:

– Nei, det er faktisk ingen.

Arne Drøpping les høgt frå notatane frå åpningsdagen ved NMS Gjenbruk på Skei i 2004, medan f.v. Brynhild Tjelle, Kjellrun Heggem og Gudrun Bele høyrer på.

Stortrivst med dugnadsarbeid

Både Bele, Drøpping, Ragnhild Mikkelsen, Nils Magnar Torvik og Randi Hatle har vore med sidan oppstarten for 15 år sidan.

Drøpping kombinerte annan jobb og styreleiarvervet fram til han for to og eit halvt år sidan – endeleg – kunne drive med NMS Gjenbruk omtrent på heiltid.

– Det er jo dette som er artig, seier han, med eit stort smil om munnen.

Og nettopp det at dei trivst godt med dugnadsarbeidet ved NMS Gjenbruk, er tydeleg hos butikkmedarbeidarane.

Kvar enkelt av dei vel kor ofte dei har vakt, og det er aldri noko problem å bytte vakter innbyrdes dersom det skulle vere nødvendig, fortel dei.

– Vi har hatt frykteleg mange gode opplevingar her, seier Gudrun Bele, og får støtte frå dei andre, som slår fast at det sosiale samvêret og det dei opplever som meiningsfylt arbeid for ei god sak, gjer at dei trivst på «jobb».

– Slik sett er lønna her fantastisk, og ein slepp heilt å plundre med pengar, i tillegg er det skattefritt, ler Drøpping.

Totalt er det no 13 butikkmedarbeidarar ved NMS Gjenbruk.

– Og til saman er vi nok snart oppi det dobbelte som jobba dugnad her sidan oppstarten i 2004, seier styreleiar Drøpping.

– Dersom det er fleire som har lyst til å vere med oss, er det berre å seie frå, seier Kirsti Skei.

 

https://www.trollheimsporten.no/feirar-15-aar-med-gjenbruk.6252434-137312.html


Nyheter

Innholdsrik misjonshelg på Røbekk

Misjonsforeningene i Molde hadde sin tradisjonsrike misjonshelg i november, med misjonsfest lørdagskvelden og misjonsgudstjeneste søndag 17. november. Snøvær og kuling stoppet fergene over fjorden denne lørdagen, men
Les mer

NMS Gjenbruk mottar prispenger, kunst og ros

Sareptaprisen deles ut hvert år til noen som får mye ut av lite. Årets prisvinner er NMS Gjenbruk og deres mange medarbeidere i 53 enheter landet rundt.
Les mer

Suksess med redesign!

Ja, for andre gong blei det arrangert redesign-helg på Kjeldsund.
Les mer

Jubel og Jubileum

NMS Gjenbruk Ålesund har ei jubileumsveke bak seg. 11.november 2023 feira vi 25-årsjubileum for den første NMS gjenbruksbutikken opna på Sola. 25.september 1999 er datoen for butikk nr. 2 i kjeda av dei 52 butikkane knytt til Det Norske Misjonsselskap.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp