Gi en gave
Meny
Last ned

Saman som kyrkje i heile verda og Sykkylven

Fabelaktig flott gudsteneste med prest Erlend Lunde, lovsongsgruppe og musikk!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Flott å ha dei unge i kyrkjelyden med på forbøn for born sine rettar gjennom kyrkjelyden sin misjonsavtale. Saman med kyrkja i Thailand ynskjer NMS å bidra i kampen mot menneskehandel, førebyggande arbeid og styrking av familiar. Dette gjer NMS gjennom å jobbe med forebyggande arbeid, slik at menneske ikkje lar seg utnytte og bli lurt inn i menneskehandel.

Det var og overrekking av plakat i høve markering på at misjonsavtalen er fornya.

Eit yrande liv på misjonsfesten etter gudstenesta i kyrkjeparken med grilling, utlodning, misjonsløp og SAMAN med kvarandre og den VERDSVIDE KYRKJE!

Dette vil vi gjer meir av!

Takk til alle medhjelparar, frivillege, misjonsforeiningar, stab og ikkje minst dei som sprang løp, skaffa sponsorar og til alle som var med å støtta!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp