Gi en gave
Meny
Last ned

Engasjerte misjonsfolk på Indre Nordmøre

Ein vakker vårdag var ramme rundt områdestevnet for NMS på Ålvundeid. Ålvundeid kyrkje er ei raudmåla åtte kanta kyrkje frå 1848. Denne søndagen var kyrkja full av liv. Barnekoret øvde og kyrkjetenaren drog i klokkestrengen som er like ved alterringen i denne kyrkja.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Bjørn Hovde er pensjonert prest, og vara i områdeutvalet. Han forretta gudstenesta. Bjørn har gjort det til ei norm å lære seg preiketeksten ordrett og formidle den uten å lese. Det gjorde han også denne søndagen. Teksten var frå Joh 6. 24 – 36, og alle fulgte nøye med.

Barnekoret gav gudstenesta eit løft med vakker sang. Høyr HER

Hege Steinsland delte misjonsinformasjon frå Mali og konfirmantar deltok med prosesjon og tekstlesing. Det var godt med folk i kyrkja denne søndagen.

På Ålvundeid bedehus venta middag og kaffi og dagen vart leia av Liv Anne Innerdal.

Sentrale damer på INM får ein velfortent kaffipause

Årsmøtet fekk presentert årsmelding både frå områdeutvalet ved Kari Sødal og frå regionsstyret ved Arne Drøpping. Begge la vekt på det som gir grunn til optimisme. Om ein ikkje er så mange, så er det mykje trivsel i arbeidet. Arne Drøpping la også vekt på at til tross for fokus på økonomiske utfordringar i NMS, har misjonsarbeidet og Gjenbruk i Møre til saman auka inntektene med 1 mill i 2018.

Møtekondisjonen er sterk i NMS, og etter ei god kaffipause med kaker og nordmørske spesialitetar vart det misjonsmøte.

Einy Elgsæter haldt tale ut frå tema «lær meg å kjenne dine veie». Svein Volle, som er gift med Einy, er ein habil songar og han sang fleire flotte songar saman med Gunnar Sødal på piano.

 

Asbjørn Innerdal og Bjørn Hovde som forretta gudstenesta i Ålvundeid kyrkje

Hege Steinsland hadde misjonsinformasjon frå Etiopia. Ho fortalte frå sin eigen tur til landet og om satsingar som pågår ,m.a. korleis mange har støtta arbeidet med å strikke tepper til prosjektet «Mor barn helse». Hege fortalte også om møtet med ei etiopisk kvinne på besøk i Norge som kunne fortelje at dei i hennar kyrkje ba særleg for nye generasjonar av kristne leiarar og prestar i Norge. Misjon går begge vegar.

Indre Nordmøre har engasjerte misjonsfolk som på ulike måtar legg ned arbeid og lever oppdraget ut i sine nærmiljø i kvardagen. Områdestemnet vart til inspirasjon for oss som fekk være i lag denne dagen.

Klar som stolt flaggberar i prosesjonen

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp