Gi en gave
Meny

Show, ståk og business på Grøa

Foto: Aura avis Last ned
– Her skal vi ha show, ståk og business. Det seier julemessegeneral Arne Drøpping, idet han går i gang og trekker dei første premiane i årelotteriet på julemessa på Grøa bedehus laurdag føremiddag.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Tradisjonen tro har Drøpping samla saman ein dugeleg gjeng saman med seg for å arrangere den tradisjonsrike julemessa. Julemessa er den siste i rekka i Sunndal, men enno er det mange som ikkje har fått skaffa det dei treng av julebakst og julegåver. Kanskje er det og mange som ikkje kjem eller vil komme i julestemning for tidleg, og då kjem julemessa på Grøa så nært inn i jula at julestemninga kjem lettare til.

– Eg har kjøpt meg ei strikkeveske som Cecilie Rø Drøpping har sydd, for eg er nøydd til å samle strikkegarnet mitt på ein plass, seier ho.

Tuva Bersås Thorland var tidleg ute å sikre seg eit stort pepparkakehjarte. Foto: Aura avis

Tuva Bersås Thorland (7) er etter kvart også blitt ei jente med mykje julemesseerfaring. Ho er snar om å sikre seg eitt av dei store, dekorerte pepparkakehjarta før åresalet startar. Allereie tidleg i trekkinga av årene, viser det seg at jenta har stor vinnarlykke. Ei pakke med kattemat er kjekt å vinne når ein har eigen katt. Utover dagen sanka ho inn og fleire premiar, så ho var svært nøgd då julemessa lukka dørene utpå ettermiddagen.

Utover føremiddagen sig det på med mange grøabygg som vil ha skaffe seg litt av julebaksten som er til sals. Traktementet har låg pris for at gjestane skal drikke mykje kaffi, bli lenge og bruke desto meir pengar på utlodding og varene som er til sals.

Eit lite ord for dagen/andakt, litt song og informasjon om misjonsprosjektet ein er med og støttar, høyrer og med i slik ei stund. Det er nemleg den lokale misjonsforeininga til Det Norske Misjonsselskap (NMS), Fahle misjonsforeining, som er arrangør av julemessa. I år er foreininga 150 år, og det vart markert med ei symbolsk gåveoverrekking frå Arne Drøpping til leiar Randi Flatvad.

Etter opptelling kunne Arne Drøpping informere om  at messa har gitt nesten 40 000 kr i brutto inntekt. Dette er det nest beste resultatet vi har hatt.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp