Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin T. Helle Last ned

20- år med Gjenbruk i medvind

Det var uventa mange som kom til markeringa kl 12, både medarbeidarar og kundar. Erling Aaslid leia samlinga og han hadde først ein kort historikk over dei 20 åra NMS har hatt gjenbruksbutikk i Ålesund.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Så var det helsing frå Ålesund kommune ved varaordførar Tore Johan Øvstebø. Han understreka betydninga av det arbeidet som Gjenbruksbutikken gjer. Han viste at han kjende godt til forhistoria til butikken her og NMS sine butikkar generelt.

Så vart alle frammøtte inviterte på marsipankake og kaffe og butikken vart igjen opna for handlelystne.

På kvelden fortsatte feiringa med fest for alle tilsette i butikklokala. Godt at ikkje alle sofaene hadde blitt selt i løpet av dagen!

Vi fekk eit historisk attersyn ved Steinar Røsvik som hadde sett saman eit panel for å samtale og rådføre seg med:

I september 1999 altså i der forrige år-hundre, opna butikken dørene i Rådstugata i sentrum av Ålesund.

På den tida var dette med gjenbruk ennå ikkje slått heilt an, og butikken vår var den andre Gjenbruksbutikken i Norge. På Sola var den første.

I dag har Det Norske Misjonsselskap 52 slike gjenbruksbutikkar rundt om i landet, frå Bodø i nord til Kristiansand i sør.

Dette med gjenbruk har fått vind i segla, og vi kan vel seie at i dag seglar vi på klima-bølga. Vi har verkeleg fått vind i segla.

Mange andre organisasjonar har også kasta seg på ideen, og det finst liknande butikkar i snart kvar ein tettstad i Norge.

I Rådstugata heldt butikken på i 15 år, men så skulle det starte utskyting av parkeringsplassar i Aksla, og opninga var akkurat det butikken låg, så vi måtte finne nye lokale.

Løysinga vart å flytte til Gressgården på Blindheim, til eit mykje større lokale og med ein god parkeringsplass for kundane, noko vi hadde sakna i Sentrum. Det var i 2014. Vi likte oss godt på Blindeim og hadde vel tenkt oss ei framtid der. Men tidlegare i år, då kontrakta gjekk ut, fekk vi beskjed om at lokala skulle renoverast, og kontrakta kunne ikkje  forlengast.

På underfullt vis dukka etter få dagar, dette lokalet opp. Perfekte lokal. Fin, lys butikk, god tilkomst. Kanskje litt lite parkringsplass på dagar som dette, men på det jamne går det bra.

Butikken har i dag vel femti frivillige på lista si, og eg understreka frivillige, uløna personar, som alle gjer ein eventyrleg innsats.

Butikken har framleis har to aktive damer som var med å starte opp i

Rådstugata i 1999, Kari Hesseberg og Margot Særsten som fekk ein stor applaus!

-«Kanskje har vi også kundar som har vore med oss gjennom desse 20 åra?»- lurte Erling på.

Dei retta ei hjarteleg takk til alle som støtta butikken, både dei som gir fine varer og til dei som kjem for å  leite etter ting dei kan bruke og kjøpe.

Utan ein god tilgang på fine, salgbare varer ingen butikk, utan kundar, ingen butikk.

«Vi håper på at dette glimrande samarbeidet skal vare».

Sjølvsagt måtte menyen bli pizza frå naboen «Pizzabakeren» etterfølgt av nok ei velfortent marsipankake!

Allsong er viktig, og ikkje alle butikker kan skryte av å ha si eiga forsongargruppe!

Kjell Aas, pensjonert prest og gjenbruksmedarbeidar, hadde ei fin andakt om å «finne sin plass».

Til slutt helsa gjenbrukskonsulent Turid Øygard frå NMS-leiinga og uttrykte stor beundring over det arbeidet som vert gjort av frivillige, og det fine økonomiske resultatet. Butikken ligg no på 3. plass når det gjeld omsetning.

Ei helsing frå Region Møre var det misjonskonsulent Laila Karin T. Helle som sto for. Ho takka alle frivillege for den

imponerande innsatsen gjennom 20 år som med stolthet kan feire 20 år!


Nyheter

Endeleg vart det gjenbruksfest på Kjeldsund!

Mandag 26. februar var over 90 frivillege frå Gjenbruksbutikkane i Ålesund, Volda, Ulsteinvik, Myrvåg og Nordfjordeid samla til gjenbruksfest på Kjeldsund.
Les mer

Stor stas på NMS Gjenbruk Tau denne uken

Onsdag kveld denne uken ble Rogaland Fylkeskommunes miljøpris for 2023 overlevert med diplom og blomster ved NMS Gjenbruk Tau.
Les mer

Miljøpris til NMS Gjenbruk

NMS Gjenbruk er tildelt Rogaland fylkeskommunes miljøpris for 2023. Daglig leder Siri Lindtveit er overrasket og glad.
Les mer

NMS Gjenbruk feirer 25 år

Norges største gjenbrukskjede har vokst jevnt og trutt, og består nå av hele 52 gjenbruksbutikker og ett lysestøperi.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp