Gi en gave
Meny
Foto: Privat / KALL: Etter fleire år som psykolog i Karasjok fekk Anna Melkeråen (40) ein tanke om å kanskje heller bli prest. Last ned

Rypespor mot eit prestekall

Etter fleire år som psykolog i Karasjok fekk Anna Melkeråen (40) ein tanke om å kanskje heller bli prest?
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Nordlyset dansar langsamt. Det er 20 minus og over den knasande snøen har rypene sett sine flakkande og ubestemmelege spor. Her finn Anna den stilla ho treng for å høyre den kviskrande og litt sprø ideen om å bli prest. På eit vis var det rypespora som leia henne hit, til eit nøkternt felleskjøkken i eit studentkollektiv på Misjonsmarka 10 i Stavanger. Langt frå snø og kalde vintrar. Eksamen i kyrkjehistorie er overstått, og adventsstaken lyser opp det dunkle rommet. Straumen er gått, men grunna el-tilsyn, ikkje fordi huset er frå 1864. På mønet utanfor er misjonsbefalinga skore inn. «Gaa er bort til all verden og prediker evangelium for all skapning.»

− Tenk at for 160 år sidan sat det prestestudentar som meg her og lurte på kor dei til ville ende opp, seier Anna.

Korleis ein psykolog frå Fastlands-Karmøy med to spesialiseringar og ti års arbeidserfaring frå både Bergen og Karasjok ende opp her, må vi ta frå byrjinga.

Tilbake til nordlyset

− Eg er fødd i Karasjok. Der budde vi mine fire første år, medan foreldra mine jobba for Samemisjonen. Faktisk var NMS og Madagaskar i tankane først, men det let seg ikkje gjere for ein familie på fem, byrjar Anna.


PSYKOLOGEN BLEI PRESTESTUDENT: Etter fleire år som psykolog blei Anna Melkeråen prestestudent ved Vid Stavanger. Foto: Privat

Familien flytta tilbake til Karmøy, og barneflokken auka til sju.

− Etter disippeltreningsskule, psykologi-studiar i Bergen, der eg også jobba i barne- og ungdomspsykiatrien ei tid, fekk eg sjanse til å ta eit praksisår i Karasjok, forklarer Anna som syntest det var fantastisk å komme tilbake som vaksen.

− Den samiske kulturen, menneska, naturen og historia deira, seier Anna fascinert.

Ho kjenner seg heime.


HEIME: − Den samiske kulturen, menneska, naturen og historia deira fascinerar meg, seiar Anna Melåkeren. Foto: Privat

− Dei fire første åra er jo dei mest formande seier psykologien. Men kanskje kjende eg meg også att i den åndelege openheita, undrast ho.

«Áigi ii mana- dat boahtá» er eit kjent samisk ordtak. «Tida går ikkje, den kjem.»

− Det er ei anna ro der. Ein er meir ute, tenner meir bål og lever enklare, meir sakte og nøkternt, noko eg trivast med.

Allereie andre dag på jobb tek dei med seg pasientane ut på isfiske. Ho merkar at samtalane blir annleis rundt bålet. Det som skulle vore eit praksisår, blir til seks og eit halvt år som skal endre henne.

Følgde rypespora

− Hadde eg kome på ideen om å bli prest om eg ikkje var i Karasjok? lurer ho på.

Etter ti år som psykolog, seks av dei i Karasjok, kjenner ho på ei rastløyse. Også dette har blitt ei komfortsone. Også her kan kvardagen bli travel og rutineprega.

− Eg kjende at tida i Karasjok nærma seg slutten, men eg visste ikkje kor eg skulle vidare. Då var det som om Gud sa at hendene mine måtte vere tomme før eg kunne ta imot det nye, hugsar Anna.

Ho seier opp jobben og pakkar sekken, legg oppi den tjukkaste soveposen ho har saman med boka «hvilepuls». I 20 minus, omringa av vintermørke, tek ho ski og hovudlykt fatt. Kjenner at ansvar og uro ligg att i skispora bak henne. Pusten kjem i takt med det duvande nordlyset. Dei små rypespora minner henne om at ho ikkje treng å skunde seg. For også rypene kjem fram, sjølv om beina er korte og går i ring.

− Det var berre eg, Gud, naturen og ei enkel hytte. Der skulle eg finne ut kor vegen gjekk vidare. Eg fann ikkje svaret, men hjartet vart roleg. Rypespora minna meg om at neste steg ikkje treng å vere langt, og eg treng ikkje alltid vite kor det ender opp.

Prest?

Ei veke etter hytteturen skal ho hjelpe til under ei gudsteneste i Šuoššjávri. Under kyrkjekaffien kjem presten bort og spør:

«Har du vurdert å bli prest?» Spørsmålet vekker liv i ein idé ho hadde for mange år sidan, nemleg å studere teologi.

− Å bli psykolog var både ein draum og eit kall. Samstundes har eg kjent at eg alltid kunne bryte opp og gjere noko heilt anna, fortel Anna.

På veg heim etter kyrkjekaffien seier ho høgt i bilen:

− Gud, skal eg bli prest?

Så kjenner ho ei boblande forventning og ei glede. Og no er ho altså førsteårs prestestudent saman med «12 andre disiplar».

− Eg har alltid likt å lære nye ting, og eg kjenner meg heldig som får lov til å sitte på skulebenken igjen og studere dette spennande faget.

Sirkelen slutta

− Eg måtte smile då eg køyrde hit første gong, via Karmøyvegen og Misjonsvegen til Misjonsmarka. Det er som om ringen er slutta. Etter 20 år vender eg tilbake til Rogaland. Det er både rart og veldig fint, seier Anna som dessutan er i slekt med Else Melkeraaen som var NMS-misjonær i Kamerun på 60-talet.

− Eg har lenge hatt hjarte for det afrikanske folket og for misjon. Før Else døde spurde eg om ho kunne be for meg. Det var så fint. «Måtte Anna erfare alt det din Ånd formår», er ei setning eg aldri gløymer, skildrar Anna.

Studiestaden måtte bli ein plass med verdsvidt fokus, full av ulike kulturar og språk. Valet falt på VID Stavanger.


RØTER: Allereie for 160 år sidan sat det prestestudentar som Anna Melkeråen her under misjonsbefalinga i mønet på Misjonsmarka 10. Foto: Helene Reite Uglem.

− I haust budde det doktorgradsstudentar frå Madagaskar i kollektivet. Hausten 2024 blir det tre månadar ved Det teologiske fakultet på Madagaskar. Dessutan blir det praksis i eit afrikansk land, opplyser ho nøgd.

Det er som om alle små puslebitar sakte, men sikkert fell på plass. Ideen som verka så sprø byrjar å bli eit bilete.

− Eg veit ikkje kor presterolla leier meg hen, men eg kjenner meg på rett hylle, slår ho fast.

No skal ho leve det enkle liv og dykke ned i skriftene i eit vedlikehaldsfritt studentrom.


KOMMUNITET: NMSU og VID vil starte ein kommunitet som skal dele liv og tidebøner på studentkollektivet ved campus VID Stavanger. Foto: Helene Reite Uglem.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp