Gi en gave
Meny
Foto: Helene reite Uglem / MISJONÆRBARN: Marit Tjelle Drabløs (70) har valt å dele si sterke historie frå tida som elev ved Den norske skulen i Japan (DNS). Last ned

Et misjonærbarns historie

For Marit Tjelle Drabløs (70) var barndommen på Den norske skulen i Japan eit lukka rom i mange år.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Bak skuffene under køysenga er det eit holrom. Enkelte kveldar gøymer ho seg her. Ligg heilt musestille til kysten er klar. Ho veit ikkje heilt kvifor. Det er holrom i minna også. Men ho hugsar at ho gøymer seg mykje. Langs veggen utanfor soveromsvindauget, der ho så vidt klarer å klamre seg fast, heilt til ho sansar at faren er over. Bak plansjane på utstyrsrommet. Eller inne på Tatami-rommet, der den japanske hushjelpa bur. Her er det varmt, og stråmattene på golvet lunar. Er det ei slags umedviten søking etter tryggleik? Ei stove? Som barn tenker ho at ho gøymer seg for den som står. Eller for ei husmor som spring etter henne med vinterjakka. Det var kanskje dei tinga også. Ein uskuldig gøymeleik. Men etter eit møte for tidlegare misjonærbarn på 90-talet, byrjar ho å grine. Så byrjar kroppen å hugse kva ho eigentleg gøymde seg for.

Eit grått kapittel


KALL: Lars og Haldis Tjelle kom til Japan i 1951 for å jobbe som prestar. I løpet av dei 14 åra i Japan fekk dei (f.v.) Astrid, Marit, Ingunn, Øyvind og seinare Lars Sigurd. På bildet t.h. står Marit ytterst t.v. Begge foto: Privat

− Historia mi er ikkje eineståande diverre, byrjar Marit.

− Dette er ei vanleg historie. Ei grå historie, seier ho på ei dialekt det er vanskeleg å plassere på eit kart.

Definitivt Haugesund, men kanskje eit snev av Austlandet, Trøndelag og Sunnmøre også. For ho har flaksa mykje rundt, som ho seier. Reisa byrja i Japan i 1953, der ho er fødd. Marit er 12 år då familien flyttar til Norge. Først Haugesund, så Stjørdal, tilbake til Sildabyen, studiar i Kristiansand og lærarjobb på Tomter, der ho møter ein sunnmøring og ender opp på eit lite småbruk i Dalsfjord i Volda.

Marit tek ein slurk av ein kvit Figgjo-kopp. Det står «NMS» med lyseblå skrift på den. Ho er tilbake på Misjonsmarka i Stavanger, der det heile byrja med eit sterkt kall djupt planta i to NMS-misjonærar som er foreldra hennar. Det er 73 år sidan dei drog til Japan første gong.

− Kvifor vil du dele di historie i MT?

− Eg vil snakke sant om erfaringa mi, om smerta, men også ei ny glede eg har fått. Dette er eit tema som aldri går over. Vi må snakke om det, igjen og igjen.

Eit gult hus

Lars og Haldis kjem til Japan i 1951 for å jobbe som prestar. I løpet av dei 14 åra i Japan får dei fem barn. Astrid, Marit, Øyvind, Lars Sigurd og Ingunn som dør av ein hjartesjukdom 30 år gamal.

Etter eit noregsopphald i 1958, har Marit kome i skulealder. Ho er spent som førsteklassingar flest.

− Storesøstera mi gjekk der allereie, så eg var heldig. Vi skulle bu på rom saman. Det kjentest trygt.

Marit blir «ein enkel elev. Ja, det er lite styr med henne.»

Internatskular for misjonærbarn

NMS hadde tidlegare internatskular for misjonærbarn i Sør-Afrika, Kamerun, Etiopia, Taiwan, Japan og på Madagaskar. Den Norske Skole i Japan (DNS) var eigd og driven av NMS, Misjonssambandet og Den Evangelisk Lutherske Frikirke, men låg administrativt under Oslo kommune.

I 1989 fortel Kari Grasmo til avisa Vårt Land at ho vart utsett for seksuelle overgrep medan ho budde på DNS. Det fører til ein stor offentleg debatt og fleire liknande historier kjem fram. NMS legg gradvis ned alle internatskulane. DNS i Japan blir lagt ned i 2005.

I 2009 gjennomfører NMS og Misjonssambandet ei spørjeundersøking for tidlegare misjonærbarn som mellom anna avslører overgrep og omsorgssvikt. Organisasjonane beklagar og erkjenner at internatskuleordninga var skadeleg og påførte smerte. Dei gir ei avgrensa erstatning. Saka fører også til fleire endringar i NMS: Organisasjonen blir tydelegare på at foreldreansvaret går framfor misjonskallet. Oppfølging før og etter misjonæropphald i utlandet blir betra, og ein beredskapsplan for å hindre og handtere overgrep kjem på plass.

I MT 1/22 seier generalsekretær Helge Gaard at misjonærbarnsaka ikkje er eit avslutta kapittel.

Ho ser endå for seg det gule huset som var så stort den gongen. Det har to etasjar. Soverom oppe. Spisesal og klasserom nede. Eit mindre bygg heng fast i det store. Her bur styraren og familien. Ho spring over den grøne plenen, forbi lysthuset, ned bakken til grusbana, der dei leikar kvar ettermiddag etter at leksene er gjort. Så smett ho gjennom frikyrkjehagen, ut på gata og ned til butikken dersom ho har nokre myntar igjen til snop. Det er eit godt minne.

Barnejustis

Skulen ligg i småbyen Shioya, sørvest for Kobe.

− Tre vaksne hadde ansvar for 30 barn frå første til sjuande klasse, både dag og natt. Alt utanom matlaging låg på husmor, husfar og lærar, fortel Marit.

Det blir lite vaksenkontakt, men ho er aldri aleine.

− Barna var som søstrer og brør. Foreldra deira tantar og onklar. Dei norske misjonærane var som ein stor familie, hugsar Marit.

Dagane er like. Frukost, morgonandakt, undervisning, middag, lekser og frileik. Sistnemnde er favoritten. Då har alle fri, også dei vaksne. 30 barn lagar sine eigne reglar.

− Fordelen var at ein aldri kjeda seg. Samstundes fekk ikkje dei vaksne med seg mobbinga, hierarkiet og utestenginga. Vi var på sjølvstyr. Det var tøft for mange, hugsar Marit.

Sjølv tenker ho at ho har det bra. Dette er normalt. Også når tyfonane kjem med sterke stormar, enorme nedbørsmengder, flaum og jordskredfare. Ein brennande bjelke flyg over skuletaket.

Læraren set på plass skoddene og seier dei kan leike gøymeleiken. Den som ikkje har gøymd seg no, den må stå. Marit går inn på materialrommet og gøymer seg bak plansjar og kart til stormen er over. Også det er eit godt minne.

Månadslov

Ein gong i månaden får misjonærbarna lov til å besøke foreldra.

− Vi reiste etter skuletid fredag og kom tilbake søndag ettermiddag, fortel Marit om dei dyrebare døgna som gjekk så altfor fort.

− Foreldra mine flytta ein del rundt, men som regel tok det tre-fire timar med tog. Vi reiste samla, utan vaksne, i rushtida, med mange togbytte.

Ein av dei større gutane har funne ut at om dei spring litt ekstra fort gjennom undergrunnen i Osaka, kan dei rekke eit tidlegare tog. Og kven vil vel ikkje det. Dei spring som om det var for livet. Spring for dei ekstra minutta dei får. Sikk sakk mellom stresskoffertar, paraplyar og målretta blikk. Døra smell igjen bak dei. Dei rakk det denne gongen også. Ingen står att på den folksame perrongen når toget susar vidare gjennom samanhengande byar, heilt til endestasjonen i Wakayama. Foreldra spør korleis ho har hatt det. – Fint, svarer Marit. Ho vil berre kose seg og tida er knapp.

Bankboksen

− Kvar dag starta med morgonandakt. Det er spesielt ei av dei som har brent seg fast. Kvifor akkurat den, har Marit ofte lurt på.

Dei fem åra Marit er elev, er det som oftast «husfar» som held andakt. MT har valt å halde han anonym.

− Denne andakt handla om korleis ein kunne vere ein god ven, fortel ho.

Marit spissar øyrene. For det ønskjer ho å vere.

− Ein trufast ven held på hemmelegheiter og er tett som ein bankboks, seier han.

Dei fire siste orda skal ho aldri gløyme. Tett som ein bankboks. Så godt sagt, tenkte ho då. I dag gjer det henne kvalm.

− Det var han som lærte oss om Gud. Det har gjort mykje med fars- og gudsbilete mitt.

Kveldsbøn

«Rundt omkring Jerusalem er det store berge. Rundt omkring sitt folk på jord. Herren står som verge. Frykt dog ei, stol på meg. Jeg skal deg bevare.»

Eit utdrag frå ein av fleire songar Marit ikkje klarer å synge lenger. Songen tek henne med tilbake til gangen utanfor soveromma. Noko fint, i utgangspunktet. Dei sit på golvet i ei rekke.

Tennene er pussa og pysjen er på. No er det andakt, song og kveldsbøn. Alt etterpå hugsar ho berre fragment av.

− Kor mykje vil du dele av det som skjedde?

− Eg trur ikkje detaljar er viktige, svarer Marit.

− Eg vart utsett for det som er kategorisert som grove seksuelle overgrep av «husfar». Det veit eg fordi eg seinare fekk valdsoffererstatning.

Det er den same mannen som Kari Grasmo fortel om til Vårt Land i 1989 og som Grete Salomonsen Hynnekleiv snakkar om i NRK-dokumentaren «For Guds skyld.» Seinare skal fleire fortelje.

− Sidan Astrid var eldre og la seg seinare, sneik eg meg av og til over til ei venninne om kveldane, hugsar ho.

Dei tre vaksne bytter på å gå runde for å passe på at alle har lagt seg. Marit høyrer på stega kven det er.

− Under senga bak skuffene var det eit holrom. Der låg eg musestille til han var forbi, fortel Marit.

Deretter klatrar ho ut vindauget. Balanserer på ein kant langs veggen. Rekk akkurat å gripe tak i sitt eige vindauge før ho smetter inn i si eiga seng.

− Eg normaliserte det som skjedde. Tenkte at eg gøymde meg fordi eg hadde gjort noko ulovleg ved å vere lenge oppe.

Det skal gå mange år med terapi før ho hugsar kvifor ho alltid hadde ei uro ved leggetid. Kvifor ho slit med å sovne. Det var aldri berre ein uskuldig gøymeleik.

Paradis på jord

På somrane reiser familien til ferieplassen Nojiri i fjella. Byane blir varme om sommaren. I Nojiri er det kjøleg og godt. Eit paradis på jord.

− I omlag fem veker var vi som ein vanleg familie med eit hav av tid. Det var fantastisk, minnest Marit.

Ho skildrar familien sin som varm.

− Eg hadde kjærlege foreldre som var «forut for si tid» når det gjeld klemmar og kjærlege ord. Vi hadde det så fint saman.

− Kvifor sa du ingenting?

− Eg tenkte det var slik det skulle vere. Eg fortrengte det, seier Marit om ein strategi som er vanleg hos barn som opplever overgrep.

− Men noko handla nok også om ei omsorg for foreldra mine. Det var som om eg forstod at dei kom til å bli leie seg. Det måtte eg unngå. Dei hadde jo ofra så mykje for Gud. Dessutan var tida saman så knapp. Samstundes var eg kanskje redd for å ikkje bli trudd.

Rolling Stones og ein tikroning

I 1965 skal familien Tjelle heim på eitt års noregsopphaldet. Det siste året har ikkje «husfar» vore på skulen, så Marit er glad ho skal tilbake til Japan etter norgesopphaldet.

− Heimreisa var litt av eit eventyr. Vi tok båt frå Yokohama til Vladivostok. Tog vidare til Khabarovsk, fly til Moskva og tog derifrå til Helsinki, før vi flaug via Arlanda til Oslo og Stavanger, hugsar Marit.

I Japan ser folk nyheiter på ein liten skjerm festa til handleddet. Sjølv har familien Tjelle sett meir på TV enn dei fleste nordmenn på denne tida. Likevel er det som om familien har budd under ein stein då dei landar på Arlanda. Ei flyvertinne bryt ut: Sjå der!

Sjå kor? Alt dei ser er fem fyrar med slengbukser og lange luggar slentre forbi, så nærme at dei kan ta på dei. The Rolling Stones er på turné. Oslo står snart på hovudet.

«Heim» til Norge

− Då vi landa på Fornebu, stod det ein velkomstkomité der, hugsar Marit.

Ein av dei er «husfar».

− Han gir meg og søstera mi ein 10 kroner-setel kvar. Eg tenker at det er mykje pengar. At eg er heldig, seier Marit og blir stille litt.

− Medan søstera mi tenkte «betaler han oss no?» Ho hugsa alt. Eg var heilt blank.

Ho er 12 år, sjetteklassing og har fått nye klede til skulestart. Raud fløyelsbukse og ein kvit bluse med blonder. Siste mote i Japan, men i Noreg er det berre småbarn som går med slikt.

− Eg hang ikkje med på sjargong og sosiale kodar. Visste ikkje kven Beatles var. Måtte spørje kva «å fuske» var, seier ho og ler.

Det er inga oppfølging av heimkomne misjonærar. Ingen som førebur henne på reaksjonane som kan komme. Ho får vener, men blir den rare. Så ho trekk seg litt unna.

− Vi møtte familie. Det var fint å vere ein del av ein flokk, men eg fekk aldri eit nært forhold til besteforeldra mine. Eg visste ikkje korleis eg skulle snakke med gamle folk. Det vart formelt. No er eg bestemor sjølv og ser kor nær ein slik relasjon kan vere.

Ho vil berre heim til Japan. Saknar lydane, smakane og luktene. Dei kjenslelada 17.mai-feiringane med gratis is. Men så får faren eit hjarteinfarkt. Etter ein vellukka operasjon blir det likevel bestemt at det er tryggast å bli buande i Norge.

Fann kjærleiken

− Som ung var eg veldig frimodig. Eg nølte aldri om eg vart spurd om å halde andakt, fortset Marit.

Trua er viktig, men kanskje meir som tenar enn barn.

FRIVILLIG: Marit Tjelle Drabløs er i dag frivillig i NMS Gjenbruk. Sommaren 2023 besøkte ho NMS Sommarfest & Generalforsamling for første gong på lenge. Der vann ho auksjonen for eit Håkon Bleken-bilete. Foto: Maria Indrøy Risanger

− Eg var aktiv i Laget og KFUK/KFUM i Haugesund, og i Laget medan eg studerte til å bli lærar i Kristiansand. Så fekk eg jobb på Tomter i Østfold. Ikkje langt unna låg landbrukshøgskulen i Ås. Der møtte eg mannen min, opplyser ho.

Ho giftar seg med Steinar og flyttar til småbruket i Dalsfjord. Her landar ho. Ho skal ikkje flytte igjen. Steinar skal bli ei klippe i åra som kjem.

Grin for søstrene

I 1989 fortel kunstnar Kari Grasmo ei sjokkerande historie til avisa Vårt Land. Medan ho budde på DNS vart ho utsett for seksuelle overgrep.

− Det var sjokkerande. Også for meg, fortel Marit som hugsar eleven Kari, men ho var ferdig då Marit byrja.

Seinare skriv avisa at mannen skal ha innrømt ugjerningane overfor ein kollega.

− Ingen saksøkte. Han vart aldri domfelt. Kanskje hadde prosessen etterpå gått lettare om det kom ein dom og eit «unnskyld».

Ho er i 40-åra då glansbildet av internatskulane slår sprekker. Har fire barn og jobbar som lærar i Volda. Framleis tenker ho at internatskuleoppveksten var god.

− Eg vart invitert til ei samling for tidlegare misjonærbarn. NMS og Misjonssambandet hadde invitert med seg tre psykologar. Eg kom for å høyre om det som hadde skjedd, seier ho.

Det blir tårevått.

− Eg grein ikkje for meg sjølv, men for søstrene mine. Det var så ufatteleg. Tenk at dei hadde gått gjennom dette utan at eg hadde fått det med meg, tenkte Marit.

Endå ser ho for seg dåverande generalsekretær Egil Grandhagen i Misjonssambandet. Han tek det umåteleg tungt.

− Det var mange sterke inntrykk. Ved lunsj tok nokon initiativ til eit bordvers. Då vart det store protestar. «Vi skal ikkje synge her», ropte dei.

Sjølv er ho ikkje akkurat sint. Ho lyttar til historiene. Som ein tilskodar, men med inderleg medkjensle. Men då ho kjem heim, byrjar det. Mareritta, kroppssmertene, vakenettene og etter kvart også minna som til no har vore låst inne i ein bankboks.

Tøffe tak

− Eg fekk ein alvorleg depresjon. I over eit år klarte eg ikkje jobbe. Det var så vanskeleg at eg tenkte at alle ville få det betre utan meg, fortel Marit med blanke auger.

Barna er på denne tida 5-14 år.

− Ei dotter trudde eg skulle døy av kreft. Ho hadde fått med seg at eg gret mykje om kveldane. Den eine guten vart sint, veldig sint. Det var tøft for alle.

Ho går til psykiater. Søker om plass på Modum Bad, men ventelistene er lange. Det same er nettene. Ho får ikkje sove.

− Ein laurdag ringer dei frå Modum og fortel at nokon har takka nei til plassen sin. Kunne eg kome på måndag? Eg sa ja. Det vart redninga mi.

I fire månadar snakkar ho med psykologen Mona og med ei gruppe av folk som har opplevd liknande.

− Eg fekk reiskapar til å handtere det. Eg kom i kontakt med sinnet. Litt etter litt kom sjølvrespekten tilbake. Eg var ikkje berre eit offer, men ein overlevar.

Det er ei tøffare Marit som kjem tilbake til Dalsfjord. Sakte, men sikkert kjem ho tilbake til lærarjobben. Ho søker valdsoffererstatning frå departementet og blir trudd med det same. Av NMS og Misjonssambandet får ho 25 000 kroner som ho fleire år seinare skal bruke til å ta med seg familien til Japan.

Etterspelet

− Det tok for lang tid før organisasjonane forstod alvoret, svarer Marit på spørsmålet om kva ho tenker om etterspelet.

− Først i 2005 vart DNS lagt ned. Men tiltaka kom til slutt, i form av meir fokus på foreldreansvar, oppfølging av misjonærfamiliar og handlingsplan mot overgrep.


NASJONALDAG: 17.- maifeiringene i Japan, med gratis is og allsong, er eit godt minne for Marit. Bilde t.h. er DNS i Shioya. Kjelde: Misjons- og diakoniarkivet VID, NMS arkiv.

Då organisasjonane hadde lytta, bedd om tilgjeving, betala symbolske erstatningar og lagt ned internata, forventa mange at ein kunne lukke kapittelet og gå vidare.

− Men det går ikkje. Dette går ikkje berre over. På seinare misjonærbarnsamlingar var sinnet, sorga og skuffelsen like stor hos dei som orka å møte opp, påpeiker 70-åringen.

− Dette er samansett. Avstanden til foreldra var eit overgrep i seg sjølv. Difor har mange opplevd eit slags dobbelt overgrep, men også eit trippel overgrep når fleire berre ville gjere seg ferdige med saka, fortset Marit.

Spørjeundersøkinga i 2009 viser at fleire har brote all kontakt med organisasjonen, kristne fellesskap og Gud.

− Så mange liv er øydelagt på grunn av dette. Også fellesskapet oss imellom, seier Marit som innimellom har sakna kontakt med dei andre «søskena».

− Å ta kontakt er komplisert. Ein veit aldri kor i løypa den andre er. Usikkerheita har skapt ein avstand mellom oss, synest Marit som likevel har kontakt med nokre av «søstrene» frå skulen.

Total avstand frå Gud

Marit må også fortelje foreldra kva ho er utsett for.

− Far hikstegret i fleire timar. Han klandra seg sjølv fordi han hadde sete i skulestyret og tilsett mannen. Dei hadde kjend seg heldige då dei tilsette han, sa faren.

Marit skuldar aldri på foreldra. Det er ikkje dei ho er sint på.

− I ei tid tok eg avstand frå Gud. Kunne han tillate noko sånt, ville eg ikkje ha noko med han å gjere. Foreldra mine hadde ofra alt for han. Så fekk dei dette? Eg var så skuffa at eg skyvde vekk alt som hadde med Gud, kyrkje og misjon å gjere, fortel Marit.

Det blir ein slags gøymeleik dette også. No er det Gud som leitar. Etter kvart kjenner ho seg funnen. Han toler motstanden, merkar ho. Ja, kanskje er den til og med på sin plass?

I dag skildrar Marit truslivet slik:

− Eg kan sitte i Guds hand og dingle med beina. Det er ingen krav. Gud er Gud, med eller utan meg.

Treng ikkje tilgi

Ho kviler i dei faste tinga. Liturgien i Dalsfjord kyrkje. Sjølv om enkelte salmar sit fast i halsen.

− Etter kvart har «kvifor akkurat meg» blitt til «kvifor ikkje meg?» Vi lever i ei verd med vondskap. Heller ikkje ein misjonsorganisasjon er fri for den. Gud tek ikkje vekk all motvind, men han er alltid med. Sjølv om eg slapp taket i han, så held han meg.

− Kva med tilgjeving?

− Fleire har spurt meg om det, men eg tenker at det ikkje høyrer heime i dette tilfellet. Ein treng ikkje tilgi nokon som aldri har bedd om tilgjeving, svarer ho og synest det er ei frigjerande oppdaging.

− Kva tenker du om måten organisasjonane bad om tilgjeving på?

− Eg kan forsone meg med den. Det som vart sagt var tydeleg nok. Misjonsorganisasjonane hadde ansvar, men det var først og fremst overgriparen som skulle bedd om tilgjeving.

SØSKEN: Astrid, Marit, Øyvind og Ingunn Tjelle før heimreisa i 1965. Kjelde: Misjons- og diakoniarkivet VID, NMS arkiv.

Tilbake til røtene

I 1995 besøker ho og Steinar Marits bror og kona som er misjonærar i Japan. Det blir ein god, men også vond tur. Det gode er lukta av rismarkene. Det vonde er å oppsøke den gamle skulen.

Den står der tom, klar til å rivast. Dei finn ei opning på baksida og går inn. Går opp trappa, gjennom gangen, inn på rommet. Det er tøft, men ho trur det er viktig.

− Eg har arbeidd meg gjennom det. Elles hadde eg aldri fortalt dette, seier ho.

− Men det er inga solskinshistorie. Overgrepa har påverka heile livet mitt. Trua, samlivet, familien, alt. Smerta er der. Kvar dag.

Og når livet liksom susar av garde utan at ho tenker på det, må ho dykke litt.

− Eg kan merke det på kroppen om det går for lenge utan at eg har dvelt litt ved det. Eg blir aldri ferdig med dette. Igjen og igjen må eg prosessere det.

Barns tryggleik først

− Dette er framleis eit ope sår. Så lenge det finst historier er dette noko vi stadig må snakke om. Vi må vere årvakne. Denne problematikken stoppar ikkje.

− Korleis kan vi trygge barna best mogleg i NMS?

− Først og fremst ved å snakke om det, svarer ho.

− Snakkar vi om det på barne- og ungdomsleirar for eksempel? Går det alltid to vaksne saman når ein går rundar på kveldane, spør Marit som ofte er den som bringer temaet på bana der ho er.

− Kanskje verkar eg dramatisk. Det får så vere, for barns tryggleik må alltid kome først. Og ofte kan motførestillingar føre til gode samtalar om dette.

Første generalforsamling på 30 år

Sommaren 2023 reiser ho på generalforsamling for første gong på 30 år. Det er mange år sidan ho forsona seg med NMS.

− Likevel var eg veldig spent, innrømmer Marit som skal bli positivt overraska.

− Det var som å møte ein storfamilie igjen. Mange kjenner familien min. Her er det røter og eit fellesskap. For første gong på lenge vart eg stolt. Det hadde eg aldri trudd eg skulle seie.

− Kva er du stolt av?

− Det er til dømes ein sjølvsagt ting at misjon går på kryss og tvers og ikkje berre «frå vesten til resten». Eg merka også at mykje av misjonærbarnas tankar er lytta til, svarer ho.

På den første bibeltimen snakkar Nora Dub Dybdahl om Guds farshjarte. Eit tema som har vore vanskeleg for Marit i mange år.

− Så skjer det noko som har prega meg til denne dag, seier ho.

− Nora på talarstolen seier at Gud elskar kvar enkelt. Så peikar ho ut i salen, plukkar eit tilfeldig namn og seier: «… og Gud elskar deg, Marit».

Og sjølv om namnet «Marit» er eit rimeleg vanleg namn i NMS-samanheng, kjenner ho at den var til henne, og at det verkeleg er sant.

− Eg har eit avklara gudsbilete i dag. Det gjer at eg ønskjer å vere meir aktiv, til dømes som frivillig i NMS Gjenbruk, der eg trivast veldig godt, seier ho avslutningsvis.

− Som kristne har vi verkeleg noko å bidra med, og vi har ein kjærleg Gud som gir omsorg og frigjer.

Ønskjer du å vite meir om misjonærbarnsaka, kan du lese saka «Et åpent sår i NMS-historien» i MT 1 2022.

Ta kontakt

Misjonærbarn og andre som i NMS-samanheng har opplevd vonde ting og slit med vonde minner, er velkomne til NMS for å dele si historie og evt. få hjelp til samtale og terapi med eksternt fagpersonell. For bearbeiding av traumatiske hendingar eller negative erfaringar kan ein framleis få støtte til samtalehjelp eller f.eks. reise tilbake til det land/miljø opplevingane er knytta til.

Kontaktpersonar i NMS:

Per Ivar Johansen (personalsjef/ass.generalseketær)
Tlf: 404 06 011
E-post: perj@nms.no

Helge S. Gaard (generalsekretær)
Tlf: 939 37 666
E-post: helgeg@nms.no

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp