Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin Tusvik Helle Last ned

Oppmuntrande og fornyande områdestemne på Valderøya

Stemnet starta med ei flott gudsteneste i Valderøy kyrkje der sokneprest Geir Sakseid forretta. Den starta med flaggborg med flagg frå samarbeidsland/kyrkjer til NMS
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

«Din rikssak Jesus være skal» ljoma gjennom kyrkja og sette standard for innhaldet i gudstenesta. Sokneprest GEir Sakseid tok kyrkjelyd og misjonsvener med til Midt-Austen og situasjonen for dei kristne i dette turbulente området.

VEDLEGGSDETALJER
Under-matpausen-dukket-plutselig-Maki-opplemur-og-maskot-i-NMSU-som-elsker-å-snakke-med-barna

Etter gudstenesta var det middag i kyrkjekjellaren som misjonsforeiningane i Giske stod ansvarlege for med Kjellaug Standal i spissen. Der var om lag 50 stk til middag. Praten gjekk livleg rundt borda, og maten smakte godt.

Årsmøtet hadde vi i det vakre Johanneskapellet og det vart leia av  Bjarne Øygard. Birgith Skogen Hagen las årsmelding frå områdeutvalet, regionstyremedlem Peter Odd Bjørkhaug gjekk gjennom årsmeldinga til regionstyret  og Norunn Steinnes, nyvald styreleiar i NMS Gjenbruk Ålesund, informerte om arbeidet der.

Valet på årsmøtet gav dette resultatet; Ove Haram, Astrid Ulvestad Øygard og Kjellaug Kløften Standal går inn som faste medlemmar saman med dei to som har eitt år igjen av perioden sin, Liv Ragna Vinnes og Birgith Skogen Hagen. Varamedlemmer vart Jorunn Bakke Orvik og Ole Honningdalsnes. Norunn Steinnes gjekk ut av Områdeutvalet og vart takka for innsatsen.

Songgleda og entusiasmen av Giske barnekor under leiing av Eli Grøtta Giske.

Misjonsopptrinn. Jesus er med oss alle dagar

Familiefesten vart leia av Astrid Ulvestad Øygard, og Erika Lynn Solli frå NMSU hadde andakt og litt informasjon om NMSU. Erika snakka om å dele, mellom anna om å dele tid og viste bilder som var med å få merksemda til barna. Det som gledde ei stor forsamling mest, var nok songen av Giske barnekor under leiing av Eli Grøtta Giske. Dei var ikkje så mange, men viste stor sangglede og entusiasme. Misjonsdamene i Giske stod for kaker i rikeleg mon då vi hadde kaffipause midt under festen.

Etter pausen var det dessverre fleire som gjekk, men vi som var igjen fekk synge saman, ha konkurranse om å bere ein bolle på hovudet ala damene i Kamerun og høyre Laila Helle orienterte om ulike ting i regionen.

 

Vi er glade for at vi denne gongen kunne ha familiefest på stemnet med både barn, unge, vaksne og eldre tilstades. Det vart ei  oppmuntrande og fornyande samling.

 

 

 

 

 

Magny Årseth og Olga Godø var nok blandt dei eldste på områdestemnet

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp