Gi en gave
Meny
Foto: Jan Ove Kleppe Last ned

Misjonsfest på Sundgot bedehus

Søndag den 31. mars var misjonsfolket i Ulstein samla til ein fin misjonsfest på Sundgot bedehus. Det vart ei flott stund, der Sonja og Ranveig Kaldhol innleia i lag med 8 innvandrar kvinner.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dei tende lys, las informasjon og bønner om arbeidet for kvinners rettar i Etiopia, Eritrea, Irak, Iran og Kongo.
Det vart ei sterk stund, der kvar einskild kunne reflektere over sitt eige engasjement (bønn og støtte) i arbeid for medmenneske som har det vanskelig.

Kveldens tale og misjonsinformasjon delte Kamerun misjonæren og presten Finn Ove Kaldhol.
I den første delen haldt han andakt, der han delte veldig flott om tekstane for dagen.
I tekstane balanserte han på ein framifrå måte formidling om Guds himmel og satans rike.
Vi må være klare på at det vonde riket faktisk eksisterer, og vi må formidle sannheita om det gode evangeliet.
Etter kaffi og matykt delte Finn Ove frå arbeidet i Kamerun.

Sonja og Ranveig Kaldhol innleia i lag med 8 innvandrar kvinner

Vi fekk innblikk i det som skaper uro frå nord, aust og vest i landet
Vidare fekk vi lære om arbeidet som er støtta av NMS, og om veksten i kyrkja.
Vi er særs takksame for at Finn Ove kom og delte frå Bibel og misjonsarbeid på ein framifrå måte.

Inge Kaldhol las opp årsmeldinga frå Ulstein NMS der vi fekk høyre om alt det positive arbeidet vi har i vårt område.

I 2018 har det vore 12 foreiningar i Ulstein, og ei av dei er kvinneforeininga Aks, som tok på seg å arrangere denne kvelden i lag med Ulstein NMS.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp