Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin T. Helle Last ned

Inspirasjon til «use your talents»

Det årlege inspirasjonstreffet for Nordre/ Austre Sunnmøre vart i år i den nyoppussa kyrkjekjellaren i Spjelkavik Kyrkje. Vel 50 personar møtte for å bli inspirert for vidare misjonsengasjement.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Leif og Kari Sæther

Det var ein kveld med mykje godt innhald.

Kari og Leif Sæther innleia kvelden sitt tema. Dei har hatt stor interesse for å gå meir i djupna rundt det å bruke talenta sine. Det har vore litt overraskande å sjå kor stor entusiasme «Use Your Talents» vekker i kyrkjene på Madagaskar. Tankegangen synest å vere frigjerande. Det at vi faktisk har ressurser, at vi har muligheter, at det går an å få til ting sjølv, endrar måten å tenke på. Vi som var tilstades vart og utfordra til å samtale rundt borda om korleis bruke talenta våre i vår kontekst.

Tre av dei frammøtte kom direkte frå Estland etter å ha vore med på NMS turen dit. Hege Steinsland som var reiseleiar på turen kunne

Peter Odd og Gunnhild Bjørkhaug kom direkte til samlinga etter nokre dagar på inspirasjonstur til Estland. Asbjørn Røsås t.v. og Edvard Orvik t.h.

fortelle ferske nyheter frå kyrkjelydane  i Saku og Mustamäe. Flott å sjå at kyrkjene der er snart klare for innviing og at kyrkjelydane veks!

Knut Bjune og Arvid Helle

Etter ein god matpause med deilig kveldsmat, var det tid for litt GF informasjon ved nestleiar i hovudkomitéen, Knut Bjune og leiar i programkomitéen Arvid Helle. Dei kunne lette litt på lokket og gi oss nokre smakebitar av GF programmet.

Ein god kollekttale av Kjellaug Standal om arbeidet NMS er med på ved å støtte satellittkanalen SAT-7, gjorde at det vart sendt ca. kr. 5.500,- til akkurat dette arbeidet i Midtausten.

Tusen takk til alle frivillege som laga til ein fantastisk god kveldsmat til oss og sto igjen og rydda etterpå!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp