Gi en gave
Meny
Foto: Helene Reite Uglem Last ned

Madame Kristensen

Det var ingen forventningar til Anne Karin då ho og Kåre kom til Kamerun som misjonærar i 1979.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

«Ei misjonærfrue si viktigaste oppgåve er å passe på at mannen har nypussa sko når han skal preike.» Dette er jobben som ventar fru Kristensen i Kamerun. Men ho veit det ikkje enno. Året er 1979. Anne Karin er 26 år og brennande. Ja, nesten litt radikalisert, ifølge den jordnære familien hennar heime i Hillevåg. Det er så mykje ho vil. Ho vil bety noko. Ho vil forandre verda. Heilt sidan gymnaset har ho tenkt på Kamerun. Kanskje undervise? Men først skal dei til Frankrike, lære språket og ha praksis. Det ferske misjonærparet sit framfor sin nye arbeidsgjevar. Forventningsfulle. Spente. Men det er noko som ikkje stemmer. Dei snakkar berre om Kåre. Sjølvaste misjonspresten. Alt han er «kalla til», som dei seier på denne tida. Det er då det skjer. Det skjer noko med Anne Karin, den litt sjenerte stavangerjenta. Ho trekk pusten, kremtar, rettar seg litt opp og spør:

– Kva kan eg bidra med?

Mannen framfor henne ser opp. Forbløffa.

− Du?

Han ser nesten litt brydd ut. Må tenke seg om. Det går for lang tid. Han har ikkje tenkt på dette.

− Du kan jo gå på marknaden? Dei har ein veldig god fromage i Frankrike. Veit du kva fromage er?

Det vert stille. Ei trykkande stemning. Men inne i henne koker det. Og det skal koke mange gonger etter dette. Den høflege jenta, som vanlegvis bit alt i seg, vaknar. Ja, kanskje er det nettopp her ho vaknar. Ho eg kjenner til. Ein tidlegare kollega som ofte vert skildra som markant. Føregangskvinne. Streng. Bein i nasa.

− Ost!

Ho nærmast roper det ut. Gløymt er høflegheitsfrasene. Søndagsskulen og vovne dukar på husflidskulen er eit tilbakelagt kapittel. Frå no av skal det bli andre bollar. For fromage er ost, og ho kunne ikkje brydd seg mindre.

− Det er ost! Og eg skal gjere noko anna enn å kjøpe ost!

Madame Kåre

Idet eg køyrer ut på motorvegen mot Hinna i Stavanger tenkjer eg på kva eg eigentleg lurer på. Etter nokre telefonar med kollegaer er eg nyfiken. For dramatiske ord som kvinnekamp, hat−brev og korrupsjon kom opp. Kombinert med at ho vert skildra som vanskeleg å komme inn på. Og litt streng. Eg svingar av mot Auglendsbakken, parkerer og håpar på det beste. Ho står allereie i døra. Smiler varmt. Eg unnskylder meg for å vere for tidleg ute. Ho unnskylder at gangen er rotete. Dei pussar opp. Ho går framfor meg inn i stova. Ei utsikt over Gandsfjorden og «oljå» møter meg. For var det ikkje her Alexander Kielland vart slepa inn etter ulukka i 1980? «Det er svart november, havet knuser mot strand», syng Vamp frå høgtalarane. Her skin aprilsola inn dei store vindauga og lagar nærmast drivhuseffekt. Ho skrur av. Veggane er kvite. For å få fram kunsten, seier ho. Ho elskar kunst. Det er lett å sjå. Bileta heng tett og er henta frå alle landa ho har besøkt i jobben. Det var over 180 reisedagar i året på det meste. Då blir det mykje kunst. Kanskje litt for mykje, seier ho. Så set ho seg i skinnsofaen og går rett på sak. Utan filter skrur ho tida tilbake til 1979.

Bilde fra Anne Karin Kristensens fotoalbum. Bildet viser Anne Karin og Kåre.

Anne Karin, Kåre og eittårige Kirsti har landa i byen Mbé i Kamerun. Innbyggarane forstår seg ikkje heilt på denne merkelege gjengen. Skulle denne stakkars mannen ta så mykje ansvar heime?Dei ler. Og ho? Madame Kåre forlanger altfor mykje av han. I tillegg vil ho jobbe. Dei blir skeptiske.

− Å som eg irriterte meg over det namnet. Madame Kåre. Har du høyrt slikt? Då var det betre med Madame Kristensen. Men aller best likte eg Anne Karin, seier ho, glad for at dei etter kvart godtok det.

− Vi var eit «odde par» i deira auge. Men i dag kan vi alle le av det. Eg og Kåre har alltid delt oppgåvene slik det kjendest riktig for oss. Vi snakka om det allereie før vi gifta oss. Avklarte forventningar. Så eg har aldri måtte kjempa der. Eg er heldig sånn, smiler ho.

Men han får meir skryt enn henne når han har baka ei kake. Og då ho som første kvinnelege misjonssekretær på 90−talet tok til med alle denne reisinga, vart borna ofte spurt om dei hadde fått noko middag i dag?

− I Kamerun kjendest det som om eg måtte bevise at eg ikkje forsømte familien før eg kunne jobbe. Ei total misforståing. Familien har alltid vore det viktigaste for meg. Eg gjekk nesten til grunne då eldstejenta måtte byrje på internatskule i ein annan by. Vi fekk ikkje lov til å flytte dit med henne. Det stridde mot alt eg visste om barn og tilknyting. Eg var klar for å reise heim, men vi vart heldigvis omplasserte i siste liten.

Eit tungt lodd

Anne Karin og Kåre møttest på Misjonshøgskulen i Stavanger. To unge med same, litt smale interesse: Teologi og Kamerun. Begge ville bety ein forskjell og hadde inga tid å miste. Det var ikkje noko å tenke på. Dei gifta seg og kunne knapt vente til avreise. Kåre var allereie «kalla» av NMS til Kamerun. Men. Det er alltid eit «men» i Anne Karin sitt liv. Og det har vore nokre menn som har stukke kjeppar i hjulet. Kjeppar som har blitt kjepphestar.

− NMS trengte ikkje to teologar. Det var likegyldig om eg hadde presteutdanning eller søndagsskule. Dei sa det rett ut. Eg kunne berre slutte på teologi. Og eg kjende at det stakk, fortel ho.

Om du på 70−talet ønska å bli misjonær i NMS, var ordninga slik: 1. Du byrjar på Misjonshøgskulen. 2. Du vert kalla til teneste av NMS som gir deg studielån. 3. Lånet betaler du tilbake med 10 års teneste. Men. Og her kjem eit «men» som gjorde Anne Karin til den kvinneforkjemparen ho er i dag: Når det var to som skulle ut på misjonsmarka, fekk berre ein av dei lån. Og det var alltid mannen.

− Det var 70−tal og kvinnerørsla vaks i Noreg. Eg vart nok inspirert av dei. Så eg tok mot til meg og sa kva eg meinte om ordninga. Men eg provoserte, veit du. Vart kalla raudstrømpe. Eit svært lada ord i den samanhengen. Det var sårande og einsamt, fortel Anne Karin som etter kvart kunne snu seg og sjå andre misjonskvinner stemme i.

Ein kvinneforkjempar er fødd. Og snart skal ho treffe kvinner som har det langt verre enn henne sjølv.

Laurdagsskule

Anne Karin Kristensen med mannen Kåre, og deres tre barn Kristi, Maria og Silje. Anne Karin og Kåre var misjonærer i Kamerun i perioden 1979 til 1991.

Det er 1979. Den vesle familien har endeleg landa i sin nye heim, og Anne Karin spør nok ein gong forsiktig kva ho kan bidra med?

− Pusse skoa til mannen din, var svaret. Det var ingen forventningar til meg. Eg forstod at eg måtte brette opp ermane og finne ein jobb sjølv.

Og den fann ho i kvinnerørsla i kyrkja.

− Eg møtte ein enorm hunger etter kunnskap. Så eg starta ein laurdagsskule og byrja med det eg hadde. Litt samfunnsfag, psykologi, handarbeid, språk og teologi.

Mennene reagerte. Treng kvinnene dette? Dei hadde vel nok med hus og heim?

− Men eg fortsette. Underviste i alt frå svangerskap til Bibelen. Snekra saman eit undervisningsopplegg. Teikna fosterets utvikling på frihand. Laga matoppskrifter med teikn dei kunne forstå. Vi bakte brød og kaker i jerngryter og brukte bølgeblekk som brødform, fortel den tidlegare misjonæren.

Og allereie her starta altså metoden som skulle prege NMS fram til i dag: Prinsippet om å gjere misjonæren overflødig. Unngå bistandsavhengigheit. Før mange tenkte på den slags. Fleire av etterkommarane til desse kvinnene er leiarar av Kamerun−arbeidet i dag.

Laurdagsskulen samla 20 kunnskapshungrige kvinner. Etter to år var dei utlærte. No skulle dei få diplom, laga for hand, med namn og underskrift. Kunne dei få dele dei ut under ei gudsteneste? Ikkje snakk om. Men Madame Kristensen ga seg ikkje. Til slutt fekk ho lov til å stille dei 20 stolte kvinnene framfor heile kyrkjelyden og overrekke diplom til kvar og ein.

− Då hugsar eg ein av motstandarane sat i salen. Han dulta i sidemannen, med eit stolt uttrykk, peikte og sa:

− Sjå der framme. Det er kona mi.

Stor kunnskapshunger

Ho får tårer i auga. Blunkar dei vekk. Kåre kjem inn med kaffi og wienerbrød på eitt brett. For eg vil vel ha kaffi? Eg takkar ja og han lister seg stille ut. For no handlar det om henne. Likevel drar ho han ofte inn i historia. For i alle kampar, gleder og sorger, har dei vore to.

20 diploma fekk heidersplass i kamerunske stover, og nokre år etter vart det starta eit nasjonalt kurssenter i Ngaoundéré. Her skulle Anne Karin få si første offisielle stilling i NMS. Og det var ikkje som skopussar.

− Kvinnene kunne vere skulens nærmaste nabo. Likevel hadde dei aldri kome lenger enn til skuleplassen. 80 prosent var analfabetar. Eg møtte ein enorm hunger etter å lære å lese og skrive, fortel ho.

Ho byrja med eit lese− og skrivekurs på fulani−språket med plass til 20. Men 75 meldte seg på, og fleire andre misjonærar byrja å engasjere seg. Det vart fire klassar med elevar frå 20−50 år.

− Undervisningsmateriellet måtte eg lage sjølv, men det er det kjekkaste eg har vore med på i heile mitt liv, smiler pensjonisten som fekk dyrke to lidenskapar i jobben: Undervisning og forming. For Anne Karin er typen som «putlar» med mange ting. Malar, teiknar, syr brudekjole til døtrene og har strikka ni genserar sidan Noreg stengte ned.

− Eg hugsar spesielt godt Abbe Anne. Midt i undervisninga reiser ho seg brått og roper:

− Vi må be! Og i denne spontane bøna kjem det fram at ho denne dagen har lært dei fire bokstavane som skal til for å kunne lese namnet sitt. Ho lovpriser Gud for at ho endeleg kan sjå om eit brev er til henne, fortel Anne Karin med blanke auge.

− Eg fekk kanskje ikkje den utdanninga eg ville ha, men her møter eg ei kvinne som er takksam for fire bokstavar.

Politisk uro

Dei byrjar å bli drivne no. Det er 90−tal og kultursjokket er gløymt. Dei kjenner seg heime. Mange har lært å lese og skrive. Arbeidet er i flyt−sona. Men så høyrer dei skot. Det som skjer kunne fått mange til å sette seg på første fly heim. Men for å komme seg til flyplassen må dei forbi ei krigssone.

− Det var politisk uro med lokale trefningar i Ngaoundéré, der vi budde. 30 personar varpt drepne på ein dag. Vi høyrde skota. Nokre muslimske forretningsmenn kom og banka på døra vår og sa vi måtte halde oss inne. Det gjorde at vi kjende oss ivaretatt, fortel ho.

Koffertane låg ferdig pakka på soverommet. Fluktruta var klar.

− Problemet var at vi måtte køyre forbi det urolege området. Med tre jenter frå 8−13 år er det klart vi var bekymra, innrømmer ho.

Anne Karin Kristensen startet lørdagsskole i Kamerun, hvor hun underviste 20 lærevillige kvinner med flanellograf og hjemmelaget undervisningsmateriell.

Etter nokre månader roar det seg. Sakte, men sikkert kjem den normale kvardagen tilbake. Det var altså ikkje borgarkrig som skulle framskunde heimreisa. Det er 1991, tre ungar og snart 12 år sidan ho stod på denne raude jorda for første gong. Anne Karin lever draumen, og i dag er det avslutning for ei stolt leseklasse som står på timeplanen. I finstasen står ho med ei kake i kvar hand då beskjeden kjem. Dottera Maria (8) er påkøyrd.

− Eg slepp alt eg har i hendene og styrtar ut. Og der og då er faktisk mi tid i Kamerun over.

Brå heimreise

Maria står i ei rekke av skulebarn og ventar på bussen som skal ta dei med på klassetur. Ho er den einaste som ikkje ser bilen. For ho leiter etter noko i sekken då sjåføren mister kontrollen. Det skjer så fort. Brått ligg ho pressa nede i ei grøft.

− Ho fekk eit ope beinbrot som dei ikkje kunne behandle i Kamerun. Det var kritisk med tanke på amputasjon. Vi vart evakuert til Noreg, og forstod raskt at behandlingstida og infeksjonsfaren hindra oss i å dra tilbake, fortel Anne Karin.

Maria fekk behalde foten, men dei skulle aldri meir bu i Kamerun.

I sorg

− Eg var i sorg. Reagerte på alt. Eg grein i eit halvt år. Kunne nesten ikkje vere ute blant folk. Maria trudde det var hennar skuld. Då vakna eg. Vi fekk snakka om det, og eg måtte berre ta meg saman.

− Fekk du hjelp?

− Vi hadde ikkje noko system for oppfølging av heimkomne misjonærar på den tida, men vi fekk god hjelp av personalkonsulenten som nærmast fungerte som eit sjelesorgsenter. Vi måtte få rutinar på dette, tenkte Anne Karin som seinare var med og bygge opp den oppfølginga som finst i dag.

No var planen å studere litt igjen. Kanskje ho skulle bli prest? Men ein overraskande telefon sette henne på andre tankar.

− Generalsekretæren spurde om eg ville vere kandidat til ei stilling som misjonssekretær. Det betydde stort ansvar og mykje reising til Sør-Afrika, Madagaskar og Etiopia. Eg vart både overraska og overvelda, fortel Anne Karin som då jobba ved Senter for Interkulturell Kommunikasjon og hadde det fint. Men ho sa ja. Og ikkje lenge etter vart ho den første kvinnelege misjonssekretæren i NMS. Då starta bruduljane.

Hat−breva

− Eg fekk fleire ubehagelege brev der det stod at eg måtte roe meg. Måtte ikkje gløyme at eg var kvinne. Og kva visste vel ein Kamerun−misjonær om Madagaskar? Dessutan var eg for ung. Berre 41, fortel Anne Karin som møtte på Madagaskar og. Dei hadde venta seg ein annan. Ho kjende seg misforstått.

− Folk skulle berre visst kor grundig eg hadde tenkt over dette. Eg vart overraska og lei meg, fortset 68−åringen som for lengst har kvitta seg med breva. Det er eit tilbakelagt kapittel.

− Det å vere «første kvinne ut» har aldri vore planlagt. Det har berre blitt slik. Å kjempe for kvinner har tvinga seg fram. Men eigentleg er eg mest glad i å snakke om kva kvinner og menn kan få til saman, presiserer Kristensen som var med og starte Gender−programmet i NMS. Arbeidet som handlar om å styrke kvinners rettar.

− Eg har kjent på kroppen korleis det er å stå på sidelinja som kvinne. Sjølv om eg har vore leiar, har eg vore utanfor. Men eg er ikkje redd for å seie i frå, seier ho med eit smil.

Som for eksempel då kyrkjestyret i Kamerun ikkje ville ha kvinner i styret. Saman med 11 andre kvinner stod ho utanfor kyrkja med plakatar. Etter fleire timar og mange forhandlingar, fekk kvinnene til slutt sleppe til.

− Eg kan vere utolmodig. Vil at ting skal skje. Men kollegane mine minner meg stadig på ei hending frå Mali. Eg snakka om omskjering i ein liten landsby. Men det einaste eg hausta, var latter. Å slutte med omskjering? Vi kunne berre drøyme. Men då ein kollega besøkte denne landsbyen 20 år etter, kom det ei kvinne bort til henne. Høgtidleg la ho ein kniv i hendene hennar og sa; «Eg gir deg denne kniven, for vi har slutta med omskjering no.»

Det som gror sakte

«Madame Kristensen! Du lærte mor mi å lese!» roper ein liten gut etter henne då ho 25 år etter besøker Kamerun.

− NMS har vore med og skrive historie når det gjeld lese− og skriveopplæring i Kamerun. Dei starta misjonsskulane, så kom det etter kvart offentlege skular. I Adamaoua−provinsen er det difor i dag ein høg prosent av barna som går på skule, kan den tidlegare misjonæren fortelje. Men etter 42 år i misjonssektoren har ho vorte lunken til dei store bistandssummane.

− Forsking viser at når pengane er oppbrukt, fell prosjektet saman. Tanken kan vere god når nokon kjem med store maskinar og fancy bilar til ein liten landsby som treng ei bru. Men avstanden til dei som bur her vert stor. Innbyggarane kan bli passive mottakarar. Det blir heilt feil. Vi må heller byrje i det små og samarbeide, meiner Anne Karin som var med på å få Use your talents−tankegangen opp og gå i NMS for 10 år sidan.

− Denne metodikken handlar om å bruke sitt talent saman med andre i sitt lokalmiljø. Folk samlast, deler kunnskap og skaper vekst. Det som gror fram, vil vare. Ein meir organisk bistand.

Madame korrupsjon

26 år gamle Anne Karin frå Hillevåg hadde nok ikkje drøymt om at ho ein dag skulle heite «Madame korrupsjon» på Madagaskar. Men også det namnet skulle ho bere. Og det skulle bli tungt.

− Det er nulltoleranse for korrupsjon i NMS og Norad. Som leiar må eg ta den strenge rolla overfor samarbeidspartnaren, men inne i meg tenkjer eg ofte: Kunne vi løyst dette på ein annan måte?, innrømmer ho.

Noen av kvinnene som deltok på Anne Karin Kristensens lørdagsskole i Kamerun.

For det er beintøft å sjå ein uskuldig tredjepart bli ramma. Det har blitt mange søvnlause netter.

− Viktige aktivitetar stoppar brått opp. Folk får ikkje lønn. Har dei mat på bordet no? Tenk om dei vert sjuke? Kjem dei seg på sjukehus? Spør Anne Karin som skulle få ein tung innspurt før pensjonistlivet. For i mai 2020 stoppa NMS alle dei økonomiske overføringane til Den gassisk−lutherske kyrkja på Madagaskar (FLM) grunna korrupsjon. Så kom pandemien.

− Fleire i kyrkjeleiinga vart ramma, og kyrkjepresident Davida Rakotonirina døydde av sjukdommen, fortel Anne Karin som då var leiar av NMS Global og måtte konfrontere ei kyrkje i sorg.

− Det var eit vanskeleg år, men NMS−leiinga samarbeidde godt. Mot slutten av 2020 byrja forholdet mellom NMS og FLM å normalisere seg, men pandemien fortset, og korrupsjon er framleis ei utfordring i landet.

Anne Karin Kristensen (68)

Anne Karin, Kåre og dei tre borna, Kirsti, Maria og Silje, var misjonærar i Kamerun frå 1979-1991. Tilbake i Noreg vart ho den første kvinnelege misjonssekretæren. Seinare har ho hatt fleire ulike leiarstillingar i det globale arbeidet i NMS. Ho har vore med og auke fokuset på kvinners rettar i NMS. Rundt år 2000 starta ho og andre kollegaer programmet Gender (kjønn) som har blitt ein stor del av organisasjonen. Etter 42 år i NMS gjekk ho av med pensjon i desember 2020.

Eit dobbeltliv

Venene til Anne Karin er stort sett prestar og biskopar, har Kåre spøkefullt sagt ein gong. Men det er kanskje noko i det? Kanskje er Anne Karin «mest kjent i utlandet»? Ho har ikkje vore best på fest. For ho har gått glipp av så mange. Sagt nei til så mange invitasjonar at folk sluttar å spørje. Det kan til tider vere einsamt å leie det globale arbeidet i ein stor misjonsorganisasjon. Møte kulturar så ulik hennar eigen. Besøke dei fattigaste hytter, for så å reise heim og pusse opp gangen.

− Det var ein stor overgang å slutte. Eg har jo levd eit slags dobbeltliv, ler ho.

Ein fot her og ein fot der. Eit globalt liv.

− Eg kan ikkje tenke meg ein større spagat enn å bu i Noreg og jobbe på Madagaskar, eit av verdas fattigaste land. Ein får eit perspektiv ikkje alle har. Det kan vere frustrerande, innrømmer ho.

Men ho vil ikkje gøyme ein nyoppussa gang for nokon. Ho vil ha opne dører. Ikkje skjule det som kan gi ein gassisk kollega hakeslepp. Den vestlege luksusen. Olje−utsikta. Så i denne stova har ein gjeng sør−afrikanske vener dansa så golvet gynga, sjølv om dei har levd under eit regime som dei færraste i Auglendsbakken kan sette seg inn i. Sjølv om biskop−venane lever i ei heilt anna verd, skal ho ikkje skjerme dei frå det som er sanninga: Grådigheita her i vest. Ein kan vere vener likevel.

Før eg går ut den opne døra vil eg vite om NMS−engasjementet er ferdig? Nei. Ho skal berre puste litt, ta nok ein skogstur med barnebarna, kanskje male litt og rydde litt i frimerkesamlinga. Så får vi sjå.

HAR DU LYST TIL Å LESE FLERE SLIKE ARTIKLER? HVA MED ET GRATIS ABONNEMENT PÅ MISJONSTIDENDE?

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2490

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp