Gi en gave
Meny
Foto: Foto_May Lisbeth H. Aurdal Last ned

Konsert med misjonsselskap

NMS sine frivillige i Sykkylven går stadig nye vegar. Årvisst har det vore julemesse med salg, samt kor. Dette året vart det konsert med misjonsselskap.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Ungdomskoret Blessing med sine musikarar delte glede gjennom sangane sine.

Gruppa TRIO med 3 songarar og 4 musikarar formidla sterkt. Blant mange fine songar, m.a. «He touched me», berørte dei forsamlinga i Sykkylven kyrkje.

Ungdomskoret «Blessing» med sine musikarar velsigna oss gjennom songen Velsiginga, og delte glede gjennom songane sine.

Fleire omgangar med åresalg og trekking av lotteriet gav innhald til arrangementet Misjonsselskap.

Glede var også hovudtemaet når Credo Brass blåste ut! «Hvilken venn vi har i Jesus», spela dei med innleving, samt fleire melodiar som dei poengterte viste til Guds løfter for framtida. «Give thanks with a thankfull heart». Ungdomsarbeidar frå kyrkjelyden i Sykkylven, Katrine Numme leia konserten på sin levande måte, samtidig som ho dirigerte ungdomane.

Asbjørg Oksavik Sve, tidlegare regionstyreleiar, og diakon/trusopplærar i Ørskog, fortalde inspirert frå arbeidet NMS er med på i Estland. Kyrkjelydsplanting og kyrkjebygging.

Dei i den estiske kyrkja tek imot kallet, følger visjonane, går i tru, utfordrar andre og set i gang å bygge. Dei ventar ikkje på at alt skal være innsamla, tek i bruk kontorlokala som kyrkjerom. Brukar muligheitene. Inviterar og inkludarer.

Festbord med nydeleg mat og god prat.

Av dette kan vi lære. Lære av våre søsken i naboland som har ei tung historie m.t.p. å få leve ut trua si. Så kan vi la oss inspirere til å dele; også slik at dei kan få innreie kyrkjene sine.

Festbord med nydeleg mat, god prat, omgangar med åresalg og trekking av lotteriet ga innhald til arrangementet Misjonsselskap. Dei dugande frivillege stod for alt dette.

– «Kvelden har verkeleg synt korleis vi kan vere med å DELE TRU, TID, TING og TALENT. Her har talenta som songarar ,musikarar, talarar, bakarar og loddseljarar ikkje blitt nedgravne, men brukte»,  sa May Lisbeth H. Aurdal, då ho takka for at alle denne oktoberkvelden hadde vore med på at vi verdsvidt kan fortsette å dele trua på Jesus, utrydde fattigdom, og kjempe mot urett.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp