Gi en gave
Meny
Foto: Arne Drøpping Last ned

Misjonssauen

I artikkelen «Misjonspengane» i nr. 44. av «Dag og Tid», skriv Andreas Skartveit m.a. om misjonssauen, eit omgrep nytta i Rogaland heilt frå Gustava Kjelland si tid.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Sauen er kjend som eit flokkdyr og for å vere heller dum. Partipolitisk er han «all right», eg er ikkje trygg på at han er det same landbrukspolitisk.

Misjonssauen saman med Hans Fredrik Lauvstad

I kristeleg samanheng er det mykje sau både i GT og NT. Denne drøvtyggaren har vore og vert framleis nytta i eit utal forteljingar og andakter for å kaste lys over det noverande jordelivet og utsiktene til noko betre lenger framme.

Til liks med religiøse spørsmål, er det også knytt mange mysterier til landbrukspolitikken. Kanskje kan dette dyret brukast til å forstå kvifor kjøt av sau som nesten ikkje gjev betaling til bonden, likevel ikkje er å få tak i for ein nyfiken forbrukar. Sidan me vert oppmoda om å vere ekstra kreative på grunn av pandemien, var det også naturleg å dra inn om dette også kan gje inntekter til misjonen. Her kjem misjonssauen frå Nordmøre inn.

Regionstyreleiaren i Møre har dei siste åra, i alle fall til garden gjekk vidare til neste generasjon, titulert seg som sauebonde.  Det blei gjort avtale om kjøp av ein yngre sau på rot eller fot, og medverking til slakting og henting på garden. Prisen vart fastsett til leverandørprisen til slakteriet, nesten ingen ting, eit driftstilskot frå Staten på ca. 8 kr/kg pluss noko for slakting og administrasjon. Dette vart ikkje særleg mykje på bonden og billeg for Hans. Misjonstillegget vart at NMS skal ha like mykje som bonden eller litt meir.

Dei nødvendige avtalar vart gjort, og måndag 2. november vart det slakting på Drøpping. Ein namnlaus sau på tre år og vel 40 kg slaktevekt vart ekspedert og foredla fram til råstoff for «matlaging frå grunnen».

Resultatet så langt er slik:

Bonden får pengane sine så snart eg får rekning frå han.

Misjonen har fått sitt, noko avrunda oppover.

– «Eg har utsikt til mykje god mat det komande året, sau i tillegg til elg og hjort»!

Så langt berre vinst på alle partar.

– «Men skjønar eg betre enn før kvifor godt sauekjøt berre skal gje bonden 10 kr/kg, medrekna tilskot?»

Diverre nei, men det er ikkje sauen si skuld. Det er vel som i teologien, ein skal ikkje skjøna alt heller.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp