Gi en gave
Meny
Last ned

Ambulerande misjonsmesse

Områdestemnet for NMS på Ytre Nordmøre måtte avlysast på grunn av smittefare. Slik var det vel for dei fleste andre områda også.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Denne gongen hadde me førebudd ei lita salsmesse til stemnet, med tinging av produkt som var kunstsydd, strikka, spikka og tova. Tova påskekyllingar og turkoppar i or er på ein måte sesongvarer som høver særs godt i samband med normal påskefeiring.

Flotte tova påskekyllingar med reir og turkoppar i or var flotte salsvarer til påske.

Ein dag i den stille veka, med vindstyrke 3, det er sjeldan kost på våre trakter, og etter at karantene frå ferdsel i utlandet og Innlandet var sona, møttest Bjørg Bergheim og Hans Lauvstad på Kvernes på Averøya for å gjera opp. Ei kommunegrense vart kryssa, under vatn i Atlanterhavstunnelen, og oppdraget vart utført utan overnatting. Ti tova påskekyllingar med tilhøyrande reir vart utveksla mot to turkoppar for høgrehendte, ein stor og ein liten. Det vart også gjort avtale om overføring av messegåve, via brevgiro og nettbank, til NMS sin gåvekonto. Smittevernet vart halde oppe ved handvask før og etter, og ved å ha god klaring mellom partane, målt med hasselkjepp på 2 m. Det vart lagt til grunn at messa ikkje kom inn under omgrepet omførselshandel.

I det heile eit godt lyspunkt i ei heller trasig tid, fin tur, utsikt til kaffi neste gong, og nokre kroner til NMS.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp