Gi en gave
Meny
Last ned

Kjeldsund info

På Kjeldsund har det vore nokså stille etter 12. mars. Heldigvis har vi framleis utleige av tre hytter, noko som gjer at vi har litt inntekt. Rundt omkring på leirstadane er dei fleste permitterte også på Kjeldsund.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Angeline og eg har kun 20 % kvar, det same har Jostein. Vi er sjølvsagt klare til å begynne på igjen når det blir «grønt lys» for arrangement.

Når det gjeld potetball-middagar, så har vi planar om å begynne med det igjen før ferien. Vi har ikkje gått ut med dato enda men annonse vil kome, så følg med!

Det blir då ikkje buffet men servering på borda.

Sidan dei fleste leirstadane har minimalt med inntekt i denne tida har dette med fast givarteneste kome som eit godt forslag for alle som har lyst å støtte «sin» leirstad.

Dette er eit flott tiltak,og eg trur det er fleire som har hatt lyst til å gi ei gåve også i «normale» tider….

Du kan gå inn på nettet og søke på heimesida til Kjeldsund,og der får du opp bilete av Kjeldsund, og øverst på sida får du opp «bli leirstadsven» https://nms.profundo.no/giverleirsted

Der får du opp ulike leirstader,og då velge du «sjølvsagt» Kjeldsund, deretter kan du velge beløp pr mnd og fylle ut resten av linjene .

Er det nokon som har spørsmål, så ta kontakt på tlf 970 95 525 (Kjeldsund).

Takk for at du hugsar Kjeldsund i bøn og så håpar og ber vi om at det kan bli ein ny vår, sommar og haust der vi er ennå meir bevisste på kva vi vil med denne vakre staden.

Gode helsingar frå oss på Kjeldsund

v/ Eli-Kristine

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp