Meny

Konfirmantleir på Kjeldsund

Last ned
Siste veka i sommarferien var konfirmantane i Volda, Austefjord, Dalsfjord og Kilsfjord samla til konfirmantleir på Kjeldsund. På programmet stod blant anna undervisning om mange tema som gudsteneste og nattverd, død og liv, kjærleik og dei ti bod. I tillegg var det mykje fritid.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Ungdomane kunne dessutan velje mellom mange ulike aktivitetar. Her stod både padling, bading og baking høgt i kurs. Kvar dag vart avslutta med samtaler i smågrupper og ei roleg kveldssamling med lystenning, bøn, song og personlege forteljingar om tru. Ein av kveldane vart det arrangert sponsorløp. Konfirmantane kunne velje å springe løypa fortast, mest gongar eller gå i lag. Nokre var heiagjeng i målområdet. Det var det mykje engasjement blant ungdomane! Tilsaman vart det samla inn over 24.000 kr til NMS sitt arbeid på Madagaskar. Tusen takk til alle som har støtta ungdomane.

Vi ønskjer også å takke alle frivillige medarbeidarar, foreldre og forbedarar for deira innsats under leiren!

Denne helga og neste er det konfirmasjonar både i Kilsfjord, Dalsfjord, Austefjord og Volda. Vi ønskjer konfirmantane ein god dag og ber om Guds velsigning over livet og framtida.

Konfirmantleir

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp