Gi en gave
Meny
Foto: Helene Reite Uglem Last ned

Fellesskap kan også handle om skifte kløtsj på ein gammal traktor.

Konteinarar fulle av jordbruksutstyr har reist i førevegen til Madagaskar. Men først skal dei fyllast, så tømmast, kome seg frå A til B, setjast i stand og brukast. Slikt blir det blod, sveitte og tårer av. Men mest gledestårer. Og venskap. Møt Jordbrukskolenes Venner.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

«Be og arbeid» står det på den 56 år gamle grunnmuren til Tombontsoa jordbruksskule på Madagaskar, der 80 prosent har jorda som levebrød. På ein heilt annan kant av verda, gjennom sidevind og hevdelukt, forbi minst 12 traktorar med god tid, kvite høyballar og sau. Ein kjem til slutt til Bjerkreim. Du må berre ha tolmod, og litt Wunderbaum.

Rogalendingar lever av jorda dei og. Nokre av dei sit rundt eit salongbord på Vikeså. Bøn og arbeid ligg i ryggmarg og hjarte. For desse fem er misjon å grave, bere, bore, reparere og dressere oksar.

Dugnad

Rolf Moi, Arne Dragsund, Kjell Dale, Kolbjørn Lerstøl og Jonas Skrettingland, han som mange kjenner som Hå kommune sin KrF−ordførar. Men kjenner dei han som Madagaskar−entusiast? Han tvinnar sjeldan tommeltottar, men folder ofte hendene for Tombontsoa og Fihaonana. Jordbruksskulane som har blitt eit misjonskall for alle fem.

− Vi har alle vore NMS−misjonærar på Madagaskar. Dette er ein måte å føre kallet vidare på, seier ordføraren.

− Og kanskje den einaste plassen vi kan snakke så mykje vi vil om Madagaskar før nokon vert lei, legg Kjell humrande til.

Men det blir ikkje tid til mykje prat. Dei føretrekk dugnad.

− Før pandemien reiste vi ned fleire gonger i året, fortel Arne Dragsund som sjølv var rektor ved Tombontsoa på 70−talet og var med og starte Fihaonana i 82.

− Det har blitt mange dugnadar sidan starten i 2007, seier han.

Konteinarar fulle av jordbruksutstyr har reist i førevegen. Men først skal dei fyllast, så tømmast, kome seg frå A til B, setjast i stand og brukast. Slikt blir det blod, sveitte og tårer av. Men mest gledestårer. Og venskap.

For det er ikkje slik at dei lemper av utstyret og seier farvel. Nei, det skal gjerast skikkeleg.

− Vi samarbeider, deler kunnskap og erfaringar. Slik bruker vi våre talent i misjon, seier Kjell og ser utover ein nikkande gjeng. Her står alt frå brønngraving til oksedressur på CV−en. Og ikkje minst ein dugnadskondis av stål.

Bonde til bonde

Det er ikkje lenge sidan «Noreg treng bonden» stod skrive på høyballar rundt om i Noreg. Det er heller ikkje lenge sidan ein pandemi vekte oss alle og minna oss på viktigheita av matproduksjon.

− Det er lett å engasjere. Folk vil støtte, bonde til bonde, seier KrF−ordføraren om skulane i jordbrukslandet som bøndene i matfylket kanskje kjenner eit slags slektskap til.

− Vi når ut til dei som ikkje engasjerer seg i misjon. Bønder, bondelag, små og store bedrifter. Responsen er enorm. Særleg når det gjeld å donere utstyr, legg han til.

Den første konteineren vart sendt sommaren 2007. I den stod ein traktor, ein fór− og ein maishaustar. Sidan skulle det kome fleire, fylte til randen av utstyr frå jærske bønder.

− Eit traktordekk kan koste 20 000 kroner. Det blir fort store verdiar når mange gir. Samla sett har vi bidratt med rundt 16 millionar, kan Arne fortelje.

Men JV har også delt erfaring, dyrka, bygd, restaurert og bidratt i studentutveksling. Og Kjells kurs i oksetemming vart bokstaveleg tala ei god draghjelp på gassiske åkrar.

Vaks ut av krisa

Jordbruksskolenes Venner (JV) vaks fram etter ei økonomisk krise som ramma Tombontsoa i 2005.

− Det var dårleg leiing. Elevtala gjekk ned, og vi fekk vere med å hjelpe skulen på beina igjen, fortel Arne om dei to skulane som i dag er modellskular, ei stoltheit for landet.

− Eg er imponert over rektorane. På Tombontsoa har det aldri vore så mange elevar. 500 i alt. På Fihaonana har dei starta eit årsstudium i entreprenørskap for arbeidsledige akademikarar. Alle dei uteksaminerte har starta bedrift.

Grav og bli vis

− Skulane er sjølvgåande. Vi er ei ressursgruppe, presiserer Arne.

− Kunnskap delast begge vegar. Til tider har vi dagleg kontakt, og deler bøneemne, legg han til.

− Kva har de lært?

− Etter tre veker på Madagaskar er eg ofte meir utkvilt enn då eg kom. Kanskje fordi eg legg vekk skjermen og fokuserer på andre ting, seier Kjell om dugnadsturane til Madagaskar.

Det er mykje livsvisdom å finne i den raude jorda.

− Eg legg merke til at dei tilsette ved skulane aldri stressar, men likevel er effektive. Dei startar kvar arbeidsdag med andakt og bøn og går aldri frå jobb utan å takke, fortset han.

Og når dei på tvers av kulturar tek spaden fatt innser dei at ein spade er ein spade, både på Jæren og Antsirabe. Men dei treng ikkje vere like.

− Vi skal ikkje fornorske gassisk landbruk. Det er store forskjellar, men mikromiljøa kan vere like, påpeiker Arne.

− For ein kalv treng det same uansett kor den bur. Stell, mat og godt underlag. Ein treng ikkje ein stor, norsk fjøs for å få det til, fortset den tidlegare jordbruksskulerektoren.

Og begge stader handlar det om å hevde og hauste, bygge og bere, grave og gruble. Men det er ei tid for alt.

− Det er alltid tid til gode samtalar og litt humor, seier Kjell.

− Etter mange dugnadstimar blir ein godt kjent. Tillit og openheit veks fram. Ein fantastisk måte å leve ut misjonskallet på.

Jordbruksskolenes Venner (JV)

Støtteforeining for jordbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana på Madagaskar som Den gassisk−lutherske kyrkja (FLM) starta og driv saman med NMS. JV starta i 2008 og bidreg med dugnad, pengar, utstyr, fagleg kunnskap, kurs, oppfølging og studentutveksling.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp