Gi en gave
Meny
Foto: Tormod Sikkeland Last ned

Misjonssau 2

Den første misjonssauen, omtala tidlegare, er langt på veg oppeten. Resultatet vart særs godt og freista til å prøve meir.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Tysdag 23. mars vart misjonsau nr. 2 slakta på Drøpping Nistua Gård saman med ein annan ungsau som heller ikkje hadde teke lam. Slik er livet i husdyrverda. Slaktet vart straks køyrd til Kristiansund og hengd luftig og fint til mørning på låven til Sikkeland på Innlandet.

Etter nøyaktig ei veke og omtrent 50 døgngrader var det tid for partering eller nedskjering som det heiter på bygdane.

Det var lagt godt til rette, godt lys, mykje bord og skjerefjøler, folk med arbeidslyst og nyslipte knivar. Frammøtet var omtrent som på ei gudsteneste i coronatida.

Sauen, eit prektig slakt på 38 kg, skulle fordelast mest mogleg likt mellom familiane Saltnes og Sikkeland. Det einaste det ikkje er to av på sauen er rygg og nakke. Dette vart løyst ved å dele ryggen på tvers og trekke lodd om beste biten.

Svangar til rull, sider til pinnekjøt, bøger og lår til steik, knokar og nakke til frikasé, fårikål og suppe og rygg til steiking vart lagt i to mest mogleg like haugar. Uhilda person avgjorde så kven som skulle ha kva. Det vart ikkje protestert på resultatet.

Heime hos Saltnes er det laga i stand eit framifrå tørkebur, dobbeltsikra mot fluge og andre smådyr. Etter dei nødvendige dagane i grovsalt heng no sidene og godgjer seg der og blir frosne ned i vente på jula når tørke – og mogningsprosessen er ferdig.

Den skarpe lesaren vil spørje seg  kvifor me ikkje brukte låra til spekekjøt, fenalår er som kjent noko av det beste som finnst.

Svaret er at risikoen for at speking fram mot sommar og aukande temperatur skal mislukkast er så vidt stor at me heller lagar spekekjøt etter slaktinga til hausten.

Det kan legge grunnlag for nye sauebolkar framover. Fritt etter visa om kråka: Den som sauen kan nytta så, ho er vel verd ein ny sau å få.

Frå venstre: Randi Saltnes, Hans Lauvstad, Anne Lise Lauvstad, Misjonssau 2 og Steinar Saltnes.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp