Gi en gave
Meny

Misjonsbasar med Morafenobe

Foto: Jostein Solbakken Last ned
Endeleg kunne misjonsforeininga Morafenobe igjen invitere til basar i Spjelkavik kyrkjekjellar!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Eit flott variert program med åresalg og utlodning, andakt, misjonsinfo og god servering av deilig minestronesuppe!

Dette er drevne damer som har alt på stell, det var tydeleg at dette har dei gjort før og gledde seg no til å kome i gang igjen med basaren!

Nytilsette misjonskonsulent Jostein Solbakken hadde andakt og regionkoordinator Laila Karin Tusvik Helle delte misjonsinfo frå Frankrike som no blir eit nytt fokusland i NMS!

Tusen takk til Ingrid Tønnesen (datter av foreiningsmedlem) som sto for kveldens musikkinnslag!

Arrangørane sjølve, foreininga Morafenobe, er og 30 år i år og det fortener sjølvsagt markering og gratulering!

Tusen takk for ein flott og kjekk kveld og takk kvar enkelt for at de står på for NMS!

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp