Gi en gave
Meny

Krafttak for misjon

Foto: Kjetil Netland Last ned
Balestrand sokneråd gir overskotet på ca kr 29.000 frå sal av plansjer til PÅSKETIDSVANDRING – VIA LUCIS til NMS i samband med aksjonen Krafttak for misjon.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Plansjane har illustrasjonar som Nordfjord-kunstnaren Magne V Kristiansen har laga.

Balestrand sokneråd selde i alt 56 seriar av VIA LUCIS – lysvegen. Det var ein utruleg mykje større respons enn kva dei hadde budsjettert med. Dei håpte at dei skulle klare å gjennomføre prosjektet utan å gå i underskot. I staden vart det eit solid overskot på ca kr 29.000,-.

Dette er ei form for vandring som dei byrja med i Italia i 1988, og som sidan har spreidd seg utover i mange kyrkjesamfunn i verda. I Italia kallar dei vandringa for VIA LUCIS – lysvegen – fordi Jesus lyser opp med håp om evig liv i denne verda kor døden herjar. I Storbritannia kallar dei det for Stations of the Resurrection.

Vi trur at den store responsen heng saman med at kyrkjene var stengde i koronatida, og at denne vandringa var eit alternativ til vanlege gudstenester. Balestrand sokneråd vil difor gje dette overskotet som kjem frå korona til å bøte på dei som har store tap pga korona.

Krafttak for misjon er ein aksjon som skal hjelpe misjonsorganisasjonane som slit med store underskot pga korona.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp