Gi en gave
Meny

Områdestemne i Brattvåg med Midtausten i fokus

Foto: Benedicte Fjørtoft Last ned
Områdeutvalet for NMS Nordre og Austre Sunnmøre hadde områdestemne i Brattvåg kyrkje søndag 3.april.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Geir Sakseid

Stemnet starta med gudsteneste kl 11, der NMS sin rådgjevar for Midtausten og Pakistan, Geir Sakseid, leia gudstenesta. Organist var Jorunn Bakke Orvik, og ho spelte i lag med ein fløytist, ein saksofonist og ein gitarist. Det var ei flott gudsteneste.

Etter ein god middag var det årsmøte, og utvals-medlemmane for komande året er Liv Ragna Vinnes, Jorunn Bakke Orvik, Ove Arild Haram, Gunhild Bjørkhaug og Kjellaug Kløften Standal.

Kor Herrleg. Foto: Bjarne Øygard

På misjonsfesten deltok regionen sin nye misjonskonsulent, Benedicte Fjørtoft, ho orienterte om aksjonane «Saman som kyrkje i heile verda» og «Walk for Living Water», samt NMS sin «dag» i Frivillighetens år 2022, laurdag 27.august. Denne datoen har og regionstyret planar om å arrangere regionstemne.

Geir Sakseid formidla ferske inntrykk frå feltbesøk i Egypt i mars, der NMS er med og støttar mediearbeidet i SAT7, det Egyptiske Bibelselskapet, og hjelpearbeidet for valdsutsette kvinner som biskop Thomas driv på Anafora-senteret. Peter Odd Bjørkhaug viste glimt frå NMS sitt arbeid i Saku i Estland, der Magne Mølster er tilsett. Mannskoret «Kor Herrleg» deltok på festen, og festlyden fekk og synge mange fine songar med gode tekstar som Jorunn Bakke Orvik hadde funne fram.

Det norske misjonsselskap (NMS) held sitt årleg områdestemne for nordre og austre Sunnmøre søndag 3. april i Brattvåg kyrkje. Geir Sakseid, rådgivar i NMS for Midtausten, blir med på områdestemnet.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp