Gi en gave
Meny
Foto: Jan Ove Kleppe Last ned

Jonsok på Kjeldsund med rekordoppslutning

Sommaren er endeleg på veg! Både bygningar og friområde var fulle av folk. Jonsokaftan markerer midtsommaren, og tradisjonen tru vart det også i år feiring av jonsok på Kjeldsund. Ein strålande dag med Kjeldsund på sitt aller beste.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Jonsokbålet med Kjeldsund bygning i bakgrunnen. Foto: Jan Ove Kleppe

I år var jonsokaftan på ein søndag, noko som passa idéelt for å ta både søndagsmiddagen og ettermiddagskaffien på Kjeldsund! Over 400 tallerkener med rømmegraut og lapskaus gjekk ned på høgkant i tillegg til pølser, nytrakta kaffi og eit bredt spekter av kaker!

Ei samling i møtesalen er også eit ”must”.  Ei fin andaktstund  leia av Sonja Husøy. Arne Moltubak heldt andakt og Jostein Husøy var pianist.

Både bygningar og friområde var fulle av små og store som kosa seg rundt omkring på Kjeldsund med blikk mot jonsokbålet som vart tent ut på kvelden nede på neset.

  • «Det har aldri vore så mykje folk som i år på jonsokfeiring», seier Eli-Kristine Moltu, husmor på Kjeldsund, overvelda!
  • «Og vi fekk inn 85 500 kroner denne dagen!»

Det kan sjå ut som om lokalfolket på alvor har oppdaga for ei perle dei har i nærområdet sitt.

Små og store koser seg ved gapahuken_foto_Jan Ove Kleppe

 

 

 

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp