Gi en gave
Meny

Walk for living water i Brosundet!

Foto: Laila Karin Tusvik Helle Last ned
Tenk deg å ikkje ha vatn å gi til barna dine. Tenk deg å måtte gå milevis til en gjørmete brønn for å få ei bøtte med vatn berre for å måtte gå den milevis heim igjen……Ein milliard menneske manglar tilgang til reint vatn og det vil vi i Ålesund gjer noko med!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

NMS har no i mai ein aksjon – Walk for Living Water! Dine steg kan føre til at jenter i Laos kan få gå på skule i staden for å gå timevis for å hente vatn til familien sin.

Med nytt messetelt, messedisk og beachflagg var vi godt synlege denne bylaurdagen som gjekk av stabelen samtidig med konferansen «The North West» og «Brosundet Langs».

Med engasjerande vannaktivitetar som bøtteholding, bøttebering, vannquiz, var det mange som stoppa opp ved standen vår. Det gjorde og nokre lokale politikarar, m.a. ordførar Eva Vinje Aurdal som på strak arm konkurrerte med stortingsrepr. Åse Kristin Ask Bakke i vannbøttehalding!

Strålande innsats av dei begge, men dei vart slått ut av dagleg leiar i Sunnmøre friluftsråd, Berit Støyva Emblem som sto i 7 minutt! Desse sterke damene bidrog med musklar og middel for at jenter i Laos skal få utdanning! Tusen takk for flott innsats!

DU óg kan delta ved å m.a. støtte innsamlinga på spleis.no/walkforlivingwater eller lage din eigen aksjon eller innsamling.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp