Gi en gave
Nettbutikk
Meny

Misjonsskog

Foto: Alke Made fra Pixabay Last ned
I ei gudsteneste i Kirkelandet kirke ei tid attende var sokneprest og prestegardseigar Carina Strøm liturg. I ei god og aktuell preike om travle kvardagar og forsømde gjeremål nemnde ho m.a. plantefelt som skulle vore rydda og regulert, slik at dei beste treslaga kan utvikle seg.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Då kom ein tanke om bruk av restarbeidsevne, ikkje heit gløymd fagkunnskap og utsikt til inntekt for misjonen.

Neste steg var synfaring på deler av prestegardseigedomen saman med skogeigar og skogansvarleg i Averøy. Me såg på stader det var viktig å få gjort noko i ungskogen, pris for arbeidet og prioritering av rekkefølgja. Det var to tiltak som peika seg ut: Tynning eller avstandsregulering i plantefelt med sitkagran der fura hadde kome tett opp og teke over arealet, og ei bratt li med god jord der lauvskog breia seg ut over grantoppane og hindra vekst og utvikling.

Store furuer og små graner i høveleg blanding

Så var det berre å sette i gang. Arbeidet  var tyngre enn venta og seinhaustdagane korte, prestasjonane vart deretter. Det vanskelegast var å felle grov bjørk med stiv kvist på ein slik måte at ikkje grantoppane går med i nedslaget. Ein annan, men meir arbeidskrevjande måte, er å ringborke lauvskogen, slik at treet døyr på rot, og greiner, kvistar og til slutt stammen dett av til ulik tid slik at grantoppane klarer seg.

I plantefeltet på grøfta, flar myr var det om å gjere å sleppe fram dei få sitkagranene som hadde sjanse til utvikling, og fylle ut med dei beste av furene som hadde frødd seg frå tre i nærleiken.

Dette vart mykje skogbruk og lite kristendom og misjon. Bibelen er sterkare på husdyrhald enn på skogsbruk. Likevel: Alle kjenner omtalen av sederen på Libanon og morbærtreet Sakkeus klatra opp i. Terebinteeika som Jesaja omtalar er for dei få interesserte. Aktuelt for temaet her er åtvaringa om at øksa ligg ved rota av treet, det som ikkje ber frukt blir hogge ned og brent opp.

Fordelinga av verdiskapinga blir likevel bra for misjonen: Standardprisen for røkt av 1 daa er 500 kr, det går utan avkorting til misjonen. Skogeigaren får gjort eit arbeid det elles er vanskeleg å finne tid til. Skogbruksansvarleg får eit pluss for utføring av gode framtidstiltak, og skogsarbeidaren  kjem seg opp av stolen og ut i terrenget. Det er m. a. godt for magen. I tillegg tek eg med eit lass med ved av det som er felt ned, som godtgjersle for diesel, motorsagbensin og smørjeolje.

For eigen del vonar eg at det skal bli fint ver og lite snø framover slik at det vert mange arbeidsdagar. Arbeidet kan også halde fram til hausten. Det er berre å koma seg ut!

PS: For dei som hugsar misjonssauen frå førre nummer, kan me opplyse at kvaliteten er framifrå kokt, steikt, som rull og pinnekjøt og som kjøtdeig. DS.

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp