Gi en gave
Meny

Songkveld- «Saman som kyrkje»

Foto: Foto: Astrid Ulvestad Øygard Last ned
I Vatne kyrkje var det songkveld med fokus på pinse og misjon 2.pinsedag. "Saman som kyrkje i heile verda" har engasjert mange kyrkjelydar, og Vatne kyrkjelyd valde å ha fokus på sin misjonsavtale der dei støttar  Sat7 via NMS, denne kvelden.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Edvard Orvik leia kvelden på ein fin måte og tok oss stødig gjennom eit fyldig program. «Kor Herrleg» deltok med fire fine songar, og Jorunn Bakke Orvik hadde fått med seg musikarane Krastyu Panev (gitar) og Geir Flåm (baryton). Dei sytte for flott musikk og fint tonefølgje til alle salmane.

Sokneprest Karl Johan Bjørge hadde ei kort, «to the point» – andakt og Bjarne Øygard orienterte om arbeidet til Sat7. Vi fekk høyre og sjå pastor Tomas frå Egypt som fortalde at i denne vanskelege pandemitida såg han, at sjølv om mange hadde det vanskeleg og er fattige, så hjalp dei og støtta kvarandre med det dei hadde.

Bjarne fortalde ei historie om ein som hadde blitt kristen gjennom å høyre på sendingar frå Sat7 over mange år. Vi håper at  gjennom å støtte arbeidet til Sat7, så kan mange fleire kome til tru på Jesus. Songane, orda og fellesskapet gjorde denne kvelden til ein fin og oppmuntrande kveld. Pinsebodskapet ber bod om ein Gud som er nærverande her og no og overalt.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp