Gi en gave
Meny

Musikals aften med ei utstrakt arm

Foto: May Lisbeth Hovlid Aurdal Last ned
Der støtter vi NMS sitt arbeid i Lovsangshjemmet, der borna får mat, tryggleik og utdanning, og dei får musikkopplæring og får lære å spele fiolin.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Søndag kveld var Sykkylven kyrkje gjort klar for konsert og pynta med lykter, lys og haustfargar. Lena Fet, Anette Fet og TRIO med band haldt ein varm konsert med håp, trøyst og takksemd som tema.

Etter opningssongen til TRIO med band, «Thank you Lord, for your blessings», ynskte Sykkylven sokneråd ved leiar May Lisbeth Aurdal, velkomen. Ho peika på gleda over at vi har sangen og musikken, og at songarar og musikarar vil stelle til konsertar for bygdefolket.

Dei mange publikummarane viste verkeleg at dei sette pris på konserten. Tusen takk for den gode kollekten de gav! Etter at musikarane og songarane hadde fått det dei skulle, vil soknerådet gjere som TRIO sang so fint: «Sträck ut en hand».

Vi sender noko av kollekten til nokre av dei fattigaste av dei fattige borna i slummen i Bangkok. Der støtter vi NMS sitt arbeid i Lovsangshjemmet, der borna får mat, tryggleik og utdanning, og dei får musikkopplæring og får lære å spele fiolin, cello og kontrabass!

Ei stor takk til dei dyktige songarane og musikarane som haldt denne flotte konserten! Det var ein konsert med høg kvalitet og gode tekster. Lena Fet gjorde ein svært god jobb med lyd, og ei vakker lyssetting, i tillegg til nydeleg gitarspel og song ilag med Anette. Konserten fekk ei mektig avslutning med alle aktørane og publikum ilag, på «Amazing grace».

Slik kan ein og vere med på å markere Giving Tuesday og GI song, musikk og håp!

Givingtuesday

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp