Gi en gave
Meny

Landy mottatt med glede

Last ned
Landy Bakke frå NMS hadde misjonskveld på seniortreffet på Mjuklia. Ho orienterte om NMS sitt arbeid på Madagaskar, heimlandet sitt.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det var interessant å høyre ho fortelje om sitt møte med nordmenn og Norge. Som innvandrar sjølv kan ho forstå korleis våre nye landsmenn opplever det. Innvandrarane kjem til oss med sol, sa ho. Og med sol meinte ho smil, openheit og varme.

– Det er viktig at vi møter folk med smil og inviterer dei inn i  vårt liv og vår kvardag. På den måten blir også vårt vitnesbyrd om Jesus og vår kristentru meir attråverdig og smittsam, sa ho.

Mellom 30 og 70 menneske deltok på seniortreffet som varer frå 5. til 8. september .

Tidlegare biskop Laila Riksåsen Dahl har tre bibeltimar om raude trådar i Bibelen. Om samanhengen i Bibelen. Om lovnadene i det gamle testamentet som blir oppfylt i det nye testamentet. Om grunnvollen som er lagt ved  Jesus Kristus. Det er på denne grunnvollen vi er utfordra til å aktualisere og aktivere og praktisere vår kristne tru i vårt liv i dag.

Vidar Kristensen tar oss med på «stevnemøte med salmeboka» saman med Orkland mannskor og Svein Volle. Det blir også tid til ei lita fjellvandring med gudsteneste i Nerskogen kapell.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp