Gi en gave
Meny
Last ned

Nytt frå Alværa

Foreininga “Alværa kyrkje-og misjonssenter” blei stifta 28.04.2023. Dette betyr eit stort ansvar lokalt. Vi må alle vere med og gjere Alværa meir kjent og - ikkje minst - bruka leirstaden
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Styret står ansvarleg for drifta mellom årsmøta.
Når det gjeld medlemskap, så er det ope for alle som vil vere Alværa-vener. Vi ynskjer alle velkomne, og innbyr både folk lokalt, NMS-medlemar, brukarar av Alværa og andre i region Bjørgvin til å teikne medlemskap.

Bruk Alværa

Utover i året er det ein god del utleige på sjølvkost og leige av lokale. Men det er plass til meir. Så har du ein dag du vil feire, vil du ta med storfamilien på weekend eller starte haustsemesteret i kyrkjelyden med ein tur, så ta kontakt. Alværa er ein heilt ideell stad for både unge og gamle. Den ligg vakkert til ved Sognefjorden, og innbyr til mange fine fjellturar i nærleiken. Her er stort uteområde med benker og høve til grilling, og universiell tilkomst både ute og inne.
Tida framover blir spanande, men styret har tru på denne modellen. Vi er avhengige av gode støttespelarar som kan bidra på ulikt vis: som medlem, med gåver, på dugnad eller som arrangør for eit arrangement. Og ikkje minst treng vi forbøn, så Alværa framleis kan vere ein oase og ein møtestad mellom Gud og menneske.

Ingunn Sognnes, styreleiar

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp