Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin Tusvik Helle Last ned

Velkommen til Ålesund sommaren 2020

25. juni-28. juni 2020. Her skal vi saman finne inspirasjon til det gode fellesskap! Alle treng å kome saman! Vi treng å sjå og bli sett! Vi treng å bli inspirert. Skal vi overleve som kristne og som kyrkje, må vi saman finne måtar og overlevere kyrkja til nye generasjonar og folkeslag.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det har vore mykje omorganisering i NMS; mange har vore usamde i mykje, og då er det enda viktigare å kome saman. Snakke saman, sjå ting saman, og finne gode vegar å gå vidare saman på.

Geiranger. Foto: Laila Helle

Kvar er vel betre stad enn Ålesund til å gjere det?! Det er Norges vakraste by! Det er det vel liten tvil om! Og ikkje minst regionen rundt. Her er det mange turistmål innan liten  radius. Er det storslått natur du vil oppleve har vi Geirangerfjorden, Atlanterhavsvegen, Rundefjellet berre eit par timars køyring ifrå Ålesund sentrum.

Vi har høge fjell og djupe fjordar i hopetal! Her er det berre å velge og vrake. Er det polarhistorie du er oppteken av, har vi eit stor polar museum på Brandal, ein kort båttur frå Ålesund. Her er ikkje plass til å nemne alt! Det kan vere lurt å legge inn 14 dagar med ferie i Møre og Romsdal til neste år, og la GF/sommarfest vere deler av den. Det skal mykje storm og styggever til før det vil bli ein skuffelse.

Mange mennesker opplever einsemd. Mange har vore NMS engasjert eit langt liv, men opplever at foreninga legg ned, folk forsvinn ut av arbeidet. Det har minka på tilsette, det er VI som saman må løyse oppdraget frå Jesus. Han har lova å gå saman med oss, både i kvardag og fest. Saman rundt bordet, saman om å dele, saman om å utrydde fatigdom, saman for ei betre og meir rettferdig verd. Ingen kan gjere alt, men saman kan vi få utrulige ting til å skje!

Programkomiteen har mange gode krefter i sving og har ute spørsmål til fleire i desse dagar. Vi vil ikkje røpe noko enda, anna enn å seie at vi ikkje er så opptekne av å få kjente namn til Ålesund. Vi trur at vi saman vil skape den gode stemninga og gi kvarandre mykje god inspirasjon på vegen vidare. GF er korta ned med ein dag frå 2020, slik at den store utfluktsdagen er tatt ut av programmet. Barn og unge vil få eit eige opplegg i gå avstand til hallen og tenåringar vil få leirtilbod på Kjeldsund saman med tenåringar frå regionen.

Velkomne til Ålesundsregionen sommaren 2020! Velkomne til å vere SAMAN i Ålesund i 4 forhåpentlegvis gode dagar!

 

Helsing

Barbro Landmark, leiar i hovudkomitéen GF 2020

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp