Gi en gave
Meny
Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet Vestposten Last ned

Heidrar dei frivillege på NMS Gjenbruk

NMS Gjenbruk i Ulsteinvik får frivilligprisen for 2022 i Ulstein. - Ein høgst fortent vinnar, seier Mari Ann Vattøy og Annika Brandal i styret til Ulstein frivilligsentral.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Mari Ann Vattøy og Annika Brandal i styret til Ulstein frivilligsentral troppa måndag opp i lokala til NMS Gjenbruk i Ulsteinvik sentrum.
Der overraska dei den frivillige gjengen med eit diplom, blomar og 5.000 kroner. NMS Gjenbruk er nemleg tildelt frivilligprisen for 2022 i Ulstein. Frivilligsentralen deler kvart år ut frivilligprisen på den internasjonale frivilligdagen 5. desember.

– Dette var kjekt – og det er veldig fint å bli sett pris på. Denne prisen er absolutt ei anerkjenning av det gode arbeidet som har blitt gjort her gjennom to tiår, seier Inga Marie Aurvåg og Anne-Marie Hopland.
I år er det faktisk 20 år sidan NMS Gjenbruk først opna dørene, i Kyrkjegata. I dag har butikken tilhald i bygget på Sanden der Cubus i si tid heldt til. Sidan den gongen er det tallause frivillige timar som har blitt lagt ned for å drive gjenbruksbutikken.

Takksame: Frivilligprisen i Ulstein for 2022 gjekk til dei frivillige i NMS Gjenbruk. Frå venstre ser ein Bjørg Hasund, Anne-Marie Hopland, Turid Husøy, Inga Marie Aurvåg,
Aase Ulla og Mari Ann Vattøy og Annika Brandal i styret til Ulstein frivilligsentral.

Sosial møteplass
NMS Gjenbruk er Noreg si største gjenbrukskjede med 52 butikkar, som blir drive av 2.500 frivillige medarbeidarar. I Ulsteinvik er det rundt 40 som utgjer arbeidsstokken, og som jobbar i turnus. I fjor omsette butikken for 1,1 millionar kroner, medan dei i år reknar med å passere 1,5 millionar.
– Vi tel ikkje timar, dette er berre kjekt å få vere med på. I tillegg til å vere ein butikk, er det ein fantastisk sosial møteplass for mange, seier Aase Ulla.

– Det er kjekt å føle at nokon har behov for ein, også etter ein er ferdig i yrkeslivet, seier Turid Husøy.
Husøy og Ulla fortel at dei har merka ein oppsving i salet fram mot jul, og at til dømes ukrainske flyktningar, men også folkehøgskuleelevar, nyttar seg av tilbodet.
– Det er mange av dei som går på Sunnmøre Folkehøgskule som ønsker å pynte til jul, og dei har funne mykje fin julepynt her hos oss, seier dei.

– Fortent
Mari Ann Vattøy og Annika Brandal i styret til Ulstein frivilligsentral fortel at dei fekk inn mange gode nominasjonar, men at NMS Gjenbruk merka seg ut.

– Det er veldig fint å gi prisen til nokon som har vist så godt igjen i Ulstein-samfunnet, gjennom heile tjue år. Det er kjekt å kunne bidra til eit ekstra kjekt 20-årsjubileum, seier dei.


Nyheter

Den imponerende innsatsen!

I 25 år har NMS gjenbruk vært en del av organisasjonen vår, og det økonomiske bidraget fra NMS Gjenbruk har blitt viktigere og viktigere for NMS.
Les mer

Misjonæren som ble butikkleder

Med bakgrunn som veterinær, bistandsarbeider og misjonær, ble Kai-Arne Schie styreleder for NMS Gjenbruk Lillestrøm. Han mener det er viktig å profilere hva NMS står for også gjennom gjenbruksbutikkene.
Les mer

Noe litt rart er blitt til noe veldig stort og viktig

I løpet av 25 år har gjenbrukshandelen i NMS økt fra noen få hundretusen kroner til nesten hundre millioner. Utviklingen har gjort NMS Gjenbruk til en av de viktigste inntektskildene til NMS.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp