Gi en gave
Meny
Last ned

Familieweekend med Frekvens

Hadde du kome til Kjeldsund utpå ettermiddagen andre laurdag i november, hadde du nok lurt litt. Heilt mørkt, men lyd, latter og lys avslører at her er det noko som skjer.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Lyden kjem frå ein gjeng med vaksne og born som er ute og leitar etter refleks i mørket. Lyset kjem frå lykter som lyser opp haustkvelden på jakt etter postar og poeng.  Det du møter er Frekvens familiekor som igjen har samla seg for å ha det kjekt saman på familieweekend.

Frekvens familiekor arrangerer Kjeldsund familieweekend fire gongar i året, der 20-30 små og store er saman frå laurdag til søndag. Vi syng og spelar, vi kosar oss med  god Kjeldsund-mat, vi ler og leikar, og nokre spelar bordtennis til langt på natt. Det er plass til strikketøy og gode samtalar, vi ber og deler frå Bibelen. Det er padling mellom holmar og skjer, bading når det varmt, og aking når det er snø. Alle kan få vere med å bidra, nokre likar å synge solo eller å spele trommer, andre organiserer leikekveldar eller lagar familiesøndagsskule. På nokre av samlingane reiser vi ut på tur for å opptre med koret.  Det aller beste er å kople ut kvardagen, og vere saman som familie i fellesskap med andre.  Koret består av heile familiar, halve familiar, besteforeldre med barnebarn, og  vennar som slenger seg med. Her er familiebegrepet stort og raust!

Familiekoret har i  25 år vore ein del av NMSU sitt arbeid på Sunnmøre. For å få fram at vi ikkje berre er eit kor, har vi gitt namnet «Kjeldsund familieweekend» til samlingane våre. Arrangør av desse samlingane er då Frekvens familiekor, som tidlegare vart kalla NMS familiekor. Medlemmane kjem frå Vestnes i nord til Volda i sør, og frå ulike kyrkjesamfunn.

Tilbake til Kjeldsund i november; Søndags morgon er det strålande sol mot ein klar blå himmel, blank fjord og kvit frost på bakken. Alle pakkar på seg godt med kle, så feirar vi Gud og fellesskapet med ei enkel vandregudsteneste i magiske omgjevnader. Ungane myldrar rundt, vi les bibelvers og ber bønner saman, og plutseleg er det nokon som ropar at dei ser fisk i vatnet, samtidig som vi les om historia om brød og fisk frå Bibelen. Fantastisk!

Etter middag er Kjeldsund familieweekend over for denne gong. Vi gler oss til neste treff 8.-9. februar, og håper at endå fleire kjem og blir med i fellesskapet vårt. Søk opp Frekvens familiekor på Facebook for oppdateringar og informasjon, men ta også gjerne direkte kontakt!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp