Kick-off for kyrkjene i Sykkylven
Kyrkjene i Sykkylven starta hausten med ein Kick-off-dag som samla 60-70 stk. i alle aldrar. Her var det opplegg og innhald for alle. Barn, ungdom og vaksne hadde felles og separate aktivitetar og kreative opplegg. Felles sporløp var med å riste folk med ulik alder og bakgrunn saman.
Temaet var vennskap. Det erfarte vi på ulike måtar denne dagen. Når vi deler tid saman bygg vi fellesskap og vennskap. Av det innhaldsrike programmet med god bibelundervisning av Ole Ous og songar, tek vi også med oss vidare oppfordringa frå barne- og ungdomskonsulent i NMSU Erika Lynn Solli:
Del det du har (tekst: Runar Bang)
«Du har fått en gave, en gave fra Gud
Ta imot Guds kjærlighet og hans kjærlighetsbud
Prøv å elske andre slik Gud elsker deg
Våg å del med andre det Gud gir til deg»
Kyrkjelydane i Sykkylven og Ikornnes har misjonsavtale med NMS og støtter arbeid i Thailand og Midtøsten. NMS/NMSU er på lag med kyrkja om å oppfordre til å dele tru og bygge fellesskap i ord og handling. Både barn, unge og vaksne vart undervist i og kasta seg ut i DELE-sangen og dansen.
Danse og synge om å dele?
Når du deler kan du gjer andre glad. Læresveinane til Jesus og dei første kristne delte det dei hadde; talent, tid, tru og ting. Dei hjalp vener med det dei kunne og det dei hadde, Apg. 2:42. Kong David og Mirjam i Israel, likte å danse. Dei elska Gud høgt og dei song og spela instrument og dansa for Gud. Vi kan også gjer det – danse for Gud og for kvarandre.
Del tro, del tid
Del de tinga du har
Del ditt talent
Du kan være et svar
På en bønn
Fra noen som trenger en venn
Som du
Del det du har
Når vi deler ting, skaper vi ei meir rettferdig verd
Kyrkjene i Ikornnes og Sykkylven er med å be for og å gi støtte til skule for flyktningar, kvinners rettar og bibelarbeid i Midtøsten, fem lørdagsklubbar i Thailand der barn får lære, leike og høyre om Jesus. Støtte til gravide kvinner med ekstra behov, bidra til Barnas kirke, og at barn frå slummen i Bangkok får gå i barnehage. Film vart vist frå dette arbeidet og delekort med bordvers brukt på borda med grautservering og grilling. Også på denne måten vart vi oppfordrar til å DELE TRU. Misjon startar her vi er i eigen kyrkjelyd, og vidare ut.
Vi har fått hverandre i gave av Gud
Ingen, ingen andre er som du
Det du mangler, er det andre som har fått
Det du har, det kan du bruke til no’ godt