Gi en gave
Meny

Erfaringar med å stå «Saman som kyrkje i heile verda»

Last ned
Jesus gav oss oppdraget: Gå ut i heile verda. I dei 2000 åra sidan har trua spreidd seg over heile verda. Det er godt å vite at overalt der vi ferdast kan vi finne fellesskap med vår kristne familie. 
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Gjennom leirane på Kjeldsund fekk eg møte misjonærar og forteljingar frå fjerne land. Eg fekk synge og danse saman med unge menneske frå Kamerun og Madagaskar. Eg fekk delta på leirar saman med ungdomane i kyrkja i Kroatia. Eg har sunge «Navnet Jesus» på perespråket under stjernehimmelen i ein fjern landsby i Kamerun. Vennene eg traff i kyrkja i Australia for 28 år sidan er nære enno. Omsorga eg fekk frå mine venner i kyrkja i Thailand ber meg enno i livet. Å vere ein del av kyrkja er meir enn berre Ulstein, å vere ein del av kyrkja gjev oss sysken og fellesskap over heile verda.

Lat oss stå saman med våre systerkyrkjer i bøn og gjennom praktisk og økonomisk støtte.

«Vi må vere globale kristne med ein global visjon, fordi Gud er ein global Gud»

John Stott

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp