Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin Tusvik helle Last ned

Ein inspirerande og optimistisk dag

- skal vi ta dei hyggelege tilbakemeldingane på alvor. Forventning var tema på Haakon Kessel sin bibeltime under regionstemnet på Vestnes. Forventning på så mange plan.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Ha delte fleire typer forventning som kristen tru gir oss menneske.
Når vi summerer opp dagen og lytta til korleis dagen er opplevd, er det tydeleg at forventning er innfridd!

– Val av ny regionstyreleiar, Olav Gading, – stor takk til medlemmar som har gått ut og ekstra stor takk til  Arne Drøpping som har gått av etter 6 år som leiar!

– Ny medarbeider i NMSU, Miriam Mulelid vart presentert

Misjonsinfo frå Estland og misjonshistorie frå Japan

Asbjørg Oksavik Sve fortalde og viste bilder frå vigslinga av Mustamäe kyrkje som ho var tilstades på i juni i år.

Haakon tok oss med tilbake i historia og fram til i dag gjennom temaet «Silkeveien før og nå, møte mellom øst og vest».

Berit Nerheim Andersen ønska velkommen og leia bibeltimen og Sonja Kaldhol leia misjonsfesten på ein uformell og humoristisk måte.

Cecilie og Arne Drøpping hadde lasta opp bilen med flotte heimesydde varer (Bergfruas Lapper) som vart selt denne dagen og som ga ei ekstra inntekt til NMS på ca. kr. 8000,-.

Mannskor er nydeleg å høyre på og det fekk vi bekrefta når dei dyktige songarane i «Kor Herrleg» var med å sette sitt preg på dagen med vakre kjente sanger.

God mat, mykje skravling rundt borda er vel teikn på god stemning. Her møtes menneske med et felles oppdrag og optimisme, noko som lover bra for vidare arbeid i Møre.

Takk til kvar og ein som kom og var med å skape forventning til inspirasjon når vi møter hausten.

Her er eit knippe bilder frå regionstemnet.


Nyheter

Ei helg for kreativitet, fellesskap og inspirasjon

Kjeldsund, 26.–28. september: I vakre omgjevnader på Kjeldsund samla 30 kreative damer seg til ei helg fylt med strikking, redesign, gode samtalar og inspirerande innslag. Her var det rom for å vere seg sjølv, senke skuldrane og nyte ei helg utan ansvar – med god mat, ferdig oppreidde senger og null oppvask.
Les mer

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Les mer

En mandag kveld på NMS Gjenbruk Sandnes

Klokken 17.00 stenger butikken, men da strømmer det på med medarbeidere klare for mandagsdugnaden.
Les mer

Helt topp regionstevne!

Regionstevne for Møre ble arrangert lørdag 23. august på Røbekk i Molde. Røbekk kirkesenter var fylt til siste plass under misjonsfesten og viste stor oppslutning om misjonens arbeid.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp