Gi en gave
Meny
Last ned

Ei helg for kreativitet, fellesskap og inspirasjon

Kjeldsund, 26.–28. september: I vakre omgjevnader på Kjeldsund samla 30 kreative damer seg til ei helg fylt med strikking, redesign, gode samtalar og inspirerande innslag. Her var det rom for å vere seg sjølv, senke skuldrane og nyte ei helg utan ansvar – med god mat, ferdig oppreidde senger og null oppvask.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Mor og dotter med kvar si ny flotte «heime»-sydde veske

Helga baud på eit mangfald av aktivitetar: Nokon strikka, andre sydde om gamle gardiner, dukar og plagg til noko heilt nytt. Nokre fornya ein gamal genser, andre fekk hjelp til å finne rett mønster og teknikkar. Det var også demonstrasjonar av nyttige saumteknikkar for både faste og strikka stoff.

StudioLun frå Volda delte sine nyaste strikkedesign og hadde med spanande garn og tilbehør som deltakarane kunne både kjenne på og kjøpe med seg heim.

I tillegg til det kreative, fekk deltakarane også påfyll for sjela.

I tillegg til det kreative, fekk deltakarane også påfyll for sjela. Dorthe Lervik delte frå NMS sitt arbeid i Egypt, der ho i fjor haust fekk besøke fleire av NMS sine prosjekt, samt vere på Anafora – eit diakonalt senter bygd opp av biskop Thomas. Det var interessant og inspirerande å få høyre om. Om kvelden var det kos med gitaren saman med Ruth Linda, og tonane fylte rommet med varme og fellesskap.

Bak arrangementet stod ein engasjert komité: Barbro, Laila, Dorthe, Ruth Linda og Lena, som sørga for god tilrettelegging og ei varm atmosfære.

«Eg har sydd meg ny jakke og kjøpt nytt strikkeprosjekt… Takkar for ei gild helg!» – deltakar


Nyheter

Ei helg for kreativitet, fellesskap og inspirasjon

Kjeldsund, 26.–28. september: I vakre omgjevnader på Kjeldsund samla 30 kreative damer seg til ei helg fylt med strikking, redesign, gode samtalar og inspirerande innslag. Her var det rom for å vere seg sjølv, senke skuldrane og nyte ei helg utan ansvar – med god mat, ferdig oppreidde senger og null oppvask.
Les mer

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Les mer

En mandag kveld på NMS Gjenbruk Sandnes

Klokken 17.00 stenger butikken, men da strømmer det på med medarbeidere klare for mandagsdugnaden.
Les mer

Helt topp regionstevne!

Regionstevne for Møre ble arrangert lørdag 23. august på Røbekk i Molde. Røbekk kirkesenter var fylt til siste plass under misjonsfesten og viste stor oppslutning om misjonens arbeid.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp