Gi en gave
Meny
Foto: Siv H. Undheim / RANDABERG: I år opna NMS Gjenbruk Randaberg i nye, større lokale. F.v. Kari Grødem, Toril Espedal og Kirsten Kro. Last ned

Tekstilrevolusjon i NMS Gjenbruk

Misjon, miljø, møteplass – og no også mote. Tekstil–inntoget i NMS Gjenbruk førte til eit driftsresultat på 23,7 millionar kroner direkte til misjonsarbeidet i 2021. Det er det meste så langt i NMS si 24 år lange gjenbrukshistorie.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Denne saken står på trykk i den nyeste utgaven av Misjonstidende, som også inneholder årbok for 2021.

– Trass i fleire koronastengde butikkar etter påska i fjor, er 2021 det beste året vi har hatt, kan konstituert dagleg leiar Turid Øyre Øygard i NMS Gjenbruk fortelje.

2022 ligg an til å bli eit endå betre år. For då Årboka gjekk i trykken i vår, låg omsetninga på over 20 millionar samanlikna med 13 millionar på same tid i fjor.

Kle framfor kommode

‒ I 2020 fekk de inn 24,8 millionar kroner til misjonsarbeidet. Kvar gjer 2021 til eit betre år?

– Den summen inkluderer 5,5 millionar i koronastønad frå stat og bransjeforeininga Omatt, forklarer Øygard som fungerte som leiar fram til Siri Bloch Lindtveit starta i mai 2022.

– I 2021 fekk vi derimot berre 1 million kroner i koronastønad. Om ein ser vekk frå offentleg stønad, er det litt av ein framgang.

Ho trur noko av grunnen er satsinga på kle.

– Det er ikkje sofa folk spør etter lenger. Fleire butikkar har selt kle lenge, men då NMS Gjenbruk Kristiansand byrja i 2020, tok det heilt av, seier Øygard som merkar at kundane har vakna når det gjeld haldningane til tekstilproduksjon.

– Fleire veit at produksjon av kle er ein av miljøverstingane og ønskjer å ta meir berekraftige val. Denne positive bølga ønskjer vi å vere ein del av, seier ho og legg til at det ikkje nødvendigvis gjer jobben travlare i butikken.

– Folk kjem med posane direkte til butikken der frivillige sorterer og heng plagga på stativ. Det gjer det lettare å halde det oversiktleg og ryddig. Mange av dei frivillige er godt vaksne. Tekstil er lettare å hanskast med.

Frivillige musklar

Men det er ikkje berre tekstil som har skapt vekst. NMS har alltid vore ein grasrotorganisasjon, og den tradisjonen lever vidare i stadig nye former.

Turid Øyre Øygard, konstituert dagleg leiar for NMS Gjenbruk då årboka jekk i trykken. No har Siri Lindtveit starta i stillinga som dagleg leiar for NMS gjenbruk

– Smittefaren har ikkje skremt folk vekk. Nei, faktisk er det motsett. Det er fleire frivillige no enn før pandemien. Kanskje var folk leie av å leve isolert og såg NMS Gjenbruk som ei moglegheit til å bidra til noko større, samtidig som ein blir ein del av eit fellesskap, undrast Turid som no kan telje godt over 2500 frivillige eldsjeler fordelt på dei 52 butikkane frå Bodø i nord til Lyngdal i sør.

Det gjer NMS Gjenbruk til den gjenbruksaktøren med flest frivillige og butikkar på landsbasis.

– Koronastengt i periodar sette rett nok ein stoppar for planlagde møte og prosjekt, men frivillige og tilsette har ikkje mista motet. Dei har vist tilpassingsevne og fleksibilitet, seier Øygard og viser til høgdepunkta av arrangement som likevel fekk gå som planlagt:

– Dei fleste butikkane arrangerte Grøn Fredag som er eit alternativ til Black Friday. Fleire medarbeidarar har delteke på forskjellige kurs gjennom «Omatt». Ikkje minst var vi synlege på Arendalsveka med stand og arrangement.

Fleire utvida butikkar

2021 var året for å fornye garderoben, men også året der fleire av butikkane vart oppfriska, utvida og flytta til nye, betre lokale.

– I 2021 flytta Kongsberg- og Tønsberg-butikkane til større lokale. NMS Gjenbruk Lilleborg i Oslo var under planlegging og opna våren 2022. NMS Gjenbruk Randaberg har flytta og opna i nye lokale noverande år. Også Arendal- og Egersund-butikkane har utvida, kan Øygard fortelje.

Knausen lysstøyperi har utvida med ein ekstra etasje i låven sin på Melhus utanfor Trondheim.

– Dei har såleis fått dobbelt så stor plass og betre arbeidsforhold, seier ho og fortel engasjert om ein heis som enklare fraktar gamle lysstumpar inn og ferske kvalitetslys ut til butikkane.

– Vi har også laga nytt utstillingsmateriell for å synleggjere den sjarmerande lysfabrikken. Det har aldri vore så stor etterspurnad etter gjenbrukslysa som no.

Lys framtid

Framtida ser lys ut både for lysstøyping og gjenbrukssal.

– Sidan den spede start for 24 år sidan har NMS Gjenbruk vakse jamt og trutt. 52 butikkar og eit lysstøyperi bidreg til ein fjerdedel av alle inntektene i NMS, seier Øygard og presiserer at det er den daglege innsatsen til frivillige, tilsette og trufaste kundar ein kan takke for det.

– Framover skal vi jobbe vidare med å knytte butikkane nærare kvarandre og nytte potensialet som ligg i at vi blir betre saman.

– Gjenbruksbransjen veks. Er de redde for konkurranse?

– Nei. Gjenbruk er framtida. Etterspurnaden er stor, og vårt særpreg er at vi ikkje har strigla nisjebutikkar med dyre varer, men tilbyr eit mangfald. Her kan du gå på skattejakt og gjere eit kupp, men du kan også få ein kaffikopp og slå av ein prat, svarer Øygard.

– Kvar butikk er forskjellig, samstundes som ein kan kjenne att NMS Gjenbruk sitt særpreg i alle. Vi skal fortsette å vidareutvikle og styrke merkevara vår.

Jeg vil bli abonnent på Misjonstidende og motta seks utgaver i året – HELT gratis!

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2002


    Nyheter

    Medarbeiderfrokost i Gjenbruksbutikken

    Julefrokost er tradisjon på Gjenbruksbutikken i Molde og på Luciadagen ble det både opptog, mat og sang.
    Les mer

    Hyggeleg advents-og medarbeidarfest for Gjenbruk i Ålesund

    Dei fleste frivillege på Gjenbruk i Ålesund ville gjerne vere med på denne festen i Borgund menighetshus.
    Les mer

    Ny Gjenbruksbutikk på Sunndalsøra!

    Torsdag 28. november klokka 12 åpnet NMS Gjenbruk ny butikk på Sunndalsøra med taler, snorklipping, kaffe og kake og selvsagt kleshandel.
    Les mer

    Innholdsrik misjonshelg på Røbekk

    Misjonsforeningene i Molde hadde sin tradisjonsrike misjonshelg i november, med misjonsfest lørdagskvelden og misjonsgudstjeneste søndag 17. november. Snøvær og kuling stoppet fergene over fjorden denne lørdagen, men
    Les mer
    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp