Gi en gave
Meny
Last ned

Kvifor er du engasjert i misjon og NMS?

Regionstyret saman med dei tilsette i region Møre inviterte til regional samling mandag 26. mai for representanter fra områdeutvalga, gjenbruksbutikkane, leirstaden Kjeldsund og NMSU. Dei 23 som kom representerte då alle "arbeidsgreinene" i regionen. Kvelden vart leia av regionstyreleiar Olav Gading.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Kvelden starta med servering av deilig kyllingsuppe og foccacia, seinare vart det kaffe og twist.

Mål: Bidra til samordning og gje informasjon og inspirasjon for dei ulike delane av arbeidet. Det er og tenkt som ein stad der tilsette og frivillige kan jobbe saman.

Tema: Ulike grunnar til å vere engasjert for misjon. Kvifor er DU engasjert i misjonen på den måten du er akkurat no?

  • Innlegg ved unge leirleiar Ingebjørg: – Ynskjer å dele tid, tru og talent. Eg brenn for at borna skal få høyre om Jesus, at det er for alle og ein del av noko større! Eg har sjølv vore på leir sidan 2. klasse. Leiarane har betydd mykje for meg, og eg har fått føle at eg høyrer til. No vil eg gje tilbake.
  • Innlegg v/ Olav Gading: Kvifor vere med på dette?
  • Stikkord: Er det for å lære om misjon? Fellesskap? Pengar til misjonen? Fleire skal få høyre om Jesus? Leirarbeid? Gjenbruksbutikkar?
  • Rundt dei fem borda skulle ein så fortelle kvarandre kva ved dette som var viktigast akkurat no, ved konkret å skrive prioritert begrunning på ein lapp, synleggjere dette ved å plassere så mange egg dit som ein ønska, og så velge nytt område og antal egg. Egga vart flytta ein del hit og dit, og deltakarane såg etter kvart at områda gjekk over i kvarandre og var avhengige av kvarandre.
  • Det viste seg at ein har fleire grunner til å vere engasjert i misjonen. Det viste seg og at grunnen hadde endra seg sidan ein fyrst vart engasjert.
  • Innlegg v/ Miriam Mulelid (NMSU):

    Ei ny oppgåve vart presentert; der det skal lagast ein modell som gruppesamarbeid. Felles for alle greinene er engasjement, motivasjon, meining, fellesskap, tilhørigheit, talent. Desse orda gir meining i eit samspel. Orda sto på lappar, og det var i tillegg illustrasjonar, mange pilar ein kunne bruke og ulike geometriske figurar. Prosessen på gruppa med å sette saman ein modell, skulle vere viktigare enn resultatet. Modellane rundt på borda vart ulike.

Olav Gading fortsatte med teorien: Misjonsinnsatsen kan samanliknast med Nils Arne Eggen sin fotballfilosofi i boka «Gofoten»:

1. Kvar spelar skal brukast til det han er best til.

2. Alle skal spele kvarandre gode.

Kan vi i NMS spele kvarandre gode? Kan vi gjere noko for dei andre delane av NMS? Treng vi noko frå «dei andre» for at vi kan lukkast? Korleis blir engasjement til (i) fellesskap?

Mange gode og kreative innspel i gruppene: oppfølging av kyrkjelydar, samarbeid mellom Gjenbruk og foreiningar/ kyrkjelydar, vaksne kan vere med på barneleirar, forbønsteneste, invitere ungdom til å kome til ei foreining for å dele.

Regionstyret og tilsette vil ta med tilbake alle gode bidrag og tips for vidare regionarbeid i Møre!

Tusen takk til alle som kom!


Nyheter

Populær redesignaften med fullt hus!

Fullt hus og 80 besøkende når NMS Gjenbruk i Molde arrangerte redesign aften i oktober.
Les mer

Ei helg for kreativitet, fellesskap og inspirasjon

Kjeldsund, 26.–28. september: I vakre omgjevnader på Kjeldsund samla 30 kreative damer seg til ei helg fylt med strikking, redesign, gode samtalar og inspirerande innslag. Her var det rom for å vere seg sjølv, senke skuldrane og nyte ei helg utan ansvar – med god mat, ferdig oppreidde senger og null oppvask.
Les mer

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Les mer

En mandag kveld på NMS Gjenbruk Sandnes

Klokken 17.00 stenger butikken, men da strømmer det på med medarbeidere klare for mandagsdugnaden.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp