Gi en gave
Meny
Last ned

Kampen om «gjenbruken»

Gjenbruksspegel på veggen der, kven er «gjenbruken» i verda her? Misjonssambandet eller NMS?
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

JUBILANT: I år feirer NMS Gjenbruk at det er 25 år siden den første gjenbruksbutikken ble åpnet. I den anledning gis det ut et ekstranummer av Misjonstidende med mye kjekt lesestoff om gjenbrukseventyret.

Du vil ikkje tru kva som stod i avisa Dagen ein julidag i fjor. Dette var ikkje agurknyheiter, men ein saftig biff. NLM Gjenbruk var no leie av å bli kalla «MLN» og «LMN». (Kor vanskeleg kan det vere?) No hadde dei vendt det andre kinnet til og skifta namn til det vinnande, men for nokon provoserande, namnet «Gjenbruken». Og ikkje nok med det. Dei hadde teke slagordet «det er vi som er gjenbruken» og nettadressa «gjenbruken.no» like framfor nasen til den gamle travaren NMS, som aldri gløymer at dei var først, både med misjon og gjenbruk.

Korleis er stemninga mellom dei to gjenbrukskjedane i dag?

«Velkomen etter»

– Stal Misjonssambandet ideen til NMS då de opna gjenbruksbutikkar sju år etter NMS?

– Nei, ler Bjarte Rydland, leiar i Gjenbruken, Misjonssambandets gjenbrukskjede.

– Ideen kom frå ein danske som dreiv ei gjenbrukskjede her i Noreg og som meinte at dette hadde vore midt i blinken for Misjonssambandet. Marknaden var framleis stor i Noreg. Her måtte fleire kristne komme på bana, meinte han.

Leiar Siri Lindtveit i NMS Gjenbruk kjøper faktisk denne forklaringa, men innrømmer at NMS «registrerte» at Misjonssambandet kom på bana i 2005.

– Om nokon reagerte, så roa det seg raskt. Det er rom for begge, og det er ein fordel å vere fleire, trur Lindtveit som i likskap med Rydland ser positive synergiar av fleire gjenbruksaktørar.

Først og størst?

Gjenbruken har 35 butikkar, 1850 frivillige og fire tilsette. NMS Gjenbruk har 52 butikkar, eit lysstøyperi, 2200 frivillige og sju tilsette. Det ser likevel ut til at NLM har større omsetnad. I 2022 kunne dei overføre 39, 5 millionar kroner til Misjonssambandet, medan NMS opererer med talet 37, 2 millionar same år.

– Men korleis vi kjem fram til desse tala, er kanskje ulikt. Difor blir det vanskeleg å samanlikne, skuldar Lindtveit på.

Rydland spekulerer i om kanskje Misjonssambandet har større butikkar og difor sel meir, trass i at dei ikkje har ope kvar dag og har færre frivillige. Eller har det skjedd eit mirakel? Uansett. Begge opplever sterk vekst.

Driftshemmelegheiter

Sjølv om det tydelegvis er Misjonssambandet «som er gjenbruken», er det ikkje sikkert kunden tenker særleg over kven dei handlar hos. Gjenbruk er gjenbruk.

– Er det nokon forskjell mellom Gjenbruken og NMS Gjenbruk?

– Vi er nokså like, synest Rydland.

Mistenkeleg like.

– Stel de idear frå kvarandre?

– Nei, påstår Lindtveit.

Men Rydland har sine tvil.

– Gjenbruken var først ute med større lokale, bilar som hentar varer, system og estetisk utforming av butikkane, i tillegg til sal av kle.

Men ifølge Solabladet selde faktisk NMS Gjenbruk Sola litt kle allereie på opningsdagen 11.11.1998. Lindtveit peikar dessutan på at «herminga» berre skuldast normal utvikling. Ein fornyar seg. Sånn er livet liksom. Likevel må dei begge innrømme at dei spionerer via sosiale media. Rydland tek til og med ein tur innom NMS sine butikkar om han er i nærleiken. «Undercover» sikkert, på jakt etter bedriftshemmelegheitene.

– Blir du inspirert av og til?

– Ja, innrømmer Rydland.

– Det å ha lokalt tilsette nærme butikkane er genialt. Det prøver vi ut sjølve. I tillegg er NMS Gjenbruk veldig synlig i organisasjonen.

NMS GJENBRUK: Daglig leder Siri Lindtveit

– Har Lindtveit noko positivt å seie om konkurrenten?

– Eg synest det er genialt at dei er samlokalisert med forsamlingane.

Side om side

– Er det god stemning mellom dykk?

– Ja, kjem det resolutt frå begge.

Mistenkeleg resolutt?

– Vi har eit godt samarbeid gjennom bransjeorganisasjonen Omatt. Men vi kunne godt ha samarbeida meir, for vi jobbar jo mot det same, gode formålet og marknaden er stor. Ingen kan dekke heile Noreg aleine, seier Rydland.

Leiar Bjarte Rydland i Gjenbruken, Misjonssambandet

– Begge kjedene har noko spesielt ved seg som andre kommersielle gjenbruksbutikkar ikkje har. Folk merkar at dette er noko anna enn andre butikkar. Begge kjedene støttar saker eg heiar på, legg Lindtveit til.

– Så det har aldri vore gnissingar mellom Gjenbruken og NMS Gjenbruk?

– Då vi skifta namn frå «Misjonssentralen Gjenbruk» til «NLM Gjenbruk» og fekk grøn logo, fekk vi nokre telefonar frå NMS–arar som lurte på kva vi dreiv med, seier Rydland humrande.

– Eg opplever i aller høgste grad at vi heiar kvarandre fram. Det hender faktisk at det kjem ein blome på døra når den andre opnar ny butikk, legg han til, men får også «snikskrytt» litt av at det var Gjenbruken som starta den trenden.

– Er «det er vi som er gjenbruken» innafor, Lindtveit?

Ho ler ei god stund før ho innrømmer at «det har vore eit samtaleemne».

– Vi er jo også «gjenbruken» for folk, seier ho.

Rydland forklarar namneskiftet med at dei hadde blitt kalla «gjenbruken» så lenge uansett.

– Eg trur NMS kan dra nytte av at namna no er meir forskjellige. Det er lettare å skilje den eine frå den andre, seier han.

Men kven er eigentleg best? Heller ikkje på dette spørsmålet får vi noko spennande svar som kunne ha redda inn denne artikkelen.

– Kanskje vi er noko billegare, prøvar Rydland seg, men det har ikkje Lindtveit noko tru på. Ho svarer kristeleg at «begge har livets rett og jobbar mot det same, gode formålet.» Gjesp.

Lindtveit avsluttar med ein tåre-dryppande tale som dei begge kan skrive under på:

– Møteplassbiten viktig. Ein verdi som ikkje kan målast i kroner og øre, også for dei frivillige. Folkehelseundersøkinga viser at det å ha ein meiningsfylt aktivitet saman med andre gjer at ein har det betre, både psykisk og fysisk, og lev lenger. Dette er folkehelse rett og slett. Den kommunen som har ein gjenbruksbutikk bør kjenne seg velsigna. Frivilligheit er rein, skjær folkehelse.

Og utan den stoppar Noreg.

GJENBRUK: Målfrid Oltedal til venstre og Kristine Byberg til høyre er blant de mange frivillige som utgjør NMS Gjenbruk. Her fra kjedens butikk på Sola i Rogaland. Foto: Marit Mjølsneset


Nyheter

Medarbeiderfrokost i Gjenbruksbutikken

Julefrokost er tradisjon på Gjenbruksbutikken i Molde og på Luciadagen ble det både opptog, mat og sang.
Les mer

Hyggeleg advents-og medarbeidarfest for Gjenbruk i Ålesund

Dei fleste frivillege på Gjenbruk i Ålesund ville gjerne vere med på denne festen i Borgund menighetshus.
Les mer

Ny Gjenbruksbutikk på Sunndalsøra!

Torsdag 28. november klokka 12 åpnet NMS Gjenbruk ny butikk på Sunndalsøra med taler, snorklipping, kaffe og kake og selvsagt kleshandel.
Les mer

Innholdsrik misjonshelg på Røbekk

Misjonsforeningene i Molde hadde sin tradisjonsrike misjonshelg i november, med misjonsfest lørdagskvelden og misjonsgudstjeneste søndag 17. november. Snøvær og kuling stoppet fergene over fjorden denne lørdagen, men
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp