Gi en gave
Meny
Foto: Laila Helle Last ned

Hyggeleg advents-og medarbeidarfest for Gjenbruk i Ålesund

Dei fleste frivillege på Gjenbruk i Ålesund ville gjerne vere med på denne festen i Borgund menighetshus.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Grete W. Lange fortel minner frå si barndomsjul. HEr saman med styreleiar Reidar Standal

Eit flott variert program og dyktige medarbeidarar på fleire felt. Interessant å høyre Grete Waaler Lange fortelle om juleminner frå si barndoms jul.

Ståle Godø imponerte ved å deklamere ei legende av Jakob Sande om då Moses førte israelsfolket over Rødehavet heilt utenat! Ein humoristisk overgang til neste post på programmet der Dorthe Lervik som og er medarbeider på Gjenbruk, var oppmoda til å fortelle litt frå NMS turen til Egypt som ho var med på i november.

Ho reiste saman med nokre tilsette i NMS og nokre andre frivillege her frå Sunnmøre. Dorthe vart imponert over arbeidet og korleis NMS jobba; og det var veldig kjekt å få oppleve og sjå dette arbeidet på nært hald som også Gjenbruk er med på.

Dorthe Lervik og Ståle Godø

Ho trakk spesielt fram møte med Bibelselskapet, Sat-7 og retreatsenteret til Biskop Thomas, Anafora, som ligg ute i ørkenen! I tillegg var det spesielt interessant for Dorthe og mannen å endeleg få sett og besøkt biblioteket i Alexandra som er teikna av arkitektar frå Norge.

God mat var medbringa, ulike salater og deilige kaker og MRF-sveler til dessert!

I tillegg til å synge jule- og adventsongar, så hadde Reidar Standal laga ein julesong-quiz som vi fekk bryne oss på etter måltidet!

Tusen takk til alle frivillege på NMS Gjenbruk i heile regionen!

 

 


Nyheter

Kvifor er du engasjert i misjon og NMS?

Regionstyret saman med dei tilsette i region Møre inviterte til regional samling mandag 26. mai for representanter fra områdeutvalga, gjenbruksbutikkane, leirstaden Kjeldsund og NMSU. Dei 23 som kom representerte då alle "arbeidsgreinene" i regionen. Kvelden vart leia av regionstyreleiar Olav Gading.
Les mer

Suksess for NMS Gjenbruk Volda - bytta lokasjon

Fredag 1. november var det stor stas i Volda. Etter fleire år med jakt etter nye lokaler, kunne NMS Gjenbruk Volda åpne ny butikk midt mellom Campus og Studentsamskipnaden.
Les mer

Medarbeiderfrokost i Gjenbruksbutikken

Julefrokost er tradisjon på Gjenbruksbutikken i Molde og på Luciadagen ble det både opptog, mat og sang.
Les mer

Hyggeleg advents-og medarbeidarfest for Gjenbruk i Ålesund

Dei fleste frivillege på Gjenbruk i Ålesund ville gjerne vere med på denne festen i Borgund menighetshus.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp