Gi en gave
Meny
Foto: Marit Neset / PILOT: Kristine Byberg er sjef for NMS Gjenbruk Sola, den første butikken som opna dørene 11.11. 1998. Last ned

– Det har vore eit eventyr

Den 11.11 klokka 11 for 25 år sidan skjedde det noko historisk i Rema 1000 sitt bygg i Solakrossen då NMS opna sin aller første gjenbruksbutikk.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

JUBILANT: I år feirer NMS Gjenbruk at det er 25 år siden den første gjenbruksbutikken ble åpnet. I den anledning gis det ut et ekstranummer av Misjonstidende med mye kjekt lesestoff om gjenbrukseventyret.

– Sjå det været. Og vi står inne og får det knapt med oss, ler butikksjef Kristine Byberg som saman med 40 andre frivillige ofrar meir enn dei fleste tenker over.

Dei kunne nytt pensjonisttida i ein solvegg, men i staden blir det tallause timar inne, under lysekroner, blant Figgjo–servise, bøker og porselen.

– Men det er jo fordi vi har det så utruleg kjekt saman, legg butikksjefen til.

Den 350 kvadratmeter store butikken som lyser mot deg når du kjem til Sola sentrum, når stadig nye høgder. Nye 70–åringar kjem innom og vil jobbe, og omsetninga kan måle seg med gjenbruksbutikkar som er langt større.

Gjenbrukseventyr

Butikksjef Kristine tek oss med til Gunnar Eikeland, ein primus motor då pilotprosjektet i Sola tok form i 1998.

(Klikk på faksimilen under for å lese i stort format)

Faksimile fra Solabladet 26. november 1998.

– Det har vore eit eventyr, seier 88-åringen som var butikksjef i 15 år før Kristine tok over roret.

– Rune Rasmussen, leiar for NMS Noreg, var inspirert av Sudanmisjonen i Danmark og ville teste dette ut i Noreg, mimrar Eikeland og innrømmer at han var skeptisk.

Det var han ikkje aleine om.

– Vi hadde jo Fretex. Trødde vi i deira bed? Var det pengar i dette? Ville folk verkeleg kjøpe brukte ting?

Spørsmåla var mange, men svare skulle overraske dei. For lite visste dei kva denne spede byrjinga skulle føre til av fellesskap, frivilligheit, folkehelse og ikkje minst pengar til misjonsprosjekta.

Inspirert på Danskebåten

Rune Rasmussen tek med seg Gunnar og fleire andre frå Sola til Danmark på inspirasjonstur. Her blir skepsis til inspirasjon.

– Det var som ei vitamininnsprøyting. Vi såg kor mykje pengar dei samla inn til misjon, og eg hugsar ein fortelje at dei frivillige hadde det så kjekt at han nesten måtte bære dei ut på slutten av dagen, ler Eikeland.

NMS vel å lytte til den inspirerte gjengen. Eit lite lokale utan vindauge i Rema 1000–bygget i sentrum blir prøvekanin.

– I byrjinga var det vanskeleg å få med folk, men snart opplevde vi det danskane fortalde om, at folk fekk eit fellesskap, samstundes som dei gjorde noko kjekt og meiningsfylt saman, fortset Eikeland.

Gradvis fyllest butikken med frivillige, varer og kundar. Konseptet veks frå Bodø til Lindesnes, og resten er historie.

Miljøvernpris og millionar

Den vesle butikken blir stadig meir populær.

– I 2008 fekk vi miljøvernprisen i Sola kommune. Butikken bidrog til mindre bruk og kast, fortel Byberg.

Varene som kjem inn ber preg av at dei bur midt i oljerikdommen. Her kjem det sølvlysestakar, kunst og dyre porselensfigurarar som trekk til seg oppkjøparar og gode kundar.

– I 2013 treng Rema 1000 plassen sjølv, og gjenbruksbutikken må flytte, hugsar Eikeland.

Saman med styret finn han nytt lokale i Rådhusveien, der butikken blir verande fram til 2020, for så å flytte til dagens lokale i Solakrossen 14.

– Her fekk vi endeleg store vindauge ut mot gata som snart vart fylte av skattar. Vi byrja å selje kle, og omsetninga auka raskt, fortel Byberg og legg til at trenden stig framleis.

– Årsrapporten for 2022 viser brutto omsetning på 1,8 millionar.

Treng biblar

– Kva som sel best skiftar stadig, og salet aukar når vi fornyar noko. No er det «ting og tang» som er mest populært, så kjem kle, møblar og bøker, fortel butikksjefen og legg til at bokstanden ved hovudinngangen trekk litteraturinteresserte kundar som også søker historias mest leste bok.

– Biblar av alle årgangar, forlag eller språk, er aktuelle. Vi etterlyser konstant biblar på Facebook–sida vår.

– I kva grad er butikken eit misjonsprosjekt i seg sjølv?

– Før hadde vi ein kaffekrok, noko som ikkje fungerte heilt her. Salet auka kraftig samstundes som det sosiale åt opp all tida vår. Vi måtte prioritere annleis. Heldigvis har vi Sola kyrkje like borti gata som har ope to gonger i veka. Den er eit godt alternativ for dei som har behov for meir sosial kontakt, svarer Byberg og legg til at beteninga er flinke til å fortelje kva pengane går til.

– NMS er ein kjent organisasjon for mange, kanskje grunna ei bestemor som var med i ei misjonsforeining. Pengane du legg igjen hos oss går til dei fattigaste av dei fattige, og evangeliet er det største og beste vi kan bli med å formidle.

– Korleis skal de feire jubileumsdagen 11. november?

– Det blir i alle fall kake i butikken til alle kundar som kjem innom. Og på kvelden skal alle som har jobba i butikken inviterast til middag og fest.

MIMRING: Gunnar Eikeland var ein primus motor då gjenbrukseventyret starta i 1998. Foto: Helene Reite Uglem


Nyheter

Medarbeiderfrokost i Gjenbruksbutikken

Julefrokost er tradisjon på Gjenbruksbutikken i Molde og på Luciadagen ble det både opptog, mat og sang.
Les mer

Hyggeleg advents-og medarbeidarfest for Gjenbruk i Ålesund

Dei fleste frivillege på Gjenbruk i Ålesund ville gjerne vere med på denne festen i Borgund menighetshus.
Les mer

Ny Gjenbruksbutikk på Sunndalsøra!

Torsdag 28. november klokka 12 åpnet NMS Gjenbruk ny butikk på Sunndalsøra med taler, snorklipping, kaffe og kake og selvsagt kleshandel.
Les mer

Innholdsrik misjonshelg på Røbekk

Misjonsforeningene i Molde hadde sin tradisjonsrike misjonshelg i november, med misjonsfest lørdagskvelden og misjonsgudstjeneste søndag 17. november. Snøvær og kuling stoppet fergene over fjorden denne lørdagen, men
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp